Faktaboks

Eli Oftedal
Fødd
6. september 1921, Sparbu (no Steinkjer)
Død
5. juli 2019, Oslo

Eli Oftedal var ein norsk omsetjar, petitskribent og radiokåsør.

Bakgrunn

Eli Oftedal var fødd i Sparbu. Ho tok examen artium på latinlinja ved Steinkjer landsgymnas i 1941, gjekk på teiknelinja på Statens kvinnelige industriskole (seinare Statens lærarhøgskole i forming, Oslo), tok norsk mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1945, fransk mellomfag i 1947 og studerte engelsk ved University of Madison, Wisconsin, USA i 1947–1948. Same staden studerte ho også kunsthistorie og komposisjon.

I jubileumsboka for studentane frå 1941 fører ho opp som yrke «kjøkenskrivar», med den forklarande parentesen «ei som skriv på kjøkenet».

Redaksjonelt arbeid

I 1943–1945 var ho lærar, 1948–1950 var ho tilsett som redaksjonssekretær for det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok, og ei tid gjorde ho frilansarbeid med redigering av stoff for Norsk Tidend og Dag og Tid.

Omsetjar

Ho omsette over 30 bøker frå engelsk, tysk og fransk, dei fleste frå engelsk, mange av dei barnebøker og mange for Det Norske Samlaget. Ho gjorde òg ei rad omsetjingar for NRK. Mest kjend er kanskje likevel omsetjinga av operetten Oklahoma! for Det Norske Teatret i 1949.

Petitskribent

I mange år var ho frilans petitskribent i Dagbladet under signaturen «Eli», og ho heldt mange morgonkåseri i NRK, mellom anna i serien «Som dagane går».

Styreverv

Oftedal var varamedlem av Norsk språkråd 1988–1995, oppnemnd av Norsk Oversetterforening, varamedlem til styret i Riksteatret 1961–1969 og var ei tid leiar for rådet for Norsk Barneblad.

Prisar

I 1971 vart ho tildelt Norsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Tryggve Juul Møller mfl. (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966
  • Eli Oftedal: « Minnest tida på Tuv». Årbok 2000, Sparbu historielag
  • Eli Oftedal: «Prestegardsliv i 30-åra». Folkehøgskolen, 7–8, 1990

Kommentarar (2)

skreiv Jon Grepstad

Ein artikkel utan kjelder er ikkje mykje verd. Dette er nokre av kjeldene eg brukte da eg skreiv artikkelen. Dei er blitt skrella bort under flyttinga frå Allkunne, men bør vere med:

Tryggve Juul Møller mfl. (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966

Eli Oftedal: « Minnest tida på Tuv». Årbok 2000, Sparbu historielag

Eli Oftedal: «Prestegardsliv i 30-åra». Folkehøgskolen, 7–8, 1990

Årsmeldingar frå Norsk språkråd

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei, har tatt inn titlane. Me har ikkje tradisjon for kjeldeliste i SNL, men me tek gjerne med utgivingar og sekundærlitteratur, det bør helst vere titlar ein lett kan finne att på nett eller i bibliotek.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg