Hopp til innhold
X
Innhald

Det periodiske systemet

Det periodiske systemet inneheld alle byggjesteinane i naturen og universet, sette inn i eit system etter vekt og eigenskapar.

Periodesystemet er ein tabell der alle grunnstoffa er inndelte etter atomnummer og vekt. Dei vassrette radene kallar vi periodar, dei loddrette kolonnane kallar vi grupper. Grunnstoffa er plasserte etter stigande atomnummer. Atomnummeret seier noko om kor mange proton det er i kjernen til grunnstoffet. Unntak frå denne regelen er grunnstoffa som høyrer til lantanoida og actinoida. Lantanoida og actinoida er grupper som tek stor plass, difor er dei plasserte i to rader under tabellen. Periodesystemet viser korleis dei ulike stoffa reagerer med kvarandre, om dei er radioaktive og om grunnstoffa er ustabile eller stabile.

Kvar gruppe i periodesystemet har eit nummer. Dette nummeret seier noko om kor mange elektronar det er i det ytste skalet til grunnstoffet. Kvar periode seier noko om kor mange elektronskal grunnstoffet har. Grunnstoff i same periode har like mange elektronskal. Grunnstoff som ligg under kvarandre, har ofte dei same eigenskapane og den same utsjånaden.

I periodesystemet er grunnstoffa delte inn i ulike fargekodar. Fargekodane seier noko om grunnstoffa er metall, ikkje metall eller halvmetall. I gruppe 1 står alkalimetalla, som har eitt elektron i det yste skalet. Gruppe 17 omfattar halogena, dei manglar eitt elektron i det ytste skalet for å få fullt skal. Halogena inngår gjerne i kjemiske sambindingar med alkalimetalla. Lengst mot høgre, i gruppe 18, står edelgassane. Alle edelgassar har fulle skal, og det skal mykje til før dei reagerer med andre grunnstoff.

I 1869 blei den første versjonen av det periodiske systemet publisert av russaren Dmitrij Mendelejev. Han hadde lagt merke til at grunnstoffa utgjorde eit mønster og sette dei opp etter vekt. Kvart sjuande grunnstoff hadde felles eigenskapar. Mendelejev organiserte grunnstoffa etter atomvekt i ei vassrett linje på sju grunnstoff, det vi kallar periodar. Då blei det mogleg å gruppere grunnstoffa i sju loddrette grupper (hovudgrupper). Det var framleis mange grunnstoff som ikkje var oppdaga, difor var det nokre tomrom i tabellen. Etter kvart som det blei oppdaga nye grunnstoff, passa desse inn i tomromma.

I dag finst det 18 grupper og 118 grunnstoff i periodesystemet. Dei første 94 grunnstoffa er naturlege, resten, opp til nummer 118, blir kunstig framstilte og har svært ustabile kjernar. Ein veit ikkje heilt når periodesystemet vil stoppe. Somme forskarar meiner at grunnstoff nummer 128 vil vere det siste. Andre meiner at grensa ligg på grunnstoff nummer 173. Periodesystemet slik vi kjenner det i dag, var det den amerikanske kjemikaren og kjernefysikaren Glenn T. Seaborg som presenterte i 1945.

Kjelder

Hanne S. Finstad, Jørgen Kolderup og Eva C. Jørgensen: Trigger 8. Oslo 2006

Hanne S. Finstad, Eva C. Jørgensen og Jørgen Kolderup: Trigger 9. Oslo 2007

 

Bjørg E.B. Aurebekk og Thomas Bedin: «Periodesystemet», ndla.no, sist oppdatert 17.9.2018: https://ndla.no/nb/subjects/subject:21/topic:1:183343/topic:1:54799/resource:1:186322 [lesedato 1.1.2020]

Kristin Straumsheim Grønli: «Grunnstoffenes periodiske system», forsking.no, publisert 27.7.2002: https://forskning.no/kjernefysikk-kjemi-bakgrunn/grunnstoffenes-periodiske-system/1088621 [lesedato 7.12.2019]

Ola M. Sæther: «150 år med det periodiske system», ngu.no, publisert 31.10.2019: https://www.ngu.no/blogg/150-ar-med-det-periodiske-system [lesedato 1.1.2020]

Eivind Torgersen: «Periodesystemet er 150 år: Hvorfor tok det 100 år før det ble viktig i norske lærebøker?», forsking.no, publisert 7.3.2019: https://forskning.no/fysikk-kjemi-pedagogikk/periodesystemet-er-150-ar-hvorfor-tok-det-100-ar-for-det-ble-viktig-i-norske-laereboker/1301181 [lesedato 1.1.2020]

Berit Viuf: «Det periodiske system», illvit.no, publisert 3.7.2019: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-grunnstoffenes-periodiske-system [lesedato 6.12.2019]

 

Peikarar

NRK: «Grunnstoffer», nrk.no, publisert 16.10.1997

Johannes læringssenter: «Kjemi – Del 2 – Atomer og periodesystemet», youtube.com, publisert 22.5.2014

Erlend Lånke Solbu og Tuva Tagseth: «Rot i systemet», nrk.no, publisert 7.4.2019

Universitetet i Oslo: Periodesystemet.no

Først publisert: 04.05.2020
Sist oppdatert: 06.05.2020