Hopp til innhold
X
Innhald

Elena Ferrante

Elena Ferrante er pseudonymet til ein verdskjend italiensk forfattar. Med bøkene i Napolikvartetten har ho oppnådd stor internasjonal suksess.

Elena Ferrante er eit pseudonym og eit litterært fenomen. Av dei skriftlege opplysningane som er gitt, går det fram at det bak pseudonymet løyner seg ei kvinne som er fødd i 1943 i Napoli, Italia. Ho har universitetsutdanning i klassisk litteratur og arbeider som lærar og omsetjar.

Allereie då Ferrante debuterte pseudonymt i 1992, gjorde ho det klart at bøkene hennar er sjølvstendige litterære verk som ikkje har behov for ein forfattar etter at dei er skrivne. Er bøkene gode nok, finn dei sjølve lesarane sine. Slik skapte ho ein anonymitet som ho har halde på sidan, eit hemmeleghald som dei siste åra har vekt stadig større engasjement og debatt.

Ferrante debuterte i 1992 med romanen L'amore Molesto, på norsk Hjemreise (1994) og ny omsetjing i 2018 med tittelen Kvelande kjærleik. I 2018 var Ferrante fast helgespaltist i den britiske avisa The Guardian. I boka Eit år med Elena Ferrante (2020) er desse avisspaltene samla.

Det var med Napolikvartetten, som kom ut i heimlandet frå 2011 til 2014, at Ferrante fekk sitt store internasjonale gjennombrot. Mi briljante venninne kom i norsk utgåve i 2015. Sidan kom Historia om det nye namnet (2015), Dei som flyktar og dei som blir (2016) og Historia om det tapte barnet (2016). Kvartetten har sitt geografiske utgangspunkt i Napoli, strekkjer seg over 50 år i tid og handlar om tøffe oppveksttilhøve, familieband, feminisme, venskap, svik og tap. Dei to første romanane er filmatiserte, og i 2018 blei Mi briljante venninne lansert som fjernsynsserie.

Bøkene er gitt ut i meir enn 40 land. I Noreg har Kristin Sørsdal fått god kritikk og fleire prisar for omsetjingane av Ferrante sine romanar til nynorsk.

Ferrante tek ikkje imot litterære prisar. Likevel er ho blitt nominert til fleire, til dømes den italienske Stregaprisen i 2015 og den britiske Bookerprisen i 2016.

Napolikvartetten

Romanserien frå og om Napoli er Ferrante sitt mest ambisiøse prosjekt. Gjennom fire romanar og eit tidsspenn på over 50 år følgjer vi hovudpersonane Elena Greco og Lila Cerullo frå dei er småbarn og fram til dei er over 60 år gamle. Kjernen i forteljinga er den tette og kjenslevare relasjonen mellom dei to. Forteljaren i romanane er den vaksne Elena, som etter å ha fått vite at Lila har forsvunne, ser seg tilbake og skriv ned den sterke historia deira, om oppvekst, overgrep, undertrykking, klassekamp og frigjering.

Sjølv om Elena og Lila står kvarandre nær, representerer dei samstundes ytterpunkta i forteljinga. Elena tek høgare utdanning og etablerer seg som forfattar. Lila er meir eller mindre sjølvlært. Elena reiser bort frå Napoli, Lila blir buande. Den stadige rivaliseringa mellom dei to er ei av dei viktigaste drivkreftene i romanane. Gjennom dei fire bøkene tematiserer Ferrante fattigdom, svik, vald og overgrep. Samstundes gir ho eit detaljert bilete av både Napoli og Italia si sosiale og politiske historie frå siste halvdel av nittenhundretalet og fram til vår tid.

Napolikvartetten har nådelause skildringar av byen Napoli. Ferrante avdekkjer politisk og moralsk forfall og lovlause tilstandar i mafiaen sitt brutale grep om bysamfunnet. Men romanane har òg ein autobiografisk nerve. Likskapen med Ferrante trer tydeleg fram, mellom anna gjennom at hovudpersonen heiter Elena og er forfattar. Etter det som er kjent, vaks Ferrante sjølv opp i Napoli.

Eit litterært fenomen og mysterium

Napoliromanane til Ferrante er blitt internasjonale bestseljarar. Forteljingane hennar har mange lag og nyansar. Ho skriv om nære, men vanskelege familierelasjonar og om lagnadstunge møte mellom menneske. Kvinnekampen står fram som eit gjennomgåande tema. Med stor detaljrikdom i karakter- og miljøskildringane greier ho å skape nære, levande og autentiske forteljingar. 

Det var først då Napolikvartetten kom ut på engelsk, at Ferrante-feberen byrja å stige i mange land. Særleg var mottakinga i USA formidabel. Suksessen der opna vegen for eit stort internasjonalt gjennombrot. I Noreg er det selt meir enn 400 000 bøker på nynorsk. Internasjonalt er det selt om lag ti millionar eksemplar av Napolikvartetten.

I takt med den veksande populariteten har spekulasjonane og rykta om kven som skjuler seg bak pseudonymet Elena Ferrante auka i intensitet. Sjølv seier forfattaren at bøkene hennar skal stå på eigne bein og ikkje vere knytte til ein forfattar, sidan det kan rette merksemda mot personen og ikkje fiksjonen. Kritiske røyster hevdar at det er det motsette som skjer. Hemmeleghaldet gjer sitt til å styrkje posisjonen til fenomenet Ferrante, og på den måten halde merksemda og interessa for bøkene oppe. At forfattaren ønskjer å vere anonym av tryggleiksomsyn, er ei anna mogleg forklaring. Dei utleverande skildringane av Napoli og mafiaen kan utgjere eit trugsmål mot personen bak pseudonymet dersom identiteten blir offentleg kjend.

 

Kjelder

Elena Ferrante: Frantumaglia. Tankar, brev og intervju. Oslo 2019

 

Sian Cain: «Elena Ferrante to become Guardian Weekend's new columnist», theguardian.com, publisert 18.1.2018: https://www.theguardian.com/books/2018/jan/18/elena-ferrante-to-become-guardian-weekends-new-columnist [lesedato 26.2.2020]

Rachel Donadio: «Who Is Elena Ferrante? An Educated Guess Causes a Stir», nytimes.com, publisert 13.3.2016: https://www.nytimes.com/2016/03/14/books/who-is-elena-ferrante-an-educated-guess-causes-a-stir.html?_r=0 [lesedato 26.2.2020]

Camilla Norli: «Mysteriet Ferrante», vg.no, publisert 28.03.2016: https://www.vg.no/rampelys/bok/i/02lvJ/mysteriet-ferrante [lesedato 26.2.2020]

Deborah Orr: «Elena Ferrante. In a manner of speaking», The Gentlewoman nr. 13/2016, publisert elektronisk på thegentlewomen.co.uk: https://thegentlewoman.co.uk/library/elena-ferrante [lesedato 26.2.2020]

James Wood: «Women on the verge. The fiction of Elena Ferrante», newyorker.com, publisert 14.1.2013: https://www.newyorker.com/magazine/2013/01/21/women-on-the-verge [lesedato 26.2.2020]

 

Peikarar

Sigmund Haugedal: «Kvinnen bak suksessforfatteren Elena Ferrante kan være avslørt», aftenposten.no, publisert 21.3.2016

Camilla Norli: «Ferrante-regissør: – Som å jobbe med et spøkelse», vg.no, publisert 19.11.2018

Først publisert: 15.12.2020
Sist oppdatert: 15.12.2020