Hopp til innhold
X
Innhald

Else Frogner Henden

Else Frogner Henden, skodespelar og barnebokforfattar, ein kulturformidlar som særleg har gleda barn med forteljingar om livet på garden og bygda der ho voks opp.

Else Olea Frogner Henden er fødd 22. februar 1927 i Ridabu i Hedmark. Etter folkehøgskule på Elverum og hushaldningsskule i Danmark flytta ho til Oslo i 1948. Der fekk ho huspost hos ein skodespelarfamilie og vart sjølv inspirert til å prøve seg på scena. I to år gjekk ho i lære ved Rogaland Teater, der ho hadde si første rolle som Ingrid i Peer Gynt i 1951. Frå 1953 til 1957 var ho tilsett ved Det Norske Teatret.

Frogner Henden hadde rolla som Anne Sophie i Det Norske Teatret si uroppføringa av Den fjerde nattevakt (1956). Ho var òg med då stykket turnerte med Riksteatret og då det gjekk på Fjernsynsteatret (1960). I alt spela ho i eit tjuetals teateroppsetjingar, mange av dei komediar, medrekna Gjengen ordner opp, eit morostykke for barn.

I 1966 debuterte ho som forfattar med Fem glade unger, den første av fem barnebøker, skrivne for dei minste. Den siste, Tussetina, kom i 1994. I NRK medverka ho i Barnetimen for dei minste, og i 1981 hadde ho barne-tv-serien «Den gongen je var lita». Der tek ho utgangspunkt i sin eigen barndom med fem søsken på ein storgard på Hedmarken. Ho lèt oss få sjå fotografi av familien og bygda, fortel om baking og slakting på garden og viser fram ransel, pennal og pennehus som ho brukte på skulen. På ein personleg måte formidlar ho bondekulturen slik ho sjølv opplevde han. Lydboka Hos Tore, husfruen på Bjørnsgard (1998) er ei memoarbok om dei to åra ho var hushjelp i Oslo.

Gjennom NRK og bøkene har heile landet kunna glede seg over Frogner Henden som ein framifrå kulturformidlar. Barna fekk spennande historier, samtidig som dei lærte om levevis på bygdene i Førkrigs-Noreg, formidla på dialektnært språk. I barne-tv-serien snakkar ho hedmarksdialekt, i bøkene er replikkane gjengitt etter talemålet. For vaksne har ho i fleire tiår vore ein etterspurd forteljar og diktopplesar. Framleis i 2019 byd ho på dikt og historier ved tilstellingar i lokalmiljøet.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Else Frogner Henden 13.12.2018

 

Else Frogner Henden: Hos Tore, husfruen på Bjørnsgard, sjølvbiografisk lydbok innlesen av forfattaren. Oslo 1998

 

Else Olea Frogner, skodespelaroversikt, sceneweb.no: https://sceneweb.no/nb/artist/18965/Else_Olea_Frogner [lesedato 20.12.2018]

 

Peikarar

NRK Fjernsynsteatret: Den fjerde nattevakt, nrk.no

Else Frogner Henden: «Den gongen je var lita», tv.nrk.no (første gong sendt 31.7.1981)

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019