Hopp til innhold
Fotografi av Elsa Laula Renberg. Eigar: Helgeland Museum. Ukjend fotograf. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: VBH.F.88-032-0107. Brukt med løyve for Allkunne.
Fotografi av Elsa Laula Renberg. Eigar: Helgeland Museum. Ukjend fotograf. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: VBH.F.88-032-0107. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Elsa Laula Renberg

Elsa Laula Renberg, ein pioner blant sameaktivistar i Sameland. I Sverige var ho med på å starte den første sameforeininga i verda, og ho organiserte den første samiske kvinneforeininga og det første samiske landsmøtet i Noreg. I 2017 vart det bestemt at fødselsdagen hennar skulle vere offisiell samisk flaggdag.

Sørsamen Elsa Kristina Laula Renberg var fødd i Susendal i Nordland 29. november 1877 og døydde 22. juli 1931 i Brønnøy. Ho voks opp nær Vilhelmina i Västerbotten i Sverige, der foreldra dreiv reindrift. Ho opplevde på nært hald at svenske nybyggjarar byrja å dyrke jord på samane sine beiteområde. Dersom reinen åt av høyet til bøndene, fekk reineigarane erstatningskrav. Mange samar vart forgjelda, og mange miste livsgrunnlaget. Ikkje kunne dei kjøpe jord og verte bønder, for det var forbode ved lov, og sidan dei ikkje eigde jord, hadde dei heller ikkje røysterett. Det var desse urettane Renberg ville gjere slutt på.

Etter realskule i Örebro budde ho i Stockholm i 1904–05, der ho utdanna seg til jordmor. Åra i Stockholm skjerpte kampgløden hennar. I hovudstaden var ho mykje saman med samar og kvinnesakskvinner, lærte seg foreiningsverksemd og taleteknikk og bygde alliansar med folk frå styresmaktene og med journalistar. Som første samiske kvinne gav ho ut bok, kampskriftet Innför Lif eller Död (1904), der ho tek eit oppgjer med fordommar som prega svenskane si forståing av samane. I 1904 var ho med på å stifte det svenske Lappernas Centralförbund, det første i sitt slag i verda, og vart sjølv leiar av forbundet. Ho forstod at samane måtte stå saman dersom dei skulle oppnå noko, for problemet, sa ho, er kolonisering, og medisinen er organisering.

I 1907 flytta ho til Vefsn i Nordland, vart reineigar og heldt fram med kampen for samane. På reiser rundt i Nord-Noreg mana ho til innsats og organisering. Krava var dei same som i Sverige, å sikre samane beiterettar og juridisk og kulturelt likeverd. I 1908 var ho med på å dra i gang den første norske sameforeininga, i 1910 den første samiske kvinneforeininga. Stridsspørsmåla var mange, både mellom samane innbyrdes, mellom samar og etniske nordmenn og mellom samar og Stortinget. Renberg stod midt i kampen, og spitorda var mange.

Ho heldt fana høgt. Saman med den samiske kvinneforeininga greidde ho å samle samar frå nord og sør til Norske Lappers Landsmøte i Trondheim i 1917. Nokre av deltakarane var svenske, over halvparten var kvinner, og Renberg var hovudtalar.

I 2003 vart opningsdatoen for det første landsmøtet, 6. februar, gjort til samane sin nasjonaldag. Under hundreårsfeiringa vart Elsa Laula Renberg sin fødselsdag, 29. november, vedteken som offisiell samisk flaggdag i Sápmi, Sameland. I 2019 vart det avduka ein statue av henne i Mosjøen.

 

Kjelder

Siri Broch Johansen: Elsa Laula Renberg. Historien om samefolkets store Minerva. Karasjok 2015

 

Ingrid Wreden Kåss: «Elsa Laula Renberg (1877–1931)», stemmerett.no: http://www.stemmerett.no/tema/personene/renberg.html [lesedato 25.2.2019]

NRK TV: «Elsa Laula Renberg, kvinnen som samlet Sapmi», nrk.no: https://tv.nrk.no/program/SAPP67002117 [lyttedato 1.10.2018]

Karen Brodshaug Sveen: «Samenes Jeanne d’Arc», nrk.no: https://www.nrk.no/kultur/xl/et-liv-i-kamp-for-samefolkets-rettigheter-1.13351401 [lesedato 25.2.2019]

 

Peikarar

Emil H. Indsetviken og Martin Steinholt: «I dag kom Elsa som første samiske kvinne i Norge på sokkel», nrk.no

Dan Robert Larsen: «Samisk heltinnes barnebarn: – Situasjonen for samene er verre nå enn for 100 år siden», nrk.no

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019