Hopp til innhold

EØS

EØS, Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, er ein felles marknad for dei 27 EU-landa og dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Det har vore og er framleis sterk usemje om verknadene av denne avtalen og om følgjene av å forlate EØS.

EØS-avtalen tredde i kraft 1. januar 1994. Sidan då har EØS teke inn mange tusen nye EU-reglar. Tilhengjarane hevdar at EØS styrkjer handelen og det økonomisk samarbeidet, med like konkurransevilkår og like reglar i heile EØS-området. Det skal vere fritt varebyte og fri rørsle for personar, tenester og kapital. Det er dette som vert kalla dei fire fridomane, og dei er sentrale delar av liberal økonomisk tenking.

Etter EØS-avtalen skal det utviklast nærmare samarbeid om forsking og utvikling, miljø, utdanning og sosialpolitikk. Toll på import og eksport mellom EØS-land er forbode, og det skal vere fri rett til etablering av økonomisk verksemd innanfor EØS. EØS-reglane er utarbeidde av EU, og dei er bindande for Noreg.

Støtte og motstand

Avtalen har særreglar til dømes for visse sektorar, og desse særreglane dempar verknadene av dei fire fridomane noko. Avtalen inneheld òg prinsipp for tilsyn med iverksetjinga av sjølve avtalen og for korleis usemjer mellom partane skal handterast.

Noreg og andre land i EØS-området er underlagde eit felles sett med reglar. Kritikarar hevdar at det gjer røystesetelen mindre verd og undergrev demokratiet og tidlegare folkerøystingar om medlemskap i EF/EU, fordi avgjerdsmakt vert flytta frå norske folkevalde organ til EU og til marknaden. EØS gir likevel Noreg reservasjonsrett mot nye EU-reglar. Stortingsfleirtalet har frykta straffetiltak frå EU mot Noreg dersom denne retten vert nytta. Difor har dei vore uvillige til å nytte reservasjonsretten.

Avtalen kan seiast opp av partane med eitt års varsel. I tilfelle vil frihandelsavtalen frå 1973 og reglar frå Verdshandelsorganisasjonen (WTO) gjelde.

EØS-tilhengjarane hevdar at ei utmelding av EØS vil setje næringslivet og norske arbeidsplassar i eksportindustrien i fare. Dei meiner at det vil føre til nedgangstider og politisk isolasjon. Tilhengjarane meiner òg at det er nødvendig at ein slik avtale byggjer på praktisering av EU-reglar, ettersom EU-landa er ein viktig marknad for norsk eksportindustri. Mange av dei ønskjer seg heller EU-medlemskap og meiner at EØS-avtalen er det beste vi kan få så lenge fleirtalet i Noreg ikkje ønskjer medlemskap i EU.

Motstandarane hevdar at EØS undergrev demokratiet, fører til privatisering, gjer det lettare for internasjonale storkonsern å kjøpe opp norske arbeidsplassar og gir betre vilkår for arbeidslivskriminalitet og undergraving av tariffavtalar og løns- og arbeidsvilkår. Om desse siste punkta er det ulike meiningar blant dei partia som støttar EØS-medlemskap.

EØS-motstandarane hevdar dessutan at frihandelsavtalen og WTO-reglar gir vern mot straffetiltak, og at Noreg eksporterer varer som EU vil etterspørje. Det gjeld til dømes energi, fisk og høgteknologiske nisjeprodukt. Noreg overfører om lag 8,5 milliardar kroner årleg til EU. Om lag halvparten av desse pengane går til sosial og økonomisk utvikling i EU, etter EØS-avtalen, resten er oppgjer for deltaking i andre EU-samarbeid, med ulik grad av oppkopling til EØS.

Noreg med frå 1994

Stortinget vedtok at Noreg skulle slutte seg til EØS i 1992, men EØS vart eit faktum først frå januar 1994. Etter grunnlova gjaldt eit krav om to tredjedels fleirtal i saker der Stortinget overfører fullmakt til å binde Noreg på vesentlege område. Vedtaket vart gjort med 130 mot 35 røyster. Høgre og dei fleste i Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet røysta for. Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet røysta imot, saman med mindretala i stortingsgruppene frå Ap, KrF og Frp.

EØS-motstandarane kravde at saka skulle utsetjast til etter valet i 1993 og bad dessutan om folkerøysting. Begge krava vart avviste. Meiningsmålingar hausten 1992 viste at opinionen då var nær delt på midten. Sidan har meiningsmålingar stort sett vist klare fleirtal for EØS, men i seinare tid har meiningsmålingane veksla mellom store fleirtal for EØS-medlemskap (når meiningsmålinga spør om syn på oppseiing av avtalen) og relativt lik fordeling mellom tilhengjarar og motstandarar (når ein handelsavtale er alternativet til EØS).

EØS, brexit og stortingsvalet 2021

Den britiske utmeldinga frå EU (brexit) kan også verke inn på den norske debatten om EØS. Kor mykje brexit verkar inn, er mellom anna avhengig av kva som vert utfallet av forhandlingane mellom EU og Det foreinte kongeriket (DFK), altså Storbritannia og Nord-Irland, om korleis hopehavet mellom DFK og EU skal vere frå årsskiftet 2020/21. For dei som framleis har tru på politisk-økonomisk utvikling av EU, vil brexit innebere ei utfordring om å kjempe hardare for dei fire fridomane, som er viktige for EØS og EU. For dei som ser og helsar brexit velkomen som ei svekking av unionsutviklinga i Europa, kan brexit opne for ein meir likeverdig handel og for samarbeid mellom medlemer og ikkje-medlemer av EU.

Under den tidlegare raudgrøne Ap-Sp-SV-regjeringa (2005–13) gjekk EØS-motstandar-partia Sp og SV med på å «frede» EØS-avtalen. Sidan den gongen har EØS-motstanden i delar av fagrørsla vakse seg sterkare, særleg på grunn av røynsler med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet som følgje av arbeidsinnvandring frå dei tidlegare austblokkstatane i EU. Det er difor lite sannsynleg at ei ny regjering kan leggje lok på utgreiing av og diskusjon om alternativ til EØS. Det er like lite sannsynleg at Ap vil akseptere ei vraking av EØS, men det kan skape store problem for Ap dersom partiet sitt EØS-standpunkt skulle tape dragkampen om LO sitt syn på saka. Det borgarlege regjeringsalternativet, med Høgre i førarsetet, har òg sine EU- og EØS-problem. Venstre har vorte eit ja til EU-parti, medan Framstegspartiet har programfesta eit nei til EU. Meiningsmålingar viser òg at FrP har den mest EØS-skeptiske veljarmassen. Utan mobilisering av denne veljargruppa tyder meiningsmålingane på at den sitjande regjeringa har dårlege utsikter til å vinne fleirtal ved stortingsvalet i 2021.

Før det komande valet ser det såleis ut til at både motstandarar og tilhengjarar av EØS meiner at dei har meir å vinne enn å tape på å mobilisere på EØS-standpunkta sine. Det er difor ikkje dristig å spå at EØS i aukande grad kjem opp som eit kontroversielt politisk spørsmål.

 

 

Kjelder

Lars Christian Blichner: «Fem mulige grunner til å akseptere EØS-avtalen», Nytt Norsk Tidsskrift nr. 4/2008

Bjørn Tore Godal: «EØS – et tilbakeblikk», Internasjonal Politikk nr. 4/2019

De Facto – Kunnskapssenter for fagorganiserte: EØS bestemmer. Hvordan EØS-avtalen overstyrer arbeidslivslovgivning, tariffavtaler, jernbane og energipolitikk. De Facto pamflett 2019

Dag Seierstad: «'Europautredningen' – Hvorfor ble den som den ble?», Vardøger nr. 34/2013

Utanriksdepartementet: Utenfor og innenfor – Norges avtaler med EU. NOU 2012: 2 (Europautgreiinga)

Øyvind Østerud: «Norges selvstendighet i 1814 og i 2014. Hva betød og hva betyr Grunnlovens paragraf 1?», i Harald Baldersheim og Øyvind Østerud (red.): Det norske demokratiet i det 21. århundre. Bergen 2014

 

Peikarar

Aslak Bonde: «EØS-motstanderne kan få flertall i ny regjering. Derfor blir EU et valgkamptema», morgenbladet.no, publisert 11.12.2020

Espen Teigen: «Meningsmålingsbyrået mener det er oppsiktsvekkende sterk støtte for en handelsavtale framfor EØS-avtalen», nettavisen.no, sist oppdatert 3.12.2019

Grunnlova § 115 (tilsvarer § 93 i grunnlova som gjaldt ved innmeldingsvedtaket), lovdata.no

Lov om gjennomføring i norsk rett av hoveddelen i avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS) m.v. (EØS-loven), lovdata.no

Nei til EU: Folkestyre eller fjernstyre? EØS-avtalens betydning for demokrati og selvstyre, i skriftserien Vett, nr. 1/2016, neitileu.no

Nei til EU: «Faktasjekk om samhandel i og utenfor EØS», neitileu.no

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO): «10 fordeler som EØS-avtalen gir oss», nho.no

Thomas Vermes: «– Oppslutningen om EØS bygger på en myte, viser ny meningsmåling», abcnyheter.no, sist oppdatert 20.6.2019

Kjell Werner: «Ap må løse EØS-floken. EØS-avtalen er en varm potet for de rødgrønne partiene», dagavisen.no, publisert 17.11.2020

Ulf Sverdrup: «25 år med EØS-avtalen», nupi.no, publisert 28.11.2019

Først publisert: 05.01.2021
Sist oppdatert: 05.01.2021