Hopp til innhold

Den store nordiske krigen (1700–1721)

Den store nordiske krigen var ein nordeuropeisk storkrig mellom 1700 og 1721. Sverige vart detronisert som europeisk stormakt, fortrengt av Russland. Krigen er den lengste krigen Noreg har vore med i, og var òg den dødelegaste, men ut av krigen kom ein varig fred i Norden.

Krigen braut ut i 1700, då danskekongen, den russiske tsaren og den polsk-litauiske riksstyraren gjekk til angrep på Sverige samtidig. Håpet var eit svekt svensk rike under den unge kong Karl 12., men svenskekongen viste seg å vere ein svært dyktig strateg. Danmark-Noreg vart straks nedkjempa og måtte slutte fred same året. Russland og Polen vart slått tilbake. Den svenske hæren si overmakt kom til syne då ein fire gonger så stor russisk hær vart slått tilbake i slaget ved Narva. I staden kom Karl 12. på offensiven og leidde eit felttog austover, djupt inn i Russland. Her møtte han derimot ein uovervinneleg fiende, den russiske vinteren.

Karl 12. hadde håpt å utradere den russiske hæren, men to tredjedelar av hans eigen armé døydde av frost og svolt. I 1709 kringsette svenskane likevel Poltava i Ukraina. No greidde dei derimot ikkje å stå imot ein overlegen og meir moderne russisk hær. Store delar av dei svenske styrkane vart tekne til fange, og Karl 12. flykta til Det ottomanske riket, der han prøvde å få i stand ein ny allianse. Der var han i fem år, medan russarane erobra svenske område ved Austersjøen. Danmark-Noreg gjekk samtidig inn i krigen igjen, i 1709.

Ei russisk fane svenskane tok under slaget ved Narva i 1700. Motivet er erkeenkelen Mikalen flankert av to medaljongar med Jesus og Maria på kvar si side. Kjelde: Armémuseum, digitaltmuseum.se. Inventarnr.: AM.082122. CC BY 4.0.

Ei russisk fane svenskane tok under slaget ved Narva 20. november 1700. Motivet er erkeengelen Mikael flankert av to medaljongar med Jesus og Maria på kvar si side. Kjelde: Armémuseum, digitaltmuseum.se. Inventarnr.: AM.082122. CC BY 4.0.

Stemninga for fred var no sterk i Sverige, men Karl 12. prøvde å halde fast på ein sterk internasjonal posisjon. I staden gjekk han difor til åtak på Noreg i 1716 og inntok Kristiania, men greidde ikkje å halde på stillinga. Ført an av Tordenskjold kutta den dansk-norske flåten forsyningslinjene under felttoget.

Til gjengjeld slutta svenskane våpenkvile med russarane og våga difor ein ny invasjon i Noreg i 1718. Men Karl 12. vart skoten ved Fredsrikshald festning, og svenskane trekte seg på ny tilbake. Sverige stod sterkt svekt tilbake etter fredsslutninga med Danmark-Noreg i 1720. Nordmennene hadde lidd mykje, i omfattande soldatutskrivingar, høge skattar og uhorvelege dødstal. No vart det derimot nordisk fred i lang tid.

Kjelder

Generalstaben: Bidrag til den store nordiske krigs historie, i 10 band. København 1900–1934.


Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014032406025

Ståle Dyrvik: Truede tvillingriker 1648–1720, bd. III av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1998. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2009041504024

Geir Atle Ersland og Terje H. Holm: Krigsmakt og kongemakt 900–1814, bd. 1 av Norsk forsvarshistorie. Bergen 2000. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013011407018

Peikarar

1718.no: «1718 Krigen, menneskene, skuddet», 1718.no

Nasjonalbiblioteket: «Kart fra Karl XIIs felttog i Norge», nb.no

Østfoldmuseene: «Den store nordiske krigen i et historisk perspektiv. Øystein Rian 10 des 2018», youtube.com

Østfoldmuseene: «Frederik IV og Store nordiske krig Michael Bregnsbo 10 des 2018», youtube.com

Oskar Aanmoen: «Den spanske arvefølgekrigen og Danmark-Norge», historieblogg.no

Først publisert: 09.11.2020
Sist oppdatert: 09.11.2020