Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Edvard Hoem

Edvard Arnt Hoem, ein av dei mest markante og stilsikre diktarar i Noreg, med stor og allsidig forfattarskap, ofte med politisk bodskap i dikt, dramatikk og romanar. Folketalar, gjendiktar, teatersjef, salmediktar og Bjørnson-biograf. Statsstipendiat frå 2011.

Edvard Hoem er fødd i Fræna i Romsdal 10. mars 1949. Han tok examen artium ved Molde gymnas i 1968. Parallelt med studium i filosofi og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo var han i 1970–71 reiseskrivar for Noregs Mållag og i 1971–72 konsulent ved Norsk Forfattarsentrum. Med nokre avbrot har han sidan 1968 vore busett i Oslo.
Hoem har sidan 1969 gitt ut nær 40 romanar, skodespel, eigne diktsamlingar, gjendiktingar, dokumentarromanar, samlingar med salmar og balladar og biografiar, og han har òg arbeidd som omsetjar og gjendiktar. Han har gitt ut få diktsamlingar, men heile forfattarskapen er prega av eit openbert poetisk talent, og med sin formsikre nynorsk vert han rekna som ein av dei fremste stilistane i moderne norsk prosadikting.
Også fleire av romanane er i tema og komposisjon farga av Hoems interesse for teater, og utanom eigne skodespel har han vore mykje nytta som omsetjar og gjendiktar av moderne og klassisk dramatikk. Ikkje minst har han hausta ros for gjendiktingar av mange Shakespeare-stykke. Alt i 1976 var han knytt til Det Norske Teatret, frå 1980 til 1983 som husdiktar og dramaturg. I perioden 1998–2000 var Hoem teatersjef ved Teatret Vårt i Molde, og han har òg vikariert som teaterkritikar i dagspressa.
Gjennombrotsromanen var Kjærleikens ferjereiser (1974), som òg vart filmatisert. Hans eigen familiebakgrunn og oppvekst på romsdalskysten pregar mange av bøkene, også den kritikarroste bestseljarromanen om foreldra, Mors og fars historie (2005). Medan første del av forfattarskapen ofte hadde ein klar politisk tendens, har Hoem kanskje nådd lengst ut som salmediktar. Sidan 2004 har han gitt ut ein bandsterk biografi om Bjørnstjerne Bjørnson.
Poet, dramatikar og romanforfattar med ideologisk tendens
Hoem er ein engasjert og tidvis patosfylt retorikar og var mykje nytta i motstandskampen mot norsk EU-medlemskap før 1994. Han har forfatta ei rad med prologar og har skrive ulike sogespel og tingingsverk. Han er ein medrivande kulturformidlar, har dikta fleire salmar, og i samarbeid med komponisten Henning Sommero har han gitt ut fleire CD-ar. Den sikre og poetiske formsansen hans har prega dei mektige gjendiktingane av ti av dei mest sentrale dramaa av William Shakespeare. Edvard Hoem var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2005, og vart utnemnd til statsstipendiat i 2011.
Hoem markerte seg som talentfull dramatikar, glimtvis inspirert av Strindberg og Brecht, først og fremst med Kvinnene langs fjorden (1973), Musikken gjennom Gleng (om Marcus Thrane-rørsla) og Tusen fjordar, tusen fjell (om Ivar Aasen) (begge 1977). I Der storbåra bryt (1979) er handlinga lagd til Romsdalen under napoleonskrigane. Seinare kom fleire lesedrama, pasjonsdrama, ulike sogespel, kyrkjespel og ein operalibretto, Olav Engelbrektsson (1993).
Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Som grøne musikantar, og året etter kom den prosalyriske punktromanen Landet av honning og aske. Hoems bakgrunn som odelsgut til eit småbruk på vestlandskysten og son av ein lekpredikant kjem ofte til syne i temaval, politisk farge og stil i mykje av forfattarskapen, med tyngd alt i gjennombrotsromanane Anna Lena (1971) og Kjærleikens ferjereiser (1974). For lesarsuksessen Kjærleikens ferjereiser fekk Hoem Kritikarprisen, og her nytta han ein Brecht-inspirert framandgjeringsteknikk: Forfattaren – eller «han som skriv» – dukkar med jamne mellomrom opp og kommenterer dei personane han har dikta opp.
Melding frå Petrograd (1978) og Fjerne Berlin (1982) er to band i den planlagde romantrilogien Gi meg de brennende hjerter, medvite farga av Hoems tilknyting til AKP (m‑l). Frå no kom romanar som skildra personlege og eksistensielle oppgjer og oppbrot, skuldkjensle og lengt etter verdiar frå nær fortid. Kunstnarromanen Prøvetid (1984) er eit identitetsdrama, med intrikate tilvisingar til andre tekstar og forfattarskap. Heimlandet Barndom (1985) skildrar ein oppvekst sterkt prega av faren som reiste som emissær for Indremisjonen. For den mangfaldig komponerte Ave Eva (1987) vart Hoem for tredje gong innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Boka er ein kombinert «herregårdsroman» og sjølvkritisk generasjonsroman. I Tom Bergmanns tid (1991) og Engelen din, Robinson (1993) viser korleis fortapte søner mislukkast i å vende attende. Tid for klage, tid for dans (1996) tek opp teologiske spørsmål, medan Frøken Dreyers musikkskole (2000) er ein kunstnar- og ekteskapsroman med psykologisk meisterleg portrettering.
Salmediktar og Bjørnson-biograf
Forfattarskapen omfattar også fagbøker og pamflettar, til dømes Mitt tapre språk (1995), eit kunnskapsrikt forsvarsskrift for nynorsk. Hoem har omsett og gitt ut eigne balladar og salmar, nokre av dei er med i salmeboka av 1997. Kritikar- og lesarsuksessen Mors og fars historie (2005) skildrar korleis lekpredikantfaren hans og mora møttest. Ho var i 1945 kokke på Fåberg pleieheim og skulle ha barn med ein tysk soldat. Også denne boka vart nominert til Nordisk råds litteraturpris og til Kritikarprisen, og fekk Melsom-prisen og Petter Dass-prisen.
I 1989 skreiv Hoem ein biografi om Nordahl Grieg, Til ungdommen. Nordahl Griegs liv, og frå 2004 har han med perspektivrikt grep om historisk kjeldemateriale gitt ut ein bandsterk biografi om eit anna litteraturpolitisk førebilete, Bjørnstjerne Bjørnson.
Prisar
Kritikarprisen (1974)
Sunnmørsprisen (1974)
Sokneprest Alfred Anderrsson-Ryssts fond (1978)
Aschehougprisen (1985)
Nynorsk litteraturpris (1987)
Doblougprisen (1987)
Gyldendals legat (1989)
Melsom-prisen (2006)
Petter Dass-prisen (2007)
Ibsenprisen (2009)
Språkprisen frå Språkrådet (2013)
Kjelder
Sverre Tusvik: «'den er ikkje lett for folket, den tida vi lever i.' Edvard Hoems forfattarskap», Linjer i Nordisk prosa. Norge 1965–1975. Oslo 1977
Øystein Tjora: «Sjølvinnsikt og politisk innsikt i Edvard Hoems romanar», Norsk litterær årbok 1977
Geir Mork: Eit romanprosjekt i samanbrot. Oslo 1984
Øystein Rottem: «Edvard Hoem – drømmen om det tapte paradis. Bjørnson eller Garborg. Den umulige hjemkomst», Norges litteraturhistorie, bd. 2: Etterkrigslitteraturen. Oslo 1997
Vidare lesing
Aamotsbakken, Bente: Tekst og intertekst: en studie i intertekstualitetens betydning i tre åttitallsromaner av Edvard Hoem, 1997
Mork, Geir: Eit romanprosjekt i samanbrot: om Edvard Hoems Gi meg de brennende hjerter 1 og 2, 1984
NBL 2. utg.
Nergård, Mette Elisabeth: Om Heimlandet Barndom av Edvard Hoem, 1997 (Veier til verket)
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
Tusvik, Sverre: "' - den er ikkje lett for folket, den tida vi lever i'. Edvard Hoems forfattarskap". Rønning, Helge, red.: Linjer i nordisk prosa: Norge 1965-1975, 1977, 189-211
Vedlegg til Dag og tid nr 25, 25. juni 2005 (tema: Edvard Hoem)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 27.06.2012
Sist oppdatert: 20.04.2017