Hopp til innhold

Den nordiske sjuårskrigen (1563–1570)

Den nordiske sjuårskrigen varte frå 1563 til 1570. To unge nordiske kongar gjekk til krig for å knekkje kvarandre, mot bønder og adelsmenn sin vilje. Dei sju åra med krig førte til store lidingar, men ingen store politiske endringar.

Etter oppløysinga av Kalmarunionen i 1523 hadde tvistar mellom Sverige og Danmark-Noreg vore løyste gjennom forhandlingar. Samtidig stakk hatet mellom kongehusa djupt. I 1559–60 fekk begge rika nye kongar, som ville føre ei meir krigersk linje. Svenske Erik 14. rusta sterkt opp og erobra Estland i 1561. Danske Fredrik 2. mobiliserte likeins og inntok Ditmarsken i 1560. I 1563 snudde dei våpena mot kvarandre, trass i kraftig politisk motstand i Danmark. Begge overdreiv makta si. Erik 14. hadde håp om å ta store norske landområde, Fredrik 2. håpte å føre Sverige tilbake i Kalmarunionen. Begge ville kontrollere Austersjøen.

Tidleg erobra Fredrik 2. Älvsborg festning, svenskane si einaste hamn i vest. Svenskane svarte med å hærta Trondheims len, Jemtland og Herjedalen i 1564. Fleire ønskte dei velkomne som frigjerarar, særleg i Trondheim, bastionen for det norske opprøret tretti år tidlegare. Bøndene var uvillige til å slåst, ein mangla våpen, og forsvaret var dårleg organisert. I 1567 rykte svenske troppar fram på Austlandet og kringsette Hamar og Oslo.

Svenske soldatar fór hardhjarta fram. I Rønneby vart 2000 sivile massakrerte i 1564, kvinner og ungar vart hogne ned. «Vattnet i älven var rött av blod utav de döde kroppar», skrytte Erik 12. etterpå. Fleire massakrar følgde. Overgrepa vart nytta i den dansk-norske propagandaen.

Dermed snudde stemninga mot svenskane. I felttoga både i 1564 og 1567 tvinga lensherren på Bergenhus, Erik Rosenkrantz, dessutan vestlendingane til å slå svenskane tilbake. I Oslo og Sarpsborg sette innbyggjarane sjølve byen i brann, for å drive svenskane ut. Materielt var den nordiske sjuårskrigen den mest øydeleggjande svensk-danske krigen.

Erik 14. var plaga av schizofreni. Det svekte krigsinnsatsen. Då han byrja å avrette fleire adelsmenn, vaks motstanden. I 1568 vart han avsett i eit opprør. Kongen hadde lukkast godt med å byggje opp hæren, men greidde ikkje å skaffe Sverige gode allierte. Fredrik 2. hadde lukkast betre, med Polen-Litauen og hansabyen Lübeck som forbundsfellar, ei frukt av tidlegare diplomati og svensk aggresjon.

Danmark-Noreg stod sterkast etter freden i Stettin i 1570, men ingen av statane hadde vunne avgjerande sigrar. Trass i store lidingar og tap av mange tusen menneskeliv førte fredsavtalen berre til mindre svenske innrømmingar. Det danske riksrådet fekk på ny gjennomslag for ei forhandlingslinje i utanrikspolitikken. Det Sverige lærte, var at dei måtte halde fram med militariseringa.

 

Kjelder

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014032406025

Geir Atle Ersland og Terje H. Holm: Krigsmakt og kongemakt 900–1814, bd. 1 av Norsk forsvarshistorie. Bergen 2000. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013011407018

Øystein Rian: Den aristokratiske fyrstestaten 1536–1648, bd. II av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1997. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008071400084

Først publisert: 20.11.2020
Sist oppdatert: 20.11.2020