Hopp til innhold
Ellisif Wessel. Sjølvportrett, ca. 1940. Kjelde: Grenselandsmuseet på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: SMU.F000207. CC BY-NC-ND 4.0.
Ellisif Wessel. Sjølvportrett, ca. 1940. Kjelde: Grenselandsmuseet på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: SMU.F000207. CC BY-NC-ND 4.0.
X
Innhald

Ellisif Wessel

Ellisif Wessel, fotograf, forfattar og politisk aktivist. Ho var inspirert av kommunismen sin framgang i Russland og Tyskland og vart ein av pionerane i arbeidarrørsla i Finnmark på byrjinga av 1900-talet.

Ellisif Rannveig Müller Wessel var fødd 14. juli 1866 i Gausdal og døydde i Kirkenes 28. november 1949. Ho budde på Dovre og i Oslo, der ho gjekk mellomskulen, og flytta til Kirkenes i 1886. I 1890-åra etablerte ho seg som fotograf. Motiva var dagleglivet til nordmenn, samar og kvener, på både norsk og russisk side. Bileta vart brukte i vitskapelege tidsskrift, og mange kom med i Fra vor grændse mod Russland (1902), ei bok om levekår og skikkar i Sør-Varanger, av Andreas Bredal Wessel.

På reisene i Sør-Varanger vart Wessel kjend med folk, fattigdom og urett. Det skjerpte rettferdssansen hennar. Då fiskarar gjekk til åtak på kvalfangsstasjonen i Mehamn i 1903 fordi dei meinte at kvalfangsten øydela fisket, skreiv ho støtteerklæringar til fiskarane i avisene. I nødsåret 1904 organiserte ho innsamling av mat og klede til trengande. Engasjementet tok ei radikal vending med opprøret mot tsaren i St. Petersburg i 1905. Demonstrantar vart slått ned med hard hand, og mange av dei kom som politiske flyktningar til Kirkenes. Hos Wessel fekk dei husly, og dei fekk hjelp til å smugle propagandamateriale til Russland.

Då A/S Sydvaranger opna gruvedrift i 1906, talte ho arbeidarane si sak. Ho var med på å starte fagforeininga Nordens Klippe og vart vald til kasserar og sekretær. I 1907 arrangerte ho den første 1. mai-feiringa i Kirkenes, med hovudparolen «Ned med trona, alteret og pengeveldet». I 1909 drog ho i gang Kirkenes socialdemokratiske forening.

Wessel skreiv hundrevis av debattinnlegg i Finnmarken og andre arbeidaraviser. For å skulere seg sjølv og andre i politisk tenking lærte ho seg russisk og tysk, og ho omsette kommunistiske kampskrift til norsk. I 1914–15 gav ho ut sitt eige tidsskrift, Klasse mot klasse, der ho krinsa om sviket til dei tyske sosialdemokratane, som hadde gått med i verdskrigen. Ho sette sin lit til russiske revolusjonære, og til revolusjonen i 1917, men forventningane slokna i takt med at kommunismen vart erstatta av partidiktatur. Radikalismen og aktivismen hennar bleikna, men ho stod støtt på den politiske venstresida.

I 1903 og 1904 gav ho ut små diktsamlingar og i 1914 barneboka Den lille socialist. Siste gong ho publiserte noko, var i 1930, då kom diktsamlinga Det kalder. Også den skjønnlitterære skrivinga til Wessel har ein klar politisk tendens.

 

Kjelder

Dag Skogheim: Kvinner i nordnorsk arbeiderbevegelse. Ellisif Wessel. Oslo 1977

Steinar Wikan: Ellisif Wessel. En biografi. Oslo 2008

 

Randi Rønning Balsvik: Ellisif Wessel. Den revolusjonære overklassekvinnen fra Kirkenes. Gnist nr. 1/2013, marxisme no: http://marxisme.no/ellisif-wessel-den-revolusjonaere-overklassekvinnen-fra-kirkenes/ [lesedato 13.10.2018

Linda May Myklebust: «Ellisif Wessel, Finnmarks store fotograf», Syn og Segn nr. 3/1997, nb.no: https://www.nb.no/items/41c3d6c9e13bccd072b6a8e823da1fbb?page=73&searchText=syn og segn nr 3/1997 [lesedato 12.10.2018]

Hannele Pappila: «Ellisif Wessel – poetisk fotograf og dokumentarist», Arbeiderhistorie 2008, docplayer.me: https://docplayer.me/18091469-Ellisif-wessel-ved-skrivebordet-i-doktorboligen-i-kirkenes-omkring-1905.html [lesedato 20.2.2019]

Peikarar

Varanger Museum: Fotografi av Ellisif Wessel, digitalmuseum.no

Fotografi av Ellisif Wessel, himmelstigen.no

Ellisif Wessel: Den lille socialist, barnebok med fargeteikningar av Aimar Olsen, nb.no

Først publisert: 07.05.2019
Sist oppdatert: 09.05.2019