Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Dammann

Erik Dammann er forfattar, samfunnskritikar og initiativtakar til «Framtiden i våre hender».

Erik Dammann, fødd i 1931, er forfattar, samfunnskritikar og initiativtakar til Folkeaksjonen Framtiden i våre hender (1974). Han har mellom anna gitt ut Fremtiden i våre hender (1972), Ny livsstil, og hva så? (1976), Revolusjon i velferdssamfunnet (1979), Bak tid og rom (1987) og Pengene eller livet? (1989). I 2005 kom sjølvbiografien Kontraster. Beretning om et mangfoldig liv. I 2014 gav han ut debattboka Verdirevolusjon.

Dammann var redaktør i bladet til Framtiden i våre hender, Ny Livsstil (seinare Folkevett), frå 1974 til 1979. Han har vore statsstipendiat sidan 1988 og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna honnørprisen frå Fritt Ord (1998) og Erik Byes Minnepris (2010). Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2011.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 25.04.2019