Hopp til innhold
X
Innhald

D.D.E.

D.D.E. er ei prisløna trønderrockgruppe frå Namsos som har vorte svært populære med den folkelege og energiske festmusikken sin. Dei syng på trønderdialekt.

D.D.E. vart etablert i Namsos i Nord-Trøndelag i 1991. Forløparen til D.D.E. var popgruppa After Dark (1984–91), som spela engelskspråkleg musikk på festlokala rundt om i Trøndelag. Etter kvart bestemte gruppa seg for å satse på musikken, og dei ville syngje på norsk. Dei første ti åra bestod D.D.E. av Bjarne Brøndbo (vokal, trekkspel, munnspel, piano), Eskil Brøndbo (trommer), Frode Viken (gitar), Arnt Egil Rånes (gitar), Eivind Berre (bass), Bård Jørgen Iversen (tangentinstrument) og Terje Tranaas (tangentinstrument). Tranaas gav seg i 2002, og gruppa har sidan hatt ei besetning på seks medlemer. Frode Viken døydde i 2018 og vart erstatta av sonen Daniel Viken.
(Artikkelen held fram under biletet)
D.D.E. 2014. Bård Jørgen Iversen, Eivind Berre, Bjarne Brøndbo, Eskil Brøndbo, Arnt Egil Rånes og Daniel Viken (vikar for Frode Viken). Foto: Line Berre/dde.no
D.D.E. 2014. Frå venstre: Bård Jørgen Iversen, Eivind Berre, Bjarne Brøndbo, Eskil Brøndbo, Arnt Egil Rånes og Daniel Viken (den gongen vikar for Frode Viken). Foto: Line Berre/dde.no
I 1992 gav D.D.E. ut singelen «Flamma». Det første albumet dei laga, var Rai-Rai (1993). Albumet vart selt i om lag 35 000 eksemplar. Gruppa slo for alvor igjennom i 1995, med livealbumet Det e´ D.D.E, som vart selt i 122 000 eksemplar. Året etter kom albumet Det går likar no, med 270 000 selde eksemplar, og heile 200 000 publikumarar møtte opp i løpet av 150 konsertar gjennom ein landsomfattande turné.
Gruppa har gitt ut tretten album, det siste med tittelen Energi (2012). I tillegg har dei vore med på fire samlealbum, mellom anna på Frelsesarmeens juleplate (1998). Albuma er til saman selde i om lag 1,5 millionar eksemplar. Nokre av dei mest spela songane til D.D.E. er «Rai-Rai» (1993) «Vinsjan på kaia» (1993), «By’n æ bor i» (1994), «Rompa mi» (1996), «Leia e livet» (1998), «Det fine vi hadd sammen» (2000) og julesongar som «Englespellet» (1999) og «Shanty for sjømannskirka» (1999).
D.D.E. vart Årets spelemann i 1996, og dei fekk Nord-Trøndelags kulturpris i 2002. 30. mars 2019 fekk bandet Spellemannprisens heiderspris. 
(Artikkelen held fram under biletet)
Foto: D.D.E. i 2013. Kredit: Marte A. Vannebo,
Foto: D.D.E. i 2013. Kredit: Marte A. Vannebo, www.dde.no (pressefoto)
 

Trønderrock

D.D.E. vidarefører den musikalske arven frå namsosingane Åge Aleksandersen og Terje Tysland gjennom å spele trøndersk dialektrock og gjennom å søkje inspirasjon i norsk tradisjonsmusikk, der mellom anna trekkspelet er eit naturleg innslag. D.D.E. kombinerer energisk og enkel festmusikk med tekstar på dialekt. I dei første åra hadde D.D.E. med seg Åge Aleksandersen som plateprodusent og Idar Lind som tekstforfattar. Lind har skrive tekst til nokre av dei mest spela songane til D.D.E., mellom anna «Vinsjan på kaia» (1993) og «E6» (1996). Elles har gitarist Frode Viken skrive dei aller fleste tekstane og melodiane til gruppa.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Vinsjan på kaia» med tekst.
Trønderrockgruppa formidlar songar som passar til alle aldersgrupper. Musikken deira handlar om festliv, kjærleiksliv og kvardagsliv. Tekstane har ein bodskap som publikum kjenner seg att i. Songane til D.D.E. vert nytta i mellom anna bryllaup og utdrikkingslag. Dei nyttar humor og alvor i tekstane når dei skildrar utfordringar som folk i bygde-Noreg opplever i livet. Songen «Det fine vi hadd sammen» er mykje brukt i gravferder. D.D.E. har òg eit solid grep om jula, både gjennom eigne juleklassikarar og ei omfattande turnéverksemd i adventstida.

Har selt halvannan million album

D.D.E. har i tillegg til albumsal og konsertar gitt ut songboka Her bli det liv (2002) og fleire turnévideoar, og dei har lansert ein eigen konjakk, D.D.E. Xo Likar Cognac.
Frontfigur Bjarne Brøndbo er ein viktig stemningsskapar under konsertane til D.D.E. Han er intenst til stades på scenen, med trekkspel, munnspel og energisk vokal. Brøndbo har òg gjort karriere på teaterscena, med hovudrolla i musikalen Purpur og gull på Trøndelag Teater (2004). I tillegg har han gitt ut to soloalbum.
Musikken til D.D.E. har nådd ut til eit stort publikum gjennom albumsal og konsertar. Namsosgruppa er ei av dei mest populære musikkgruppene i norsk pop- og rockhistorie.
 

Kjelder

Ole Jacob Hoel: Endelig vart det helg. Oslo 2002
Nettstaden til D.D.E., dde.no: http://www.dde.no/ [lesedato 29.11.2013]
Biografi på rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/artister/dde-51156/# [lesedato 29.11.2013]
Sonia Uppal: «Årets hederspris til D.D.E: Dediserte prisen til Frode Viken», nrk.no, sist oppdatert 31.3.2019: https://www.nrk.no/kultur/arets-hederspris-til-d.d.e_-dediserte-prisen-til-frode-viken-1.14496968 [lesedato 1.4.2019]

Først publisert: 29.10.2014
Sist oppdatert: 02.04.2019