Hopp til innhold
X
Innhald

Demografi

Demografi er det same som befolkningslære. Det er eit eige fagfelt, som studerer mellom anna samansetjing, storleik og geografisk fordeling i ei befolkning.

Demografi er sett saman av dei greske orda demos, som tyder «folk», og graphein, som tyder «skrive». Demografar, dei som arbeider innanfor fagfeltet, hentar inn store mengder opplysningar, som vert til statistikk over befolkningsstrukturen. Strukturen syner til dømes alder, fordeling mellom menn og kvinner eller om folk er sambuande, gifte eller single. Gjennom opplysningane som vert henta inn, fangar dei òg opp det som endrar på strukturen, til dømes fødselstal, dødstal, giftarmål og flytting.

Demografane prøver så å sjå samanhengar mellom befolkningsutviklinga og andre tilhøve i samfunnet. Politiske, økonomiske og sosiale tilhøve påverkar liva til folk på ein måte som fører til endringar i demografien. For demografane er det viktig å prøve å fange opp kva som er årsaker, og kva som er verknader. I Noreg er Statistisk sentralbyrå ein institusjon som driv omfattande demografisk forsking.

Demografien er i sin natur tverrfagleg og oppteken av endringar over tid. Samfunnsfaga, historie og fleire medisinske disiplinar er opptekne av demografi og demografisk utvikling.

Fleire av dei sentrale hendingane i eit liv skjer i overgangen frå ungdom til vaksen. Det å flytte heimanfrå, verte sambuar, gifte seg eller inngå partnarskap og å få barn, er alle hendingar som fører til demografiske endringar.

Eilert Sundt vert rekna som den første demografen i Noreg. På midten av 1800-talet studerte han livsvilkår og levesett i den norske befolkninga og skreiv bøker om mellom anna giftarmål og reinsemd. Det har skjedd store demografiske endringar i Noreg dei siste tiåra. I dag set vi ikkje likskapsteikn mellom det å flytte heimanfrå og det å etablere seg med eigen familie. Det er òg vanleg at førstegongsfødande mødrer er eldre enn dei var tidlegare (29,3 år i 2017), og inn- og utvandringa følgjer nye mønster.

Kjelder

Ståle Dyrvik og Bjørg Moen: Demografi som etterkrigshistorisk forskningsfelt. Etterkrigshistorisk register nr. 20. Bergen 1993

Trude Lappegård og Helge Brunborg: «Ungdom og demografi. Om endringer i demografisk atferd i overgangen fra ung til voksen», Tidsskrift for Ungdomsforskning nr. 1/2004. Digital utgåve, journals.hioa.no: https://journals.hioa.no/index.php/ungdomsforskning/article/view/1143/1012 [lesedato 2.11.2018]

Statistisk sentralbyrå: «Fakta om befolkningen», ssb.no: https://www.ssb.no/befolkning/faktaside/befolkningen [lesedato 2.11.2018]

Statistisk sentralbyrå: «Demografi og levekår», ssb.no: https://www.ssb.no/forskning/demografi-og-levekaar [lesedato 2.11.2018]

Norsk demografisk forening: «Hva er demografi?», demografi.no: http://gammelweb.demografi.no/demografi.html [lesedato 2.11.2018]

Først publisert: 14.03.2019
Sist oppdatert: 14.03.2019