Avishovudet til Den 17de Mai
Den 17de Mai.
Arne Garborg og Rasmus Steinsvik
Arne Garborg (venstre) og Rasmus Steinsvik (høgre).
Arne Garborg og Rasmus Steinsvik
Av /Nasjonalbiblioteket.

Den 17de Mai var ei norsk avisnynorsk som kom ut i Kristiania/Oslo frå 1894 til 1935. Den 17de Mai er det hittil mest vellukka forsøket på å drive ei landsdekkjande dagsavis på nynorsk. Då opplaget var på sitt høgaste, var avisa mellom dei største i landet. Rasmus Steinsvik og Arne Garborg var dei første redaktørane.

Historie

Den 17de Mai hadde ein forløpar i Fedraheimen, som kom ut frå 1877 til 1891. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik hadde vore redaktørar også i Fedraheimen, Garborg i dei første åra, Steinsvik i dei siste.

Fedraheimen blei med åra meir og meir radikal. Lesarane fall frå, og avisa måtte gå inn. Målfolket hadde likevel ikkje gitt opp draumen om ei riksavis på nynorsk, og i 1893 gjekk Garborg og Steinsvik i spissen for eit nytt forsøk.

Den 17de Mai skulle vere meir moderat og samlande og var eit meir profesjonelt, allment og allsidig blad enn Fedraheimen. Avisa blei då også ein heilt annan suksess hos lesarane. I 1911, då Den 17de Mai stod på sitt høgaste, viste offisielle tal at avisa hadde 13 729 abonnentar. Medrekna laussal hadde ho dermed eit opplag på rundt 15 000. Det var mindre enn Aftenposten og Morgenposten, om lag på nivå med Arbeiderbladet (Social-Demokraten) og Bergens Tidende, men større enn Dagbladet. Den 17de Mai var truleg også den norske avisa som hadde størst geografisk utbreiing.

I 1913 døydde Rasmus Steinsvik. I tida etterpå sleit Den 17de Mai med å halde stillinga, og i 1935 gjekk avisa inn.

Steinsvik sitt verk

Rasmus Steinsvik
Rasmus Steinsvik (bilete) var ein moderne og nytenkjande redaktør. I 1912, etter Titanic-forliset, trykte avisa såleis eit bilete av ei stor folkemengd på eit stemne, med tittelen: «So mange, 1635 menneskje, kom det burt under Titanic-ulukka.» Det er det første dømet vi kjenner på at eit fotografi blir brukt som eit sjølvstendig journalistisk verkemiddel i norsk presse. Den 17de Mai brukte også mykje kart og teikningar til å illustrere artiklane sine. Den 17de Mai skreiv også om kultur, næringsliv og sport. Arne Garborg slo an tonen alt i første nummeret med eit hyllingsdikt til idrettsungdomen. Då Lyn slo Odd i 1910 skreiv Steinsvik «Fotball tek til å koma på moden her med no».
Rasmus Steinsvik
Av .

Den 17de Mai var først og fremst sunnmøringen Rasmus Steinsvik sitt verk. Det var Steinsvik som i 1893 reiste rundt om i landet for å teikne aksjar til det nye bladtiltaket. Arne Garborg var likevel viktig i startfasen, med sin sterke posisjon som forfattar, samfunnsdebattant og ideologisk leiar for målrørsla.

Steinsvik og Garborg stod som jamstilte redaktørar dei første fire åra. Garborg fungerte mest som ein politisk redaktør, medan Steinsvik var den profesjonelle bladmannen. Frå 1897 var dei også grannar på Labråten i Asker, og Garborg heldt fram med å skrive for Den 17de Mai også etter at han var ute av redaksjonen.

Det første nummeret av Den 17de Mai kom ut 9. januar 1894. Avisa kom til å begynne med ut tre gonger i veka, men gjekk i 1898 over til å bli dagsavis. Det var eit lyft som viste seg å vere for tungt. I 1901 opplevde avisa ei krise, og etter ein konflikt med styret var Steinsvik ei tid borte frå avisa. Mot slutten av året kom han tilbake, og dei neste åra blei ei samanhengande oppgangstid.

