Bolivia, Amazonas 1990
Svedjejordbruk i eit avgrensa område av den tropiske regnskogen i Amazonas.
Bolivia, Amazonas 1990
Av /Lillebror - knutepunkt for kritisk dokumentasjon.

Klima- og skoginitiativet er eit tiltak frå norske styresmakter for å samarbeide med utviklingsland om å stanse øydelegginga av regnskogane i verda, og dermed redusere utsleppa av klimagassar frå avskoging. Satsinga har gjort Noreg til ein internasjonal pådrivar for regnskogbevaring, men resultata har vore usikre.

Faktaboks

Også kjend som

Regnskogsatsinga

Noregs internasjonale klima- og skogsatsing

Det norske klima- og skoginitativet

Den norske klima- og skogsatsinga

Engelsk: Norway's International Climate and Forest Initiative

Norske styresmakter reknar bidraget til å verne tropisk regnskog som eitt av sine viktigaste internasjonale tiltak for å motverke klimaendringar. Samtidig skal det bidra til å stanse tapet av biologisk mangfald, og sikre livsgrunnlaget for nokre av verdas fattigaste. Reduksjon av avskoging som klimatiltak blir ofte omtala med forkortinga REDD+.

Bakgrunn

Den norske klima- og skogsatsinga, KoS, vart kunngjord av statsminister Jens Stoltenberg i samband med dei internasjonale klimaforhandlingane på Bali i desember 2007. Gjennom KoS samarbeider Noreg med utviklingsland og med internasjonale organisasjonar som FN og Verdsbanken for å hindre øydelegging av regnskog.

Årsakene til avskoginga i verda er samansette, og satsinga består derfor av ulike tiltak i mange land. Fram til 2030 planlegg Noreg å nytte inntil 3 milliardar kroner årleg, til saman fleire titals milliardar kroner over bistandsbudsjettet for å redusere utslepp frå avskoging i utviklingsland. Dette blir gjort for å redusere press på tropiske skogareal, og medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i meir enn ti utviklingsland, mellom anna Brasil, Tanzania og Indonesia.

Satsinga kom i stand etter at leiarane for Noregs Naturvernforbund og Regnskogfondet hausten 2007 sende eit brev til sentrale statsrådar i regjeringa Stoltenberg og bad om at Noreg måtte løyve seks milliardar kroner årleg til bevaring av regnskog i utviklingsland. Brevet la særleg vekt på at det å ta vare på regnskog er blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka. Framlegget bygde på internasjonale estimat om at avskoging stod for 20 prosent av dei globale klimautsleppa.

Den politiske prosessen

Ideen om KoS vart lagd fram i ein periode med uvanleg sterk politisk merksemd om klima, både nasjonalt og internasjonalt, noko som truleg var sterkt medverkande til at KoS vart etablert så raskt. Regjeringa Stoltenberg hadde lagt fram ei stortingsmelding om klimapolitikk tidleg på sommaren 2007. Meldinga møtte sterk kritikk frå opposisjonspartia, som kravde meir handling. Utover hausten forhandla opposisjonen med regjeringa om eit breitt forlik som skulle leggje grunnlaget for norsk klimapolitikk i åra framover. I klimaforliket, som vart underteikna i januar 2008 av alle partia på Stortinget, med unntak av Framstegspartiet, var KoS eit viktig verkemiddel.

Regnskogvern var noko både opposisjon, regjering og forvalting kunne einast om, ettersom tiltaka var kostnadseffektive og skulle gjerast i utlandet, der dei ikkje ville få konsekvensar for norske arbeidsplassar eller for Noreg sin eigen produksjon og eksport av olje og gass. KoS fekk nesten nøyaktig den utforminga Naturvernforbundet og Regnskogfondet foreslo, bortsett frå at pengeløyvinga, etter ein politisk dragkamp, vart halvert til tre milliardar årleg.

Det er Klima- og miljødepartementet som leier klima- og skogsatsinga, men Norad forvaltar mykje av midlane og driv kvalitetssikringsarbeid på vegner av Klima- og miljødepartementet.

Resultat av KoS

Sidan etableringa har KoS vore under konstant evaluering. Frå den formelle starten i 2008 og til utgangen av 2017 hadde Noreg betalt ut vel 22 milliardar kroner til skogbevaring. Den største samarbeidspartnaren i denne perioden var Brasil, som tok imot 7,7 mrd. kroner.

KoS gjer Noreg til den største bidragsytaren i REDD+, eit globalt og frivillig initiativ for å hindre avskoging, etablert av partsland i FNs klimakonvensjon. Ei oppsummering hausten 2017 konkluderte med at KoS langt på veg hadde nådd målsetjinga om å setje regnskogbevaring på den internasjonale dagsordenen og få det formalisert under paraplyen til FNs klimakonvensjon. Noreg spela ei nøkkelrolle i få REDD+ inn som ein del av Parisavtalen i 2015.

Men KoS hadde ikkje lukkast i særleg grad med å få andre land med på å faktisk finansiere regnskogbevaringa, og heller ikkje med å etablere konkrete samarbeid i felten i partnarlanda, særleg i dei landa der skogen forsvinn raskast. Ein kunne difor ikkje seie at KoS hadde ført til reduserte klimagassutslepp.

Riksrevisjonen peika på liknande problem i si evaluering av KoS, som vart lagd fram i mai 2018. Der heitte det at vekslande politiske prioriteringar og korrupsjon i mottakarland hindra og forseinka resultata, og at korkje partnarlanda eller Klima- og miljødepartementet dreiv god nok oppfølging og måling av resultata. Ingen evalueringar har konkludert med at KoS har vore feilslått, men dei har gjennomgåande peika på at det trengst meir aktiv involvering og meir vilje frå alle partar for at satsinga skal føre til redusert avskoging.

Ved tiårsmarkeringa for KoS i juni 2018 vart det lagt fram tal som viste at ein i 2017 opplevde det nest høgaste globale omfanget av avskoging nokon gong. Berre i 2016 var omfanget større. Den viktigaste grunnen var at skog vart hogd for å gi plass til produksjon av palmeolje, soya og storfekjøt. I tillegg vart det drive mykje ulovleg hogst, og store skogområde brann fordi klimaendringane har gjort regnskogen tørrare og meir utsett for brannar. Fleire norske organisasjonar har peika på at Noreg sin import av soya til bruk i dyre- og fiskefôr har auka sterkt på 2000-talet, og at norsk landbrukspolitikk dermed medverkar til at regnskogen forsvinn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg