Hopp til innhold
Erling Indreeide. Foto: Torunn Nilsen. Kjelde: Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
Erling Indreeide. Foto: Torunn Nilsen. Kjelde: Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Erling Indreeide

Erling Indreeide er ein poet som i dikt og essayistikk gjer filosofiske undersøkingar av språk, natur, sivilisasjon og nyttetenkinga i samtida. I aforistiske språkspel og med