Hopp til innhold
X
Innhald

Dalai Lama

Dalai Lama er namnet på det tradisjonelle overhovudet for den største buddhistiske retninga i Tibet. Noverande Dalai Lama mottok Nobels Fredspris i 1989.

Dalai Lama er namnet på det tradisjonelle overhovudet for den største buddhistiske retninga i Tibet. Frå 1642 til 2011 var overhovudet òg politisk leiar.  I dag er Dalai Lama ein andeleg leiar, medan eksilregjeringa har ein vald statsminister.
 
Den regjerande Dalai Lama, Tenzin Gyasto som er fødd i 1935, flykta i 1959 frå Lhasa til fjellbyen Dharamsala i India. Der er han åndeleg leiar for dei om lag 100 000 tibetanarane i eksil.  Tenzin Gyasto er den 14. Dalai Lama.
 
Foto: Christopher Michel, flickr.com CC BY 2.0
 
Foto: Christopher Michel, flickr.com CC BY 2.0
 
Dalai Lama er i tibetansk religion ein inkarnasjon av Chenresi, som vert sett på som stamfaren til tibetanarane. Når Dalai Lama døyr, vert det leita etter ein ny Dalai Lama, eit barn med spesielle eigenskapar. Dalai Lama er munk og lever i sølibat.
 
Dalai Lama representerer ein buddhistisk ikkje-valds-filosofi, ein sterk humanisme med menneskeverd i sentrum. Den noverande Dalai Lama har engasjert seg internasjonalt for verdsfred.
 
Kina har okkupert Tibet sidan 1950. Det har vore aktivt diplomati for forhandlingar med Beijing frå 1987, men Dalai Lama er ikkje anerkjend av Kina, og får heller ikkje reise til Tibet.

Dalai Lama fekk Nobels fredspris i 1989.
 
Dalai Lama gjestar Sametinget i 1989. Foto: Harry Johansen, Sametinget CC BY 2.0
 
Dalai Lama gjestar Sametinget i 1989. Foto: Harry Johansen, Sametinget CC BY 2.0
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.04.2017