Hopp til innhold
X
Innhald

Dansketida

Dansketida er namnet på perioden då Noreg var i union med Danmark, frå 1380 til 1814. Det norske riket miste sjølvstendet sitt, men det finst ulike tolkingar av korleis dette påverka det norske samfunnet.

I 1380 fekk Noreg felles monark med Danmark, og under Kalmarunionen (1397 til 1523) omfatta fellesskapet i periodar også Sverige. Etter å ha vunne den danske borgarkrigen i 1536 bestemte kong Kristian 3. seg for å avskaffe Noreg som sjølvstendig rike. Året etter hærtok han Trøndelag, og Olav Engelbrektsson, den norske erkebiskopen, som hadde vore reell riksstyrar i Noreg dei siste åra, vart jaga ut av landet. I samband med dette vart reformasjonen innført i Noreg og den katolske kyrkja avskaffa. Frå 1660 styrte dei danske kongane eineveldig, men i 1814 kom Noreg i union med Sverige, etter at napoleonskrigane tok slutt. Eidsvollsgrunnlova slo fast at Noreg skulle vere eit fritt, uavhengig og udeleleg kongerike.

Eidsvold 1814. Kjelde: Teigens Fotoatelier a/s/Stortinget. Inventarnr. STO.K.04779. Henta frå digitaltmuseum.no, lisens CC PDM, falle i det fri.

Eidsvold 1814. Kjelde: Teigens Fotoatelier a/s/Stortinget. Inventarnr. STO.K.04779. Henta frå digitaltmuseum.no, lisens CC PDM, falle i det fri.

Historikarar er usamde om kor bra dansketida var for Noreg si utvikling. Særleg under nasjonsbygginga på 1800-talet vart perioden rekna som ei mørk tid i noregshistoria, populært kalla «firehundreårsnatta». Viktige institusjonar som handelsmonopol, bankar, universitet og statsadministrasjon var alle plasserte i København. Dansk vart det nye skriftspråket, og økonomien vart styrt frå Danmark. Somme meiner at overskotet frå det norske næringslivet i denne perioden i stor grad hamna på Sjælland. Andre hevdar at dette var den største veksttida Noreg til då hadde opplevd, og at dei norske bøndene hadde ei friare stilling og lågare skatt enn i noko anna land i Europa.

Kjelder

Esben Albrectsen, Ståle Dyrvik, Ole Feldbek og Øystein Rian: Danmark-Norge. 1380–1814, (4 bind). Oslo 1997–98

Sverre Bagge og Knut Mykland: Norge i dansketiden. 1380–1814. Oslo 1987

Steinar Imsen: Noregs nedgang. Oslo 2002

Kåre Lunden: Noregs landbrukshistorie II. 1350–1814. Frå svartedauden til 17. mai. Oslo 2002

Peikarar

Steinar Brandslet: «Myten om 400-årsnatten», aftenbladet.no https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/v9RnL/myten-om-400-aarsnatten

Ida Kvittingen: «Hvorfor gjorde vi ikke opprør mot danskekongen?», forskning.no https://forskning.no/historie/hvorfor-gjorde-vi-ikke-oppror-mot-danskekongen/535650

Universitetet i Oslo: «Dansketiden: Norge 1500–1800», norgeshistorie.no https://www.norgeshistorie.no/aktuelt/tema/dansketiden.html

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 28.11.2019