Hopp til innhold

Foto: Bergen Offentlige Bibliotek på Flickr Commons
Foto: Bergen Offentlige Bibliotek på Flickr Commons
X
Innhald

Edvard Grieg

Edvard Grieg, norsk pianist og komponist som henta inspirasjon til det særeigne tonespråket sitt i norsk folkemusikk.

Edvard Grieg var fødd 15. juni 1843 i Bergen og døydde same staden 4. september 1907. Han debuterte som pianist i den sørsvenske byen Karlshamn i 1861 og avslutta året etter studium ved konservatoriet i Leipzig. Med gode resultat i både teoretiske og praktiske fag var det klart for ei tredelt verksemd som komponist, utøvar og dirigent.
Grieg fann seg til rette i ei rekkje byar. I 1863 busette han seg i København, der han møtte Nina Hagerup. Paret gifta seg i 1867, etter eit år i Kristiania. Dei treivst ikkje i hovudstaden og nådde ikkje ambisjonen om å bidra til å utvikle eit profesjonelt musikkliv i byen. Perioden i Kristiania var òg prega av tapet av dottera, Alexandra, som døydde 13 månader gamal i 1869.
Utan barn, og med konsertverksemd som leveveg, var ekteparet på arbeidsreiser gjennom heile livet. Roma var eit ynda reisemål, men også Tyskland, Frankrike og England vart vitja flittig. Den omstreifande verksemda heldt fram også etter at paret i 1884 kjøpte ei tomt utanfor Bergen. Her fekk dei oppført villaen Troldhaugen, som i dag er i aktiv bruk som museum og konsertsal.
Grieg etterlet seg 74 opus av større og mindre format. Dei fleste verka hans var for klaver, men han komponerte òg for kammerbesetningar og orkester. Dei mange romansane, fleire av dei skrivne for Nina, står sterkt i produksjonen. Det mest kjende verket hans, pianokonserten i a-moll, vart urframført i København i april 1869.
Folketonar som materiale
Mellom det omfattande arbeidet til Grieg er det truleg måten han tok i bruk element frå norsk folkemusikk på som er mest banebrytande.
Interessa for «det norske» var med frå byrjinga. Alt i København møtte han Richard Nordraak, som meinte at norske tonekunstnarar burde fundere verka sine i folkemusikken si ånd. Denne oppfatninga hadde Nordraak frå mellom anna fiolinvirtuosen og komponisten Ole Bull, som i 1864 introduserte Grieg for fleire dyktige spelemenn på Vestlandet.
Tre år seinare vart Grieg sine første lyriske stykke for piano gitt ut. Desse stykka byggjer ikkje beint fram på folketonar, men imiterer tydeleg tonespråket i slåttar.
Den første direkte bruken av folketonar kom i 1869. 25 norske folkeviser og danser, opus 17, består av arrangement over innsamla folketonar, med større og mindre endringar frå originalane. Det omfattande variasjonsverket Ballade i g-moll, opus 24, er eit anna viktig stykke som byggjer på folkemusikk. Verket vart til vinteren 1875–76, og var skrive over folkevisa «Den nordlandske bondestand» frå Valdres, henta frå Ludvig Mathias Lindeman si samling. Grieg gjorde elles omfattande turar i Jotunheimen og i området kring Lofthus i Hardanger. I 1891 møtte han Gjendine Slaalien og skreiv ned ei rekkje tonar etter henne.
Eit seinare verk, Slåtter, opus 72, tek utgangspunkt i Johan Halvorsen sine nedteikningar av slåttar etter Knut J. Dahle. I ettertid er nedteikninga kritisert. Voksrullopptak av Dahle syner at han spela slåttane noko annleis enn i nedteikningane. Det er òg påpeika at forlaget gløymde å gi opp kjelda i dei første trykka av stykket i 1903. Ved Grieg-jubileet i 2007 gjorde systrene Ingfrid og Åshild Breie Nyhus ei innspeling av slåttane i ei tolking som ligg nærmare Dahle sin versjon.
Mellom borken og veden
Grieg lét seg inspirere av nynorsk dikting. «Våren» og «Du gamle mor» er blant dei mest folkekjære songane hans, begge med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.
Grieg sette musikk til eit utval dikt frå samlinga Haugtussa av Arne Garborg, og det finst skisser som tyder på at han ønskte å komponere til endå fleire av dikta. Komponist Olav Anton Thommessen meiner at Grieg ikkje nytta heile sitt potensial i desse songane, sidan han heldt seg til den ulukkelege kjærleikshistoria i stykket og derfor ikkje fullt ut såg dei kraftfulle sidene ved hovudpersonen Veslemøy. Basert på denne tesen, og på Grieg sine skisser, laga Thommessen i 2007 ein gjennomkomponert variant av heile Garborg sin diktsyklus.
Tonesetjingane av dikta til Vinje og Garborg understrekar likevel Grieg sin respekt for landsmålet. Under språkstriden som rådde i 1890-åra, kjende komponisten seg mellom borken og veden. I brev til Garborg skriv han utleggingar om kjærleiken til det poetiske språket, men han var varsam i omgang med den nære venen Bjørnstjerne Bjørnson, som var imot nynorsk. Etter kvart kom Grieg til at han ikkje ønskte at nokon av språka burde innførast med tvang.
Mange ulike tolkingar
Det finst i dag ei stor mengd innspelingar av Grieg sin musikk, og nye kunstnarar kjem med tolkingar av musikken hans. A-mollkonserten er stadig den mest framførte. Konserten markerte gjennombrotet til pianisten Leif Ove Andsnes, som sidan har stått for solide tolkingar av heile klaverproduksjonen til Grieg.
Også andre norske utøvarar har kome med interessante bidrag. Liv Glaser har spela inn Grieg sine lyriske stykke på eldre klaver, noko som nærmar seg måten stykka kan ha lydd på Grieg si tid. Sigurd Slåttebrekk har prøvd å gjenskape Grieg sin eigen spelestil, basert på voksrullopptak av Grieg sjølv. Når det gjeld verk for orkester og strykeensemble, står Bergen Filharmoniske Orkester – som Grieg var med på å skipe – for nokre av dei betre.
Om komponisten ønskte det eller ikkje, er han gjord til eit av dei viktigaste varemerka for Noreg. I tillegg til at musikken hans vert mykje framført, er Grieg i våre dagar nytta som utgangspunkt for forsking som nettopp tek opp spørsmål om musikk og identitet.
Kjelder
Erling Dahl Jr.: Edvard Grieg, en introduksjon til hans liv og musikk. Oslo 2007
Knut Buen: «Arven frå folkemusikken», i Din Grieg, katalog ved Grieg-jubileet i 1993. Bergen 1993
Thomas Solomon (ed.): Music and Identity in Norway and Beyond – essays Commemorating Edvard Grieg the Humanist. Oslo 2011
Arvid Vollsnes (red.): Norges musikkhistorie 1870–1910, bd. 3: Romantikk og gullalder. Oslo 1999
«Griegslåttene», grieg07.no, publisert 18.10.2007, http://www.grieg07.no/index.php?news=684&history=search [lesedato 17.12 2011]
Peikarar

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 25.06.2019