Faktaboks

Einar Økland
Fødd
17. januar 1940, Sveio
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Sjåfør og småbrukar Bernt Martin Økland (1910–47) og småbrukar Sigrun Eriksen (1906–97).

Gift 1963 med lærar Liv Marit Martha Nordbø (14.4.1938–), dotter til gartnar Peder Mandius Nordbø og Alma Østrem.

Einar Økland
Einar Økland
Av /Samlaget.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Einar Økland er ein norsk forfattar. Han var ein sentral medlem av Profil-krinsen med eit stort og mangslungen forfattarskap som omfattar dei fleste sjangrar. Humor, ironi, burleske innfall, stilistisk mangfald og språklege eksperiment pregar forfattarskapen.

Saman med forfattarane Tor Obrestad, Kjell Askildsen, Bjørn Nilsen, Dag Solstad og Arnljot Eggen var Økland ein av grunnleggjarane av Norsk Forfattersentrum i 1968.

Lyrikk

Økland debuterte som lyrikar med Ein gul dag (1963). Seinare samlingar er: Mandragora (1966), Vandreduene (1968) og ei rekkje diktbøker, kalla «folkeminne»: Bronsehesten (1975), Romantikk (1979), Blå roser (1983), Når ikkje anna er sagt (1991), Heile tida heile tida (1994), Krattet på badet (2006). Som lyrikar integrerer han enkle og folkelege uttrykksmåtar i ein open biletstruktur med ein vev av assosiasjonar, med brodd mot all slags maktspråk og inngrodde vaneframsyningar.

Prosa

Økland debuterte som prosaist med novellesamlinga Svart i det grøne (1967). Ei særeigen blanding av minnebok, diktbok og «punktroman» er Amatør-album (1969). Sjangeroverskridande er også tekstsamlinga Gull-alder (1972). Romanene Galskap (1971) og Stille stunder (1974) er originale bidrag til den eksperimentelle prosaen til 1970-åra.

Barnelitteratur

Økland er også nyskapande som barnebokforfattar, og han har fått ei rekkje prisar for sine barne- og biletbøker. Dette omfattar både noveller, epistlar og dikt, slik som prosabøkene Det blir alvor (1974), Snakk med dr. Ost (1977), Gutar i røyk (1980), Snøsteinen (1982), Den dumme (1988) og Siste time (1992) og diktsamlingane Du er så rar (1973), På frifot (1978), Mellom himmel og jord (1986) og Pennen den blå (1992). For barneboka Sikk-sakk (1978), var han den første som fekk Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker i 1978.

Drama og sakprosa

Han har også skrive skodespel og ei rekkje sakprosabøker. Dei mange essaya hans og artiklar finnes samla i Skrivefrukter (1979), Nå igjen (1982), Måne over Valestrand (1989), I staden for roman eller humor (1993) og Frå helling via hylling til halling (1997).

Essayboka Kant-i-kant (2008) består av både nyskrivne og tidlegare utgitte tekstar. I samband med 70-årsdagen gav han ut tekstsamlinga Forteljingar og fablar frå andre tider (2010).

Utmerkingar og prisar

I 1992 var Økland festspeldiktar ved De Litterære Festspill i Bergen og i 2002 var han festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela i Ørsta. Han fekk Aschehougprisen i 1988, Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006. I 2015 fekk han Brageprisens heiderspris. Same år vart han heidra med Språkprisen som blir delt ut av Språkrådet.

