Hopp til innhold
Ei av sidene i boka «Herbarium. Sjakkproblem» (Volda 1970), skrive av David Hjelle.
Ei av sidene i boka «Herbarium. Sjakkproblem» (Volda 1970), skrive av David Hjelle.
X
Innhald

David Hjelle

David Hjelle, lektor og produktiv komponist av sjakkproblem.

David Hjelle var fødd i Volda 10. juni 1903 og døydde same staden 29. oktober 1978. Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1923 og studerte så ved Universitetet i Oslo, der han vart cand.real. i 1932. Same året vart han tilsett som lektor ved Volda gymnas, der han underviste i matematikk og fysikk til han gjekk av med pensjon i 1970.

Hjelle vart tidleg sjakkinteressert og spesialiserte seg på å komponere sjakkproblem, det vil seie oppkonstruerte stillingar der kvit skal setje svart matt i to trekk, og det gjeld å finne det eine trekket som fører til målet. («Matt i tre trekk» er heller ikkje så uvanleg, men fleire trekk enn det er sjeldan.) Han debuterte som problemkomponist i 1925 og var gjennom resten av livet svært produktiv, med over 1000 komposisjonar. Nokre av dei vart premierte i internasjonale tevlingar.

Elles redigerte han sjakkspalter i fleire blad, der han presenterte sjakkproblem: Allers, Nynorsk Vekeblad, Dag og Tid og lokalavisa Møre i Volda. I 1970 gav han ut Herbarium. Sjakkproblem på eige forlag, med eit stort utval av sine eigne problem. For innsatsen sin på dette feltet fekk han kongens fortenestmedalje i sølv.

Kjelder

Espen Backe: Caïssas trollbundne. Problemsjakk i Norge gjennom tidene, Norsk Problemsjakklubbs skriftserie, bd. 2. Holmestrand 2007

David Hjelle: Herbarium. Sjakkproblem. Volda 1970

Olav Riste og Oddvin Øvrelid (red.): Volda gymnas 1910–1935. Volda 1935

Peikarar

David Hjelle: Herbarium. Sjakkproblem. Volda 1970. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 31.07.2010
Sist oppdatert: 27.11.2018