Hopp til innhold
X
Innhald

Elementærpartiklar

Elementærpartiklar er dei aller minste byggjesteinane i naturen, ifølgje Standardmodellen for partikkelfysikk. Dei kan ikkje delast i mindre delar, derfor nemninga elementær.

Elementærpartiklane byggjer opp atoma som vi og alt omkring oss består av, og gjer òg at atoma kan reagere med kvarandre gjennom dei ulike naturkreftene. Elementærpartiklane oppfører seg etter lovene i kvantefysikken, og difor har dei mange uvande eigenskapar. Til dømes er kvantefysikken styrt av sannsyn, slik at to identiske reaksjonar ikkje treng å produsere det same utfallet.

Vi deler elementærpartiklane inn i to kategoriar: fermion og boson. Det som skil dei, er ein kvantefysisk eigenskap som heiter spinn. Fermion har spinntal 1/2, medan boson har 0 eller 1. Elementærpartiklane har òg andre kvantetal enn spinn, til dømes elektrisk ladning og fargeladning.

Fermiona er dei partiklane som materien er bygd opp av. Døme på fermion er kvarkar, byggjesteinane i atomkjernen, og elektron, som utgjer skalet rundt atoma. Elektrona er del av ein familie som heiter lepton.

Bosona er derimot ansvarlege for å formidle kraft mellom partiklane. Dei ulike kreftene har kvar sine boson. Den sterke kjernekrafta, som verkar mellom kvarkane, vert formidla av gluonet. Den svake kjernekrafta, som koplar kvarkar med lepton, vert handsama av W- og Z-bosona. Den elektromagnetiske krafta, som vi kjenner frå dagleglivet både som elektrisk kraft og lys, vert formidla av fotonet – betre kjent som lyspartikkelen.

Så seint som i 2012 vart det stadfesta av eksperimentet LHC på CERN at det finst endå eit boson, Higgsbosonet, som har ansvar for å gi masse til dei andre elementærpartiklane. Higgsbosonet hadde vore føresagt av teoretiske fysikarar i nesten femti år, og den eksperimentelle stadfestinga vart feira som ein stor triumf for fysikkvitskapen.

Kjelder

David J. Griffiths: Introduction to Elementary Particles. New Jersey 1987

C. Patrignani ofl. (Particle Data Group), Chinese Physics C, 40, 100001 (2016) og 2017-oppdatering, pdg.lbl.gov: http://pdg.lbl.gov/2017/listings/contents_listings.html [lesedato 18.3.2018]

Først publisert: 05.11.2018
Sist oppdatert: 05.11.2018