Hopp til innhold
X
Innhald

Dialekt

Dialekt er ein geografisk avgrensa variant av eit språk. Dialekten utgjer eit komplett språksystem og kunne såleis ha fungert som eit språk i seg sjølv. Det er gjerne historiske og politiske grunnar til at eitt språksystem blir rekna som språk, medan eit anna blir rekna som dialekt. Dialekten seier noko om kvar ein kjem frå, kven ein er, og somme tider òg kven ein ønskjer å vere. Det er ein sterk samanheng mellom dialekt og identitet.

Dialekt er altså eit språksystem som er geografisk avgrensa. Dialektar står ofte så nær andre språksystem som liknar, at vi lyt rekne dei som variantar av eit språk. Dialektar er sjeldan formelt standardiserte, og dei har sjeldan noko skriftspråk direkte knytt til seg. Sidan den såkalla dialektbølgja i Noreg i 1970-åra har ein kunne høyre og nytte dialekt i det offentlege rommet og på dei fleste samfunnsområde. I tidlegare tider og i dei fleste andre land er det mindre dialektbruk i det offentlege.

Avgrensinga av ein dialekt skjer mellom anna gjennom å peike på spesielle trekk ved ordforråd, formverk, uttale og setningsbygnad. Slike språktrekk som kan vere med å avgrense ein dialekt, heiter målmerke. Eit døme på eit norsk målmerke er «tjukk-l»-uttale (eller på fagspråket: retrofleks flap). I grove trekk kan ei kartlegging av tjukk l faktisk nyttast til å dele Noreg i to dialektområde.

Den geografiske grensa for utbreiinga av eit målmerke kallar vi isogloss. Ordet kjem av gresk iso og gloss og tyder rett og slett «likt språk». Den greina av språkvitskapen som studerer den geografiske utbreiinga av ulike språktrekk, heiter dialektologi.

Når ein ikkje har ein spesiell type variasjon i tankane, kan ein nytte ordet varietet om ein variant av eit språk. Dialektomgrepet kan femne om fleire varietetar enn dei som er geografisk avgrensa. Ein varietet som berre er geografisk avgrensa, kan difor òg kallast geolekt. Det finst språkleg variasjon innanfor geografiske område. Variantar som er knytte til ulike sosiale grupper innanfor eit geografisk område, kallar ein gjerne sosiolektar.

Dialektar er ikkje stabile

Språk og dialektar er heile tida i utvikling. Geografi, samferdsel og administrativ inndeling har hatt mykje å seie for språkutviklinga. Menneske som har hatt behov for – og høve til – å kommunisere med kvarandre, har gjerne nærskylde dialektar. Vi kan derimot vente dialektforskjellar mellom menneske som bur på kvar si side av høge fjell, flaumande elver eller breie fjordar, eller i bygder som høyrer til ulike administrative einingar.

I nyare tid har kommunikasjonstilhøva endra seg, ikkje minst gjennom nye næringsvegar, større mobilitet i befolkninga og framveksten av massemedium. Geografien er ikkje i like stor grad ein føresetnad for kommunikasjon, og tradisjonelle dialektforskjellar er ikkje like tydelege. Dialektal utjamning går føre seg mellom lokalsamfunna innanfor større regionar. Slike prosessar blir kalla språkleg regionalisering.

Både i Noreg og i andre europeiske språksamfunn har vi i lengre tid kunna sjå døme på dialektutjamning. Språkbrukarar legg bort visse trekk, ord eller former til fordel for andre variantar. Typisk tek dei i bruk variantar med eit vidare regionalt eller nasjonalt bruksområde. Språktrekk som tradisjonelt har hatt lita geografisk utbreiing, blir lagde bort og har mindre sjanse til å bli tekne opp av nye språkbrukarar.

I mange land har slike prosessar gått både raskt og langt. Danmark er eit døme på eit språksamfunn som på relativt få tiår har opplevd ei sterk talespråkleg einsretting. Ein stadig større del av den danske befolkninga har teke i bruk ei overlokal norm framfor tradisjonelle dialektar. I andre samfunn har takta og intensiteten på denne utjamninga vore annleis, men hovudmønsteret er det same: Det tradisjonelle dialektmangfaldet blir redusert gjennom at særtrekk forvitrar.

Dialekt eller språk – dialektkontinuum

Å trekkje ei tydeleg grense mellom kva som er eit språk, og kva som er ein dialekt, er vanskeleg. Om ein berre tek utgangspunkt i reint lingvistiske kriterium, som at varietetane liknar på kvarandre, er oppgåva meir eller mindre uløyseleg. Det er ikkje berre språklege, men vel så ofte historiske og politiske grunnar til at noko blir rekna som eit eige språk, medan noko anna blir rekna som dialekt.

Det å overlate til eit språksamfunn sjølv å definere om dei snakkar eit særskilt språk eller ein varietet av ein større heilskap, kan vere problematisk. Spørsmålet kan utløyse ulike typar av ideologibasert maktutøving. I Franco-regimet si handsaming av regionalspråka i Spania finn vi døme på korleis styresmaktene medvite og strategisk kan setje språk i miskreditt ved å kalle dei for dialektar. I dette regimet var det berre kastiljansk som blei rekna som offisielt språk, og det var først etter at Franco døydde i 1975, at bruken av dei andre regionalspråka for alvor skaut fart i dei ulike regionane og leidde til oppblomstring av autonome einingar. I Søraust-Europa, ikkje minst på Balkan, finn vi fleire døme på korleis arbeidet med å markere nasjonal og statleg autonomi heng tett i hop med markering av språkleg autonomi, som gjerne går på kryss og tvers av det som tidlegare har vore rekna som dialektgrenser.

Når vi skjønar kvarande, snakkar vi vel same språk? kan ein tenkje. Men eit avgrensingskriterium som 'gjensidig forståing' for språk eller dialekt skaper problem. I store delar av verda har vi å gjere med såkalla dialektkontinuum. Det vil seie at dei språka eller dialektane som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Mellom variantar som ligg eit stykke frå kvarandre på kontinuumet, er det mindre gjensidig forståing. Heilt i ytterkantane av kontinuumet vil ikkje folk forstå kvarandre i det heile. Kva slags språkformer og språkvarietetar ein er van med å høyre, i kor stor grad ein er eksponert for mykje variasjon, og kva for haldningar ein har til andre varietetar enn sin eigen, kan òg spele inn på graden av forståing.

Eit døme på eit slikt kontinuum er det fastlandsskandinaviske dialektkontinuumet, som dei fleste norsktalande er ein del av. Opp gjennom historia har nasjonsgrensene endra seg, og med dette kva som kan reknast som variantar av kva for eit språk. Skånsk, til dømes, har skifta status frå å vere rekna som ein dansk dialekt til å bli oppfatta som ein svensk dialekt. I grenseområda våre er det store likskapar mellom dei lokale dialektane, og det er ikkje alltid slik at ein kan «høyre» kvar riksgrensa går. Det same gjeld folk som bur i grenseområda mellom Nederland og Tyskland, som gjerne forstår dialektane på den andre sida av grensa, medan den gjensidige forståinga mellom ein dialekttalande nederlendar og ein austerrikar truleg er minimal.

Éi løysing på problemet med grenseoppgang i eit dialektkontinuum er å trekkje inn skriftspråkkriteriet. Sjølv om det ikkje treng vere verken større ulikskapar eller forståingsproblem i delar av det norsk-svenske grensområdet, er ein svensk dialekt svensk fordi han sorterer inn under det standardiserte skriftspråket svensk.

Dialekt kontra standardtalemål

Eit standardtalemål er vanlegvis ein varietet som ligg tett opptil ei offisiell skriftspråksnorm. Det har ein spesiell status som nasjonalt fellesspråk som dei fleste gjerne vekslar til i bestemte kommunikasjonssituasjonar. Standardtalemålet har ofte vakse fram i eit politisk, kulturelt og administrativt sentrum, som i dei fleste tilfelle vil seie hovudstaden, i ein nasjon. Det franske riksspråket sprang til dømes ut frå ei oppfatning om at språkbruken ved hoffet var eit ideal, og i Danmark er standardtalemålet «rigsdansk» i praksis ei form for københavnsk.

Standardtalemålsnormer har ein annan posisjon i Noreg enn i nabolanda våre. Vi har ikkje offisiell talemålsnormering i Noreg, og allereie i 1879 slo regjeringa fast at undervisninga i skulen skulle gå føre seg på barna sitt eige talemål. Det er likevel grunn til å tru at fleire av oss ber på ei kjensle av at det eksisterer eit talemålshierarki, med særleg autoritative og «normale» varietetar på toppen. Korleis ein norsk standardvarietet ser ut, kan vere vanskeleg å slå fast, men for fleire nordmenn er det truleg snakk om eit talemål som ligg nært opp til skriftnorma bokmål, med søraustnorske språktrekk lydleg (på fagspråket: det fonologiske og prosodiske nivået). I nokon grad vil denne språklege storleiken vere overlappande med ei viss form for oslomål. Han har såleis ein dobbel signalverdi: Varieteten er på den eine sida over-dialektal og stadnøytral, men samtidig ber han med seg ei geografisk markering ved at han signaliserer tilhøyrsel til området rundt hovudstaden.

Dialektutjamning tyder ikkje at språkbrukarane blindt adopterer standardformer eller bymålsformer, men dei tek gjerne i bruk variantar som både i lingvistisk og psykologisk forstand ligg nærmare ei form for standardtalemål enn det dei tradisjonelle formene gjorde. Dei nye variantane kan såleis fungere som kompromissformer mellom den tradisjonelle dialekten på den eine sida og eit standardtalemål eller eit bymål på den andre. I nokre tilfelle kan slike kompromissformer fungere som regionale former. Kva rolle eit eventuelt standardtalemål spelar i desse tilfella, er ikkje norske talemålsforskarar einige om.

Dialektomgrepet inneheld òg ein psykologisk dimensjon. Denne dimensjonen kjem til syne dersom vi seier at dialekten er det talemålet ein person lærer først, uavhengig av kva som er dette talemålet sin status og funksjon. I eit slikt perspektiv kan vi seie at ein som taler eit standardtalemål òg taler dialekt. I ein norsk kontekst kan det å definere noko som ein dialekt vere ei form for positiv verditilskriving i mange samanhengar. I andre land, med ei anna historie og sterkare standardideologi, har dialektar og dialektbruk gjerne lågare status.

Dialektologi og sosiolingvistikk – bygd og by

Innanfor klassisk dialektologi, som var rådande frå midten av 1800-talet og iallfall fram til 1970-åra, var bruken av kart der ein teikna inn isoglossar, eit viktig metodisk hjelpemiddel. I dag har den teknologiske utviklinga gjort det mogleg å samle inn og ordne dialektmateriale i elektroniske kart.

Dialektologien kan ein kople til framveksten av den jamførande språkvitskapen, og Ivar Aasen sin innsats var eit avgjerande startskot for ei vitskapleggjering av studiet av dialektar i Noreg.

Framveksten av den norske dialektologien kan ein òg sjå i lys av både generelle nasjonalromantiske straumdrag og av historismen sin posisjon som rådande tankesett innanfor språkvitskapen frå tidleg 1800-tal og utetter. Dette sette spor etter seg i klassisk dialektologi gjennom eit autentisitetsideal, der det var om å gjere å fange opp det «eigentlege» og «ekte» språket. Det fann ein gjerne hos eldre språkbrukarar i rurale område. Det har derfor eksistert ei utbreidd førestilling om at dialekt er det same som bygdemål. I Arne Garborg og Ivar Mortenson si Lesebok fyr høgre skular frå 1893 finn vi eit stykke på kristianiamål, men kapitlet det står i, heiter talande nok «Bygdemaal».

Ei rekkje små og store bymålsgranskingar på byrjing av 1900-talet gjorde at ein etter kvart forstod at dialektane i byane hadde fellestrekk med bygdemåla kring byane. Her spela språkgranskaren Amund B. Larsen ei sentral rolle. Likevel er det er nok bygdedialektane som har heidersplassen i det norske dialektlandskapet. Byen er derimot knutepunkt for ei anna språkvitskapleg grein som interesserer seg for språkleg variasjon, nemleg sosiolingvistikken. Sosiolingvistikken sitt utspring finn vi ikkje minst i William Labov sine storbyundersøkingar i USA frå 1960-åra og seinare. Sosiolingvistikken er både ei vidareføring av og ein reaksjon mot den klassiske dialektologien. Interessene til sosiolingvistane er knytte til sosial heller enn geografisk variasjon og eit ønske om å skildre og forklare språkendringar.

Inndeling av norske dialektar

Når folk flest skal karakterisere dialektar, er det gjerne ordtilfanget eller «musikken» i språket – korleis tonefall og setningsmelodi høyrest ut – dei tyr til. Vi held gjerne på musikken i språket når vi les høgt eller nyttar måtar å snakke på som elles ligg tett opptil eit normert skriftspråk. Intonasjonen kan avsløre kvar vi har røtene våre. I motsetnad til folk flest er det er ikkje først og fremst melodien fagfolk legg til grunn for inndelinga av norske dialektar, dei har heller vore opptekne av om den såkalla jamvektsregelen har verka på dialektane.

Jamvektsord er grovt sagt dei orda som i norrønt hadde nokolunde likt trykk på begge stavingar (som verbet vera), medan overvektsord hadde lang rotstaving (som verbet bíta). Desse ordtypane har hatt ulik utvikling opp gjennom språkhistoria, og dei har i dag forskjellig endingsvokal. I austnorsk kan vi høyre både infinitivane «værra» og «kaste» og hankjønnsorda ein «neva» og ein «bakke» side om side. Når endingsvokalen har forsvunne heilt, som i den trøndske infinitiven «å kast», kallar vi det apokope.

Jamvektsregelen, ofte saman med l-uttale, har opna for ei todeling av norske dialektar – «austnorsk» og «vestnorsk» – der austnorsk femner om dialektane på Austlandet og i Trøndelag, medan vestnorsk femner om Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg.

Dei språklege trekka som ein kan leggje til grunn for inndelinga, stemmer ikkje alltid med det allmenne inntrykket om kva for område som «høyrer saman». Til dømes kan koplinga mellom det nordnorske og det vestnorske kanskje verke overraskande for mange. Ei anna utfordring er at same kva for kriterium ein baserer inndelinga på, vil nokre dialektar hamne utanfor, fordi dei reint språklege tilhøva ikkje stemmer overeins med den geografiske inndelinga.

I ein del nyare dialektframstillingar opererer ein med ei firedeling: austnorsk, trøndsk, vestnorsk og nordnorsk. Denne inndelinga lèt seg forsvare ut frå fleire lingvistiske kriterium, og ho passar betre med førestillingar om kulturelle og administrative grenser enn det til dømes ei todeling gjer. Dei fire hovudområda kan grovt delast inn etter om dei er karakteriserte av jamvekt, apokope, tjukk l og høgtone/lågtone.

Skiljet mellom høgtone- og lågtonedialektar fører oss på ein måte attende til musikken i språket. I ein høgtonedialekt er det den trykksterke stavinga i eit ord (med tonem 1) som har den høgaste tonen, medan tonen søkk i den trykksvake stavinga. I verb–partikkel-samband ligg trykket gjerne på partikkelen («gå-'ut»). I ein lågtonedialekt har trykkstavinga den lågaste tonen, medan tonen stig på den trykkveike stavinga, og ein vil oftare «'gå-ut».

Som ei grovinndeling kan vi slå fast at austnorsk har jamvekt, tjukk l og lågtone. Dei same trekka gjeld trøndsk, men her inkluderer jamvektssystemet òg apokope. Det vestnorske dialektområdet har verken jamvekt eller apokope, stort sett manglar tjukk l, og dialektane her er stort sett høgtonedialektar. Nordnorsk liknar vestnorsk i at her finn vi høgtonedialektar, og jamvekt manglar. Det er berre i det sørlege nordnorske området vi finn tjukk l. Vi finn derimot mykje apokope i fleire område, særleg i Nordland, men denne apokoperinga er ikkje regulert av jamvektsregelen. I nokre område fell faktisk alle infinitivsendingar bort.

Dei fire områda kan delast vidare inn i fleire mindre område, der fleire målmerke er relevante. Og det finst unntak også innanfor denne grovinndelinga.

Det har lenge vore tradisjon for å basere dialektinndelinga særleg på lydverket og formverket, og framstillinga ovanfor er såleis ikkje noko unntak. I dei seinaste åra har det vakse fram ei sterk interesse for dialektsyntaks blant fleire språkforskarar. Dialektdata er samla inn og ordna i elektroniske samlingar (på fagspråket: korpus), som gjer det mogleg å samanlikne grammatiske fenomen frå heile det skandinaviske dialektkontinuumet. I dette arbeidet har studiet av dialektar vore viktige også for vidareutviklinga av teoretisk språkvitskap.

Døyr dialektane ut?

Det finst få språkbrukarar som snakkar på éin og berre éin måte. Vi tilpassar språkbruken til situasjonen vi er i, kven vi snakkar med, og kva vi snakkar om. Sjølv om fleire tradisjonelle dialekttrekk er i ferd med å forsvinne, er forventninga om lokal språkvariasjon framleis sterk blant dei fleste nordmenn. Det at nordmenn har – og bør ha – ein stadeigen måte å snakke på, blir gjerne oppfatta som det normale: Ein sørlending snakkar «sørlandsk», ein bergensar snakkar «bergensk», ein trønder snakkar «trøndsk», og så vidare. Det sterke bandet mellom dialekt, stadtilhøyrsel og identitet kan vere ei av årsakene til at mange har negative haldningar til dialektblanding eller overdriven språkleg tilpassing, såkalla «knot».

Vi ser òg døme på at nye måtar å snakke norsk på veks fram, mellom anna i fleirkulturelle ungdomsmiljø i byane. I nokre situasjonar snakkar ungdommane seg imellom med eit særeige «stakkato» tonefall. Dei nyttar lånord frå innvandrarspråka som er representerte i nabolaget, og dei bryt regelen som seier at verbalet skal stå på andreplassen i norske hovudsetningar. Slik kan ein høyre setningar som «Plutseleg ho snakkar dialekt!» i staden for «Plutseleg snakkar ho dialekt!». Dette er språkformer kjende under namn som kebab-norsk, men som fleire forskarar heller vil kalle multietnolekt eller multietnolektisk stil.

Geografiske og stadeigne særtrekk står framleis fram som viktige peilepunkt i det sosiale landskapet hos nordmenn. Forventninga om variasjon, og at variasjonen har ei meining, står sterkt. Saman med framveksten av nye former for variasjon og manglande offisielle talemålsstandardar taler dette for at dei norske dialektane ikkje døyr ut med det første.

Også i Danmark blir dialektformer framleis nytta blant unge menneske, sjølv i område der det har vore sterk utjamning. Dialekttrekka blir nytta på nye måtar og i nye samanhengar, i spel og leik med språket i samband med identitetsarbeid og etablering av gruppesamhald.

Er det berre tale det er tale om?

Det er gjerne talemål ein først og fremst tenkjer på når ein høyrer ordet «dialekt». Samstundes møter vi stadig oftare dialektfarga skriftspråk i sosiale medium. Kommunikasjon som skjer online i uformelle samanhengar, ikkje minst mellom folk som kjenner kvarandre godt, har trekk som ligg nær det tradisjonelt munnlege. I arbeidet med å framstille seg sjølv i sosiale medium kan språket spele ei viktig rolle. Dialektfarga skriftspråk kan i slike tilfelle ha ein sterkare identitetsskapande funksjon enn det eit standardisert skriftspråk har.

Sjølv om sosiale medium er noko relativt nytt, er ikkje det å skrive på dialekt ei ny oppfinning. For det første eksisterte det freistnader på å skrive lenge før vi fekk eigne, standardiserte skriftspråk. For det andre er dialektar blitt skriftfeste i litteraturen, både i replikkskifte i prosa og i skodespel. I samband med tileigning av skrivekunne og i ymse uformelle skrivesituasjonar har dialektfarga skriftspråk truleg alltid vore til stades.

Kjelder

Eskil Hanssen: Dialekter i Norge. Bergen 2010

Oddmund Løkensgard Hoel: Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940, doktorgradsavhandling. NTNU 2009

Stian Hårstad og Toril Opsahl: Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Bergen 2013

Ernst Håkon Jahr (red.): Den store dialektboka. Oslo 1990

Brit Mæhlum og Unn Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo 2012

Norsk Lingvistisk Tidsskrift, årgang 27, 2009, hefte 1 (temanummer redigert av Ernst Håkon Jahr og Brit Mæhlum)

Johannes Nymark og Rolf Theil: Dei ukuelege språka. Språkpolitikk og språksituasjonar. Bergen 2011

Helge Sandøy: Norsk dialektkunnskap. Oslo 1985

Martin Skjekkeland: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Kristiansand 2005

Lars Vikør: Språkplanlegging. Prinsipp og praksis. Oslo 2007

Nordisk dialektkorpus og syntaksdatabase: http://www.tekstlab.uio.no/nota/scandiasyn/index.html [lesedato 30.6.2017]

Først publisert: 11.08.2017
Sist oppdatert: 01.09.2017