Hopp til innhold
X
Innhald

E-sport

E-sport (elektronisk sport) er organiserte konkurransar i fleirspelardataspel med profesjonelle spelarar. Konkurransane blir gjennomførte som ligaer eller turneringar, og oftast sende på videostrøymingstenester på internett og stundom i tradisjonelt fjernsyn.

E-sportspel blir ofte spela med lag, som i lagskytespel, lagidrettsspel og lagstrategispel. Andre gonger kjempar ein spelar mot ein annan, som i slåstarspel og digitale kortspel. På slutten av 2010-åra blei battle royale-spel populære. Der kjempar mange einskildspelarar mot kvarandre. Døme på dette er Fortnite og Player Unknown's Battlegrounds.

Sjølv om det hadde vore fleire store lokale turneringar sidan 1980, var det med allmenngjeringa av internett på slutten av 1990-åra at e-sport tok av og sjølve ordet e-sport blei funne opp. Den første store turneringa på internett var «The Red Annihilation» i 1997 med skytespelet Quake. Deretter auka populariteten i takt med at fleire fekk tilgang til internett. I 2019 såg rundt 191 millionar menneske e-sport på internett eller fjernsyn. Gamer.no starta opp ein norsk liga i 2014, som i 2019 heiter Telialigaen.

E-sport som publikumsidrett. Foto: Sam Churchill på flickr.com. CC BY 2.0.

E-sport som publikumsidrett. Foto: Sam Churchill på flickr.com. CC BY 2.0.

Forbundet International e-Sports Foundation (IeSF) blei stifta i 2008 og har i dag 54 nasjonale medlemsorganisasjonar. Den eldste nasjonale organisasjonen er Korea e-Sports Association (KeSPA) i Sør-Korea, som blei stifta i 2000. Den store veksten av e-sport der blir forklart med behov for nye jobbar etter finanskrisa i Asia, utbygginga av breiband og sterk kulturell interesse for hjernetrim. Det at e-sport har så breitt publikum i Sør-Korea, har gitt utøvarane nasjonal kjendisstatus, omtrent som i skisporten i Noreg.

Norges E-Sportforbund (NEF) har sidan starten i 2010 for det meste vore inaktivt fram til november 2019. Då melde NEF at det har valt nytt styre og sett seg mål om å bli med i Norges idrettsforbund (NIF) og få e-sport politisk anerkjend som sport i Noreg og leggje til rette for landslag i ulike greiner.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) vurderer å anerkjenne e-sport som olympiske greiner. I 2020 skal IOC samarbeide med Intel om e-sportturneringa «Intel World Open» i Tokyo rett før OL der.

Uttrykket e-sport blir vanlegvis brukt om profesjonelle utøvarar, som lever av sporten, men blir også brukt om hobbyutøvarar i amatørkonkurransar på skular eller datatreff som er arrangerte av ideelle organisasjonar, til dømes The Gathering på Hamar. I Noreg kan ein lære om e-sport i eigne linjer på folkehøgskular. På vidaregåande skular kan ein lære om e-sport på ulike idretts- og medielinjer.

 

Kjelder

Dave Consolazio: «The History Of Esports», hotspawn.com, publisert 8.10.2018: https://www.hotspawn.com/guides/the-history-of-esports/ [lesedato 2.10.2019]

Juho Hamari og Max Sjöblom: «What is eSports and why do people watch it?», researchgate.net, publisert januar 2017: https://www.researchgate.net/publication/306286205_What_is_eSports_and_why_do_people_watch_it [lesedato 23.9.2019]

Andreas Klebo-Espe: «E-sporten tar ett steg nærmere OL», gamer.no, publisert 11.9.2019: https://www.gamer.no/artikler/e-sport-e-sporten-tar-ett-steg-naermere-ol/473800 [lesedato 24.9.2019]

Norges E-Sportforbund på Facebook, facebook.com: https://nb-no.facebook.com/NEFno [lesedato 24.9.2019]

Federico Winer: «Esports: How The Term Was Coined And What Is The Correct Way To Write It?», digitalistmag.com, publisert 27.3.2019: https://www.digitalistmag.com/customer-experience/2019/03/27/esports-how-term-was-coined-what-is-correct-way-to-write-it-06197363 [lesedato 5.10.2019]

 

Peikarar

Hannah Dwan: «What are esports? | A beginner's guide», telegraph.co.uk

Ida Eriksen: «Er e-sport og dataspill idrett?», forsking.no

Mathias Hynne og Tor Henrik Stensland: «Norske Emil (16) vant VM i Fortnite», gamer.no

Seth Schiesel: «The Land of the Video Geek», nytimes.com

Max Thielmeyer: «Amateur Esports: Why Join a League?», gamersrdy.com

International e-Sports Federation (IeSF), ie-sf.org

Samling av norske artiklar om e-sport, gamer.no

Telialigaen, offisiell nettstad, telialigaen.no

Først publisert: 03.01.2020
Sist oppdatert: 14.01.2020