Rasmus Steinsvik ville lage ei avis nynorsk, men ikkje så mykje om nynorsk. Den 17de Mai skulle tale nynorsken si sak, men ikkje vere fylt av lange måldebattar.

Avisa brukte mykje plass på politikk og utanriksstoff. Den fremste utanriksmedarbeidaren var i mange år seinare professor og utanriksminister Halvdan Koht, som mellom anna dekte Dreyfus-saka frå Paris i 1898, ein stor politisk skandale der ein jødisk offiser blei uskuldig dømd for landssvik. Den 17de Mai skreiv også om kultur, næringsliv og sport. Arne Garborg slo an tonen alt i første nummeret med eit hyllingsdikt til idrettsungdomen.

På parti med tidsånda

Den 17de Mai
.

Steinsvik var ein moderne og nytenkjande redaktør. I 1912, etter Titanic-forliset, trykte avisa såleis eit bilete av ei stor folkemengd på eit stemne, med tittelen: «So mange, 1635 menneskje, kom det burt under Titanic-ulukka.» Det er det første dømet vi kjenner på at eit fotografi blir brukt som eit sjølvstendig journalistisk verkemiddel i norsk presse. Den 17de Mai brukte også mykje kart og teikningar til å illustrere artiklane sine.

Politisk la Den 17de Mai seg på ein meir moderat profil enn Fedraheimen, sjølv om både Steinsvik og Garborg stod for ei tydeleg Venstre-linje. Mykje av suksessen til avisa kan truleg forklarast med at ho var på parti med tidsånda i fleire viktige spørsmål.

I politikken overfor unionspartnaren Sverige stod avisa for ein radikal sjølvstendepolitikk, som vann fram med unionsoppløysinga i 1905. Den 17de Mai førte også ein kampanje for at Noreg skulle bli republikk, men dagen etter folkerøystinga som gav fleirtal for kongedømet, måtte Steinsvik kort konstatere at «me tapte».

Den 17de Mai var ein forkjempar for den gryande velferdsstaten. Avisa støtta teknisk modernisering, samvirketiltak og konsesjonslover som skulle sikre at fossar og kraftanlegg blei verande på norske hender. Kultursynet var liberalt. Steinsvik skreiv mellom anna ei sterk lovprising av Edvard Munch, som på den tida var ein svært omstridd kunstnar.

Det var høgt under taket i redaksjonen. Ved fleire høve debatterte Garborg og Steinsvik med kvarandre i spaltene.

Første og siste nummer av avisa
Første nummer 9. januar 1894 til venstre. Siste nummer 15. mars 1935 til høgre.
Første og siste nummer av avisa
Av .

Nedgangstid

Etter at Steinsvik døydde i 1913, vart Andreas Haavoll (1913–1917, først aleine og deretter medstyrar saman med Skogen i 1916 og deretter med Hamre 1916–1917), Ketil Skogen (1914–1916), Anders Hamre (1916–1927) og Einar Breidsvoll (1927–1935) redaktørar.

Avisa blei dagsavis att i 1916 og var framleis viktig for målrørsla, men greidde over tid ikkje å halde på den posisjonen ho hadde hatt. Ei viktig årsak var at ho etter kvart fekk konkurranse om lesarane frå ei rekkje nye nynorske lokalaviser rundt om i landet.

Då Den 17de Mai gjekk inn i 1935, blei Norsk Tidend grunnlagt som etterfølgjar. Norsk Tidend greidde ikkje å etablere seg som ei allmenn nyhendeavis, og er i dag medlemsblad for Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dalhaug, Ole (1997): Den 17de Mai. Rasmus Steinsvik 1863–1913. Oslo
  • Fidjestøl, Alfred (2014): Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Grepstad, Ottar (2010): «Utskild og integrert. Nynorsk presse 1880–1945», Norsk Presses Historie, bind 2. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar (1)

skreiv Morten Seip

Hei."Den 17.mai" bør være eget oppslagsord!!Avisens politiske og ikke minst språkpolitiske betydning er fraværende.Debatten fra 1880-tallet om Norges stilling som fri nasjon er like aktuell i dag som dengang.Hulda Garborgs innsats er likeledes fraværende - trist ut fra et likestillingsståsted.God kilde: Arnhild Skre: Hulda Garborg.Nasjonal strateg.MvhMorten Seip

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg