Hopp til innhold
X
Innhald

Dei paralympiske leikane – paralympics

Dei paralympiske leikane er olympiske leikar for parautøvarar, menneske med funksjons- eller synsnedsetjingar. Paralympics blir i dag arrangert i etterkant av dei olympiske leikane, i same byen. Paralympics er blant dei største sportsarrangementa i verda.

Dei første paralympiske leikane blei arrangerte i samband med sommar-OL i Roma i 1960. 400 parautøvarar frå 23 land deltok. Frå og med Seoul-OL i 1988 er paralympics blitt arrangert fast i same by som dei olympiske sommarleikane. Dei første paralympiske vinterleikane kom på programmet i Örnsköldsvik i Sverige i 1976. Frå og med OL i Albertville i 1992 har paralympiske leikar også blitt arrangerte i samband med vinter-OL.

Klassifisering og kategorisering

For å gjere konkurransar mellom utøvarar med funksjons- eller synsnedsetjing rettferdige nyttar ein klassifisering. Utøvarar kan delta ut frå eigne føresetnader og konkurrere mot utøvarar med tilnærma lik funksjonsgrad. Ein blir klassifisert etter i kva grad ein kan fungere i idretten, ikkje ut i frå eventuelle diagnosar. Ein kan bli klassifisert etter anten grad av nedsett høyrsel, syn eller rørsle eller i kva grad ein er utviklingshindra. Klassifiseringa følgjer internasjonale standardar i kvar av idrettane, og ein nyttar mellom anna legeerklæring for å dokumentere grad av funksjons- eller synsnedsetjing. Ein utøvar med nedsett høyrsel må til dømes dokumentere høyrselstap på minst 55 db PTA på det beste øyret.

Det er i alt seks kategoriar av funksjonsnedsetjingar: amputasjonar, cerebral parese, utviklingshindring, rullestol, synsnedsetjing – og les autres, det vil seie parautøvarar som ikkje kjem inn under nokon av dei fem første kategoriane. Det gjeld til dømes utøvarar som er kortvaksne eller har multippel sklerose, leddskadar eller leddsjukdomar. Det er ikkje alle idrettar som tillèt alle seks kategoriane.

Idrettar på programmet

I dei paralympiske sommarleikane konkurrerer ein i idrettane badminton, bogeskyting, boccia, parafriidrett, padling, sykling, sprangriding, kanopadling, fotball five-a-side, målball (goalball), judo, paravektløfting, roing, skyting, sitjande volleyball, parasymjing, bordtennis, taekwondo, triatlon, rullestolbasketball, rullestolfekting, rullestolrugby og rullestoltennis. I dei paralympiske vinterleikane konkurrerer ein i alpint, ishockey, skiskyting, langrenn, rullestolcurling og snowboard.

Noreg og paralympics

Noreg har historisk gjort det godt i vinterutgåva av paralympics og står som tredje mestvinnande nasjon når det kjem til medaljar. Ragnhild Myklebust er den mestvinnande utøvaren i dei paralympiske vinterleikane gjennom tidene, med i alt 27 medaljar, der 22 av dei er gull. Ho deltok i paralympics mellom 1988 og 2002 i idrettane langrenn, skiskyting og ispigging.

Sarah Louise Rung tek gull på 100 meter bryst under Paralympics i Rio 2016. Foto: Caroline D. Wendelborg, flickr.com CC BY-SA 2.0.

Sarah Louise Rung tek gull på 100 meter bryst under Paralympics i Rio 2016. Foto: Caroline D. Wendelborg, flickr.com CC BY-SA 2.0.

Noreg har òg gjort det sterkt i paralympiske sommarleikar, og då særleg i friidrett og symjing. Erling Trondsen tok i alt 20 medaljar i symjing mellom 1976 og 1992, medan Cato Zahl Pedersen tok gull både i både sommar- og vinterutgåva mellom 1980 og 1994 – sju gull i alpint og langrenn, og seks gull i friidrett.

Talet på utøvarar i dei paralympiske leikane aukar stadig. I sommarleikane i Rio de Janeiro i 2016 var det i alt 4328 utøvarar frå til saman 160 land, og 23 av dei kom frå Noreg. I vinterleikane i Pyeongchang i 2018 var det til saman 567 utøvarar, frå i alt 49 land. Den norske troppen var på 32 utøvarar.

Kjelder

Den internasjonale paralympiske komité: «Classification explained», paralympic.org: https://www.paralympic.org/classification [lesedato 12.8.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Cato Zahl Pedersen», paralympic.org: https://www.paralympic.org/cato-zahl-pedersen [lesedato 1.10.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Erling Trondsen», paralympic.org: https://www.paralympic.org/erling-trondsen [lesedato 1.10.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «History of the paralympic movement», paralympic.org: https://www.paralympic.org/the-ipc/history-of-the-movement [lesedato 12.8.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Ragnhild Myklebust», paralympic.com: https://www.paralympic.org/ragnhild-myklebust [lesedato 1.10.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Norway», paralympic.com: https://www.paralympic.org/norway [lesedato 12.8.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Summer paralympic games overview», paralympic.org: https://www.paralympic.org/paralympic-games/summer-overview [lesedato 12.8.2019]

Den internasjonale paralympiske komité: «Winter paralympic games overview», paralympic.org: https://www.paralympic.org/paralympic-games/winter-overview [lesedato 12.8.2019]

Noregs idrettsforbund: «Klassifisering», idrettsforbundet.no: https://www.paraidrett.no/klassifisering/ [lesedato 12.8.2019] 

Noregs idrettsforbund: «Hva er klassifisering» idrettsforbundet.no: https://www.idrettsforbundet.no/globalassets/paraidrett/klassifisering/8_17_klassifisering_plakater-x-11.pdf [lesedato 6.10.2019]

Ryan Wilson: «PyeongChang 2018: Ragnhild Myklebust recalls glory days», paralympic.org: https://www.paralympic.org/news/pyeongchang-2018-ragnhild-myklebust-recalls-glory-days [lesedato 1.10.2019]

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 13.12.2019