Bibliografi

  • Norwegen, schönes Land (Kunst og kulturhistorie, Samlaget, 2017)
  • Sykling i søvne. Eller: Dårens trompet (Lyrikk, drama og essay, Samlaget, 2015)
  • Statsminister-boka (Statsministerbok, Samlaget, 2013)
  • Fotgjengar med fotnotar (Kortprosa, Samlaget, 2013)
  • Norske malebøker. Læremiddel, kunstformidling, tidtrøyte og lokkemiddel (Sakprosa, Samlaget, 2012)
  • Smil utan smilar (Lyrikk, Samlaget, 2011)
  • Forteljingar og fablar frå andre tider (Eventyr, Samlaget, 2010)
  • Vandreduene : lyriske stykke (Lyrikk, Samlaget, 2010)
  • Eventyrboka (Medforfattar) (Eventyr, Skald forlag, 2009)
  • Damsleth : han teikna for Norge (Vigmostad & Bjørke, 2008)
  • Juleglimt (Medforfattar) (Noveller, Selja, 2008)
  • Oddvar Torsheim : i nynorskens skog (Sakprosa, Samlaget, 2008)
  • Kant-i-kant : småprosa (Essays, Samlaget, 2008)
  • Godnattboka : nynorske forteljingar (Medforfattar) (Eventyr, Skald forlag, 2007)
  • Litteratur for barn og unge: 2008 (Samlaget, 2007)
  • Krattet på badet (Lyrikk, Samlaget, 2006)
  • Black & Decker og 20 andre historier. Eit utval (Noveller for ungdom, Samlaget, 2006)
  • Den blanke bjølla. Utvalde noveller for barn (Samlaget, 2005)
  • Poetiske gleder (Lyrikk, Samlaget, 2003)
  • Dikt i samling (Lyrikk, Samlaget, 2002)
  • I tilfelle nokon spør (Essays, Samlaget, 2001)
  • Th. Kittelsen (Medforfattar) (Stenersen, 1999)
  • Etter Brancusi (Lyrikk, Samlaget, 1999)
  • Svarte norske (Lyrikk, Samlaget, 1997)
  • Max Ernst: Ei lita jente drøymer om å gå i kloster (Gjendikting, 1997)
  • Frå helling via hylling til halling (Essays, Samlaget, 1997)
  • Heile tida heile tida (Lyrikk, 1994)
  • I staden for roman eller humor (Essays, Samlaget, 1993)
  • Siste time (Noveller, Cappelen, 1992)
  • Pennen den blå (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1992)
  • Når ikkje anna er sagt (Lyrikk, Samlaget, 1991)
  • Per Krohg som illustratør (Sakprosa, Samlaget, 1989)
  • Walkman (Biletbok, Samlaget, 1989)
  • Måne over Valestrand (Essays, Samlaget, 1989)
  • Tolv dagar musikk. (Biletbok, 1989)
  • Brevmerke på norsk post (Sakprosa, Samlaget, 1988)
  • Den dumme (Eventyr, Samlaget, 1988)
  • Reklamebildet (Medforfatter) (Sakprosa, Samlaget, 1986)
  • Mellom himmel og jord (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1986)
  • Her er ingen papegøye (Barnebok, Samlaget, 1984)
  • Blå roser (Lyrikk, Samlaget, 1983)
  • Nå igjen (Essays, Samlaget, 1982)
  • Snøsteinen (Noveller, Samlaget, 1982)
  • Egg til alle (Barnebok, Aschehoug, 1982)
  • Ei ny tid (Biletbok, Samlaget, 1981)
  • Den norske barnelitteraturen (Medforfattar) (Sakprosa, Cappelen, 1981)
  • Gutar i røyk : ni ulike historiar i røyk. (Noveller, Samlaget, 1980)
  • Vendepunkt : 14 noveller for ungdom (Medforfattar) (Noveller for ungdom, Cappelen, 1979)
  • Ein god dag (Biletbok, Samlaget, 1979)
  • Skrivefrukter : epistlar, artiklar, småstykke frå norsk litteratur 1963-1978 (Essays, Gyldendal, 1979)
  • På frifot, blanda vers (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 1978)
  • Sikk-sakk (Barnebok, Samlaget, 1978)
  • Snakk med dr Ost (Barnebok, Samlaget, 1977)
  • Statsministerens sko og andre tekster (De norske Bokklubbene, 1976)
  • Ingenting meir (Pax, 1976)
  • Kven veit? (Barnebok, 1976)
  • Jazz i Norge (Medredaktør) (Sakprosa, Gyldendal, 1975)
  • Slik er det (Noveller, Samlaget, 1975)
  • Den blå ringen (Barnebok, Samlaget, 1975)
  • Bronsehesten. (Lyrikk, 1975)
  • Stille stunder (Roman, 1974)
  • Det blir alvor (Noveller, Samlaget, 1974)
  • Du er så rar (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1973)
  • Gull-alder (Lyrikk, Samlaget, 1972)
  • Galskap (Roman, Samlaget, 1971)
  • Bemann barrikadene – fienden har sluppet løs sin pyjamas! (Medredaktør) (Antologi, De norske Bokklubbene, 1970)
  • Amatør-album (Roman, Samlaget, 1969)
  • Aberfan (Dramatikk, Samlaget, 1969)
  • Vandreduene (Lyrikk, Samlaget, 1968)
  • Georg: Sit du godt? (medf). (Dramatikk, Samlaget, 1968)
  • Svart i det grønne (Noveller, Samlaget, 1967)
  • Mandragora (Lyrikk, Samlaget, 1966)
  • Ein gul dag (Lyrikk, Cappelen, 1963)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Karlsen, Ole, red.: Ein orm i eit auge : om Einar Øklands forfatterskap, 1997
  • Kittang, Atle: "'Carry on crow -'. Hovuddrag ved Einar Øklands prosa" i Rønning, Helge, red.: Linjer i nordisk prosa, 1977, 321-49
  • Norsk biografisk leksikon 2. utgave
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg