Hopp til innhold

Energi

Energi er det same som evne til å utføre arbeid. Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, men berre gå over til andre former. Dette er ei av dei mest grunnleggjande lovene i naturen.

Energi tyder «evne til å gjere arbeid» og er noko som alle ting i naturen har i ulike mengder. Nokre vanlege former for energi er potensiell energi, rørsleenergi, elektrisk energi og varme.

Potensiell energi er energi som står klar til bruk, klar til å gjere eit arbeid. Døme på slik energi er når ein syklist står på toppen av ein bakke og lurer på om han eller ho skal setje utfor, og alt som trengst er eit lite dytt for å kome i gang – eller når ei springfjør er spent stramt opp, klar til å bli løyst ut. Rørsleenergi er den ekstra energimengda som finst i eit objekt i rørsle, samanlikna med når det står i ro. Elektrisk energi er energien som ligg lagra i eit batteri, eller som kjem frå stikkontakten i veggen, og som kan nyttast av elektriske apparat som omnar eller lampar. Varme er energien som finst i ting med høg temperatur, slik som ein brennande trekubbe eller ei kokeplate.

I kvardagen vår er vi vande med at energi flyt frå ei form til ei anna, ofte utan at vi tenkjer over det. Når du set deg på sykkelen på toppen av ein bakke og trillar utfor, blir den potensielle energien din gjord om til rørsleenergi. Når du skrur på ei kokeplate eller skrur på ei batteridriven lykt, blir elektrisk energi forvandla til varme i kokeplata og lys i lykta. Når du går ut om vinteren, blir du kald fordi kroppen gir frå seg varme til omgivnadane, som har lågare temperatur.

Det at energi ikkje kan oppstå eller forsvinne, men berre gå over i andre former, gir oss ei innsikt som vi kan bruke til å forstå verda omkring oss. Vi kan spørje kva som skjer med rørsleenergien når syklisten når botnen av bakken og klemmer inn bremsene. Når sykkelen stoggar, kvar blir energien av? Bremseklossane som gnissar mot bremseskivene, skaper varme, og slik blir rørsleenergien omdanna litt etter litt. Først blir bremseskivene varme, men etter kvart kjøler dei seg ned ved at varmen går ut i lufta kring sykkelen. Energien er i eit evig krinsløp.

Energi er svært viktig for menneska og for alt anna liv. Når vi et mat, gjer vi det fordi kroppen treng energi for å kunne røre på seg, tenkje og halde organa i gang. Maten inneheld energi, og kroppen trekkjer energien ut av maten og nyttar han i musklane. Dersom vi et meir enn kroppen greier å forbrenne, kan overskotsenergien bli lagra som feitt. Feittet kan kroppen hente fram ein annan gong, dersom tilgangen på mat skulle bli dårleg.

Sjølv om energi har ei spesifikk tyding i naturvitskapen, blir ordet nytta i ei breiare tyding i daglegtalen. Dersom ein til dømes seier «eg har så lite energi i dag», tyder det at ein er sliten og slapp, kanskje fordi ein er sjuk eller har sove for lite. Etter den naturfaglege definisjonen kan ein derimot skaffe seg energi ved å ta heisen opp i ein høgare etasje, fordi ein då aukar den potensielle energien sin.

 

Kjelder

Jan R. Lien og Gunnar Løvhøiden: Generell fysikk for universiteter og høgskoler. Bind 1. Mekanikk. Oslo 2001

Egil Lillestøl, Ola Hunderi og Jan R. Lien: Generell fysikk for universiteter og høgskoler. Bind 2. Varmelære og elektromagnetisme. Oslo 2001

 

Nynorskordboka: «energi», ordbok.uib.no: https://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=energi&ant_bokmaal=5&ant_nynorsk=5&begge=+&ordbok=begge [lesedato 8.12.2019]

 

Peikarar

Nasjonal digital læringsarena: «Arbeid, energi og effekt», ndla.no

NRK Skole: «Hva er fornybar energi?», youtube.com

Først publisert: 07.08.2020
Sist oppdatert: 07.08.2020