Hopp til innhold
X
Innhald

Den stille veka

Den stille veka er påskeveka, det vil seie frå og med palmesøndag til og med påskeaftan.

Tidlegare lot dei vere å nytte kyrkjeklokker, eller nytta kyrkjeklokker som lagde mindre lyd, i påskeveka.

I delar av landet blei den stille veka kalla dimmelsveka. Det kjem av dymbill, som er ei trekolv i klokke. Ein ringde med eller slo med trekolv for å skape mindre lyd.

Namnet kjem frå at ein i mange land lét alt arbeid kvile i den stille veka. Det har ein ikkje gjort i heile landet, og til alle tider, men namnet har heldt seg. Skikken med å ikkje nytte kyrkjeklokker eller orgel, eller nytte instrument og klokker som lagar mindre lyd, har vore meir utbreidd, og nytta i lenger tid.

Etter tradisjonen har påska vore ei sørgjehøgtid med song og andakt. Ein skulle ikkje glede seg, slik ein gjorde i jula, men møte tida med sorg og stille før feiringa av Jesu oppstode påskedagen.

Ingen andre gongar i året var det heldt fleire gudstenester enn denne veka. Den stille veka var det gudstenester i samtlege sokn. Det høgare besøket enn i jula skuldast også at det var enklare å leggje ut i kyrkjebåt dei fleste stader i landet i mars/april enn i desember.

Påsketigging

Det er lang tradisjon for påsketigging i Noreg og i andre kristne område. Velgjerdsorganisasjonane sine fasteaksjonar kan henge saman med denne tradisjonen. Tradisjonen heng saman med fasta. Den sparsame mat- og pengebruken i fasta gjorde at alle hadde meir å gi bort. Det at alle var heime i påska, gjorde også tigginga meir effektiv.

Samstundes heng dette saman med den katolske kyrkjas lovregulerte omsorg for sjuke, gamle og fattige. Oppsparing, forsaking og sparsam framferd i faste- og påsketida gjorde tigging på gardane, og i byane, meir effektivt enn elles. 

Andre tradisjonar

Tradisjonsinnsamling frå heile landet syner at barn dei fleste stadene i landet byrja med vårleikar i påska. Fleire stader er det tradisjon med utflukt til enkelte samlingsstader. Frå Telemark er det kjent at ein samlar seg for å plukke blåveis i påska.

Den store vårreingjeringa er også opphavleg knytt til påska, og vevstolen må vere tatt ut av stova for vinteren. 

Det var fram til byrjinga av 1900-talet vanleg å pynte med einer til påska på landsbygda. Eineren skulle verne mot trolldom. Det er ei vanleg oppfatning at eineren gir assiasjonar til krossen, og dermed gir Kristi skydd over hus og heim. 

Ølet var den dominerande drikken ved alle festlege samvær. Påskehøgtida var ikkje noko unntak. På Island og i Sverige er det framleis ein eigen påskeøltradisjon og tradisjon for at ungar drikk søte alkoholfrie maltdrykkar til påske. 

Les meir om palmesøndag, skjærtorsdaglangfredag og påskedag.

Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 15.04.2019