Reversen til Odd Hassels nobelmedalje i gull.

Edelmetall, som gull, sølv og platina, er metall som held seg i metallform. Dei blir kalla «edle» fordi dei ikkje reagerer med oksygen og vatn, og heller ikkje blir løyste i fortynna syrer. I naturen finn ein dei gjerne i fri tilstand. Dei er sjeldne og har difor stor økonomisk verdi.

Metalla i det periodiske systemet deler vi inn i to grupper, edle og uedle metall, avhengig av kor lett dei gir frå seg elektron. Dei fleste metalla har lett for å gi frå seg elektron og såleis reagere med andre stoff. Slike metall kallar vi uedle metall. Metalla som held seg i metallform, kallar vi edle metall.

Edle metall endrar seg ikkje sjølv om vi oppbevarer dei over lengre tid i fukt og oksygenrikt vatn. Dei mest kjende edelmetalla er gull, sølv og platina. Desse metalla finn vi som reine stoff i naturen. Grunnstoff som kalium, kalsium, magnesium, jern, kopar, sink og aluminium er uedle metall. Uedle metall finst ikkje som reine metall i naturen, men som sambindingar med andre grunnstoff. I motsetnad til dei edle metalla oksiderer dei uedle metalla lett. Kvikksølv er eit halvedelt metall.

Standard elektrodepotensial er eit mål for kor edeleg eit metall er. Jo høgare dette potensialet er, jo edlare er metallet. Gull er det edlaste av alle metall. Vi kan ordne metalla i den periodiske tabellen i ei spenningsrekkje. Spenningsrekkja viser kva metall som har størst eller minst evne til å gi frå seg elektron. Di lenger til venstre i spenningsrekkja metallet står, di lettare gir det i frå seg elektron. Metalla som står lengst til høgre i spenningsrekkja, held seg i metallform.

Na Mg Al Fe Ni Sn Pb Cu Ag Pt Au
Natrium Magnesium Aluminium Jern Nikkel Tinn Bly Kopar Sølv Platina Gull

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg