Hopp til innhold
X
Innhald

Den samiske språkstoda

Samisk er verna mellom anna av ILO-konvensjon 169, European Charter for Regional and Minority Languages og Nordisk språkdeklarasjon. I Noreg har det samiske språket vern i Grunnlova, stadnamnlova, opplæringslova og samelova.

Forvaltningsområdet for samisk språk

Det norske forvaltningområdet for samisk språk omfattar kommunane Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Deatnu/Tana, Unjárga/Nesseby, Porsánggu/Porsanger i Finnmark, kommunane Gáivuotna/Kåfjord og Loabák/ Lavangen i Troms, Aarborte/Hattfjelldal kommune og Divtasvuodna/ Tysfjord kommune i Nordland og Raarvihken/ Røyrvik kommune og Snåasen/Snåsa kommune i Trøndelag. Røros kommune i Trøndelag har søkt om innlemming. Dei fire nordlegaste fylkeskommunane – Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag – høyrer òg til forvaltingsområdet.

Det svenske förvaltningsområdet för samiska språket omfattar kommunane Arjeplog, Arvidsjaur, Berg, Dorotea, Gällivare, Härjedalen, Jokkmokk, Kiruna, Krokom, Lycksele, Malå, Sorsele, Storuman, Strömsund, Umeå, Vilhelmina, Åre, Älvdalen og Östersund. I svenske kommunar som inngår i forvaltningsområdet for eitt eller fleire av språka samisk (19 kommunar), finsk (59 kommunar) og meänkieli (seks kommunar) har innbyggjarane rett til å nytte språket sitt i kontakten med myndigheitene. Kommunane er pliktige til å tilby barnehage, barnevern og eldreomsorg på minoritetsspråket.

Til norske og svenske forvaltningsområde for samisk språk svarer i Finland samernas hembygdsområde / saamelaisten kotiseutualue, som omfattar kommunane Enontekis/Enontekiö, Enare/Inari og Utsjoki og reinbeitedistriktet Lappi i Sodankylä kommune.

I Noreg er det 14 samiske språksenter. Desse ligg i kommunane Alta, Tana, Nesseby, Porsanger, Kåfjord, Kautokeino, Tromsø, Storfjord, Evenes, Lavangen, Tysfjord, Røyrvik, Snåsa og Røros.

Det samiske språkrådet vart i 2002 lagt inn under Sametinget. Språkavdelinga i Sametinget jobbar med språkforvaltning, språkpolitikk, stadnamn og språkrøkt. Sámi Giellagáldu er eit nordisk fag- og ressurssenter for samiske språk. Sámi Giellagáldu tilbyr språkhjelp og rettleiing, og er det øvste vedtaksorganet for språkfaglege spørsmål.

Dei samiske språka

Samiske språk er ei språkgruppe som omfattar ti ulike språk snakka i Sápmi. Dei høyrer til den finsk­ugriske greina av dei uralske språka.

Nordsamisk er den største samiske språkgruppa og vert snakka av samar på norsk, svensk og finsk side av grensa. Lulesamisk og sørsamisk vert snakka på norsk og svensk side, pitesamisk og umesamisk vert snakka mest på svensk side og er stort sett utdøydd på norsk side. Enaresamisk vert no snakka berre på finsk side. Akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk vert snakka på russisk side, i den grad desse språka enno er i live. Aust-(/skolte‑)samisk vert snakka på finsk og russisk side, tidlegare òg på norsk side. I tillegg kjem sjøsamisk, som er å rekne som utdøydd.

Les meir om dei samiske språka.

Særskilte samiske språk

Samisk er frå gamalt av rikt på ord og uttrykk som omtalar natur, dyreliv, formasjonar i naturen som is og snø, ymse termar knytte til primærnæringar og naturalhushald, og forhold som var viktige i jakt- og fangstsamfunnet. Endringane i den samiske levemåten har gjort at slike ord og uttrykk held på å gå tapt. Statsgrensene har vore ei stor utfordring for å halde oppe dei samiske språka, sidan desse grensene hovudsakleg går nord–sør og skjer tvers over dei samiske språk- og sida-grensene (samisk siida), som stort sett går aust–vest. I fleire høve har folk frå den same vesle folkegruppa vore skilde av fysiske grenser i generasjonar, utan sjanse til kontakt.

Mange samar har ikkje lært samisk, korkje i heimen eller på skulen, og ein del av dei eldre er analfabetar. I samanheng med koloniseringa nytta storsamfunna ymse tiltak for å gjere samane norske, svenske, russiske eller finske. Eit av tiltaka var meir eller mindre aktivt å motarbeide det samiske språket, og dessutan dei fleste andre samiske kulturuttrykk. Alle dei samiske språka er i dag karakteriserte som truga eller nesten utdøydde språk. Samane er urfolk, og det gir nasjonalstatane Noreg, Sverige, Finland og Russland ansvar på vegner av verdssamfunnet for at samane skal kunne halde oppe eigenarten sin, også språket.

Peikarar

Om språk på sametinget.no

«Fakta om samiske språk», regjeringen.no

Nettstaden til Sámi Giellagáldu 

Oversikt over dei samiske språksentera

«Samisk og kvensk i Noreg etter 1905», sprakrad.no

Først publisert: 15.08.2014
Sist oppdatert: 07.02.2018