Hopp til innhold
X
Innhald

Donald Trump

Donald Trump, president i USA og forretningsmann og eigedomsutviklar. Han har i ei årrekkje medverka i fjernsynsprogrammet The Apprentice.

Donald Trump er fødd i Queens, New York City, 14. juni 1946. Han kjem frå ein rik familie. Bestefaren og faren var suksessfulle forretningsmenn. Bestefaren, Friedrich Trump, vart rik i samband med gullrushet i Klondike rundt år 1900. Far til Donald, Fred Trump, vart rik på eigedomsutvikling i Queens og Brooklyn, men Donald Trump har i eit intervju med magasinet Rolling Stone fortalt at han ikkje fekk noko gratis fordi faren var rik. Faren arbeidde sju dagar i veka, og Donald måtte ikkje verte bortskjemd. Han skulle forstå kor viktig hardt arbeid var for å oppnå suksess.

Donald Trump gjekk på privatskule som barn. Han tok eksamen ved New York Military Academy i 1964 og tok ein bachelorgrad i økonomi i 1968 ved Wharton-skulen, University of Pennsylvania. Gjennom studia fekk han meir kunnskap om eigedomsutvikling.

Etter studietida arbeidde Trump først for far sin, og seinare har han bygd seg opp til å verte ein vellukka eigedomsutviklar. Dei siste åra har han vore meir kjend for å ha spela ei hovudrolle i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Apprentice, der ei rekkje deltakarar tevlar om å få jobbe for Trump-konsernet. I juni 2015 kunngjorde Trump at han stiller som presidentkandidat ved valet i USA i 2016. Frå august 2015 og fram til republikanarane sitt landsmøte i juli 2016 var Trump i leiinga ved dei fleste meiningsmålingane i samband med kampen om å verte nominert til kandidat for det republikanske partiet. Trump vart nominert som presidentkandidat under landsmøtet i juli 2016. Under presidentvalet 8. november 2016 vart han valt til landet sin 45. president, og vart innsett i presidentembetet 20. januar 2017.

Hovudkvarteret til Trump ligg i Trump Tower på hjørnet av 5th Avenue og 57 Street på Manhattan, nær Central Park. Dei eldste borna hans arbeider i Trump-konsernet.

Magasinet Forbes har plassert Donald Trump som nummer 121 på lista over dei rikaste i USA. På denne lista ligg Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates på topp. Trump har verdiar for ca. 4,5 milliardar dollar ifølgje Forbes.

Video: Donald Trump kunngjer i juni 2015 at han stiller som presidentkandidat ved valet i USA i 2016.

Eigedomsutviklaren

Etter utdanninga ved University of Pennsylvania byrja Trump å arbeide for far sin. Han tok vare på sjansen han fekk då den største konkursen i historia råka jernbanen Penn Central og det tradisjonsrike Commodore Hotel på Manhattan. 1970-åra var ei alvorleg nedgangstid for New York, men Trump fekk lån til utvikling av eit nytt hotell. Han lova den lokale banken at dersom han fekk låne pengane, «42nd Street is gonna be great again.» Den lovnaden liknar på slagordet i presidentkampanjen: «Make America Great Again». Hotellet, Grand Hyatt New York, som ligg ved Central Station, opna i 1980. Trump hadde fått ein fordelaktig skatteavtale med New York, og det nye hotellet var den første store sigeren hans.

I den økonomiske oppgangstida i 1980-åra var Trump ein suksessfull eigedomsutviklar, som òg kjøpte feriesenter og kasino. I 1988 sikra han seg Taj Mahal Casino i Atlantic City. I 2001 vart bygginga av bustadkomplekset Trump World Tower, nær FN-hovudkvarteret, fullført.

galleri

Presidentvalet i 2016

I 2011 trudde mange at Donald Trump ville stille som presidentkandidat ved valet i 2012, men han valde då ikkje å stille. Men i 2015 kasta han seg altså inn i kampanjen, truleg fordi det i 2016 er eit meir ope val, utan ein sitjande president som står på val for ein ny periode. Gjennomsnittleg på nasjonale målingar hos www.realclearpolitics.com låg Trump på topp av dei republikanske kandidatane i fleire månader. Etter terrorangrepa i Paris i midten av november 2015 gjekk han opp frå under 30 prosent til over 30 prosent støtte hos republikanske veljarar. I ei nasjonal måling i midten av februar 2016 hadde Trump 39 prosent oppslutning. Senatorane Marco Rubio og Ted Cruz hadde då 19 prosent og 18 prosent støtte. Trump vart formelt nominert som republikanarane sin presidentkandidat under landsmøtet i juli 2016.

Trump vart under presidentvalet i USA 8. november 2016 valt til USA sin neste president. Han vart innsett i presidentembetet ved ein seremoni i Washington D.C. 20. januar 2017, på Inauguration Day.

Donald Trump, på talarstolen for Det republikanske partiet i Iowa i 2015. Foto: Gage Skidmore, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Donald Trump på talarstolen for Det republikanske partiet i Iowa i 2015. Foto: Gage Skidmore, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Mange av dei som røysta på Trump ved primærvala og presidentvalet, er frustrerte over at USA ikkje er så mektig som det var for nokre tiår sidan, og over at landet har stor statsgjeld. Mange er misnøgde med begge dei politiske partia og ville støtte ein presidentkandidat som ikkje er prega av den ukulturen som dei meiner har øydelagd handlekrafta i Washington D.C. Dei ser på Trump som ein sterk leiar, som kan auke respekten og frykta andre stormakter, til dømes Russland og Kina, har for USA.

Trump gjer det betre hos veljarar som ikkje har fullført høgare utdanning, enn hos dei som har utdanningsgradar frå universitet og høgskular. Hos arbeidarklasseveljarar er patriotisme og styrke viktig hos ein leiar. Trump sitt ønskje om å behalde arbeidsplassar i USA og motstanden hans mot frihandelsavtalen mellom land på begge sider av Stillehavet (TPP) er viktige argument som styrkjer den støtta eigedomsmogulen har hos arbeidarklassen.

Støtta Trump har blant arbeidarar, har òg samanheng med motstanden hans mot ulovleg innvandring. Trump ønskjer å sende ulovlege innvandrarar attende til Mexico. Han vil at det skal byggjast ein mur på grensa mellom USA og Mexico, og han meiner at Mexico skal betale for dette. Etter terroren i Paris og drapa i California har Trump ytra seg kritisk mot muslimar. Forslaget hans om mellombels å hindre muslimar i å kome til USA vart fordømt av leiarar i det republikanske partiet. Den nyvalde speakeren i Representanthuset, Paul Ryan, seier at dette ikkje er verdiar som partiet eller landet står for.

Utanrikspolitisk vil Trump at USA skal vise styrke, men han sa samstundes i ein av debattane at USA ikkje kan halde fram å vere verdas politimann, fordi landet har 19 billionar (amerikanske trillions) i statsgjeld, og fordi infrastrukturen er dårleg. Trump er positiv til at Russland er med i kampen for å stoppe den såkalla islamske staten. Han er svært kritisk til den diplomatiske avtalen USA har forhandla fram med Iran.

Mange veljarar er fascinerte av Trump fordi han har så stor tru på seg sjølv og har greidd å verte milliardær. Janteloven er ikkje noko som pregar det amerikanske samfunnet. Mange har tru på at ein sterk mann som Trump kan løyse dei problema USA har.

Donald Trump sitt privatfly. Foto Andrew Cohen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Donald Trump sitt privatfly. Foto Andrew Cohen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.


Kjelder

Fred A. Bernstein: «Makeover at Grand Hyatt Sheds the Trump Glitter», The New York Times, publisert 11.1.2011: http://www.nytimes.com/2011/01/12/business/12hyatt.html?_r=0 [lesedato 18.2.2016]

Caitlin Huey-Burns: «Trump's Proposal May Be GOP's Tipping Point», RealClear Politics, publisert 9.12.2015: http://www.realclearpolitics.com/articles/2015/12/09/trumps_proposal_may_be_gops_tipping_point_128975.html [lesedato: 18.2.2016]

Paul Solotaroff: «Trump Seriously: On the Trail with the GOP's Tough Guy», Rolling Stone, publisert 9.9.2015: http://www.rollingstone.com/politics/news/trump-seriously-20150909 [lesedato: 18.2.2016]

Dei republikanske debattane: https://www.youtube.com/results?search_query=trump+2016 [lesedato 10.12.2015]

Forbes' 400-liste: http://www.forbes.com/forbes-400/list/3/#version:static [lesedato 10.12.2015]

Først publisert: 24.02.2016
Sist oppdatert: 17.08.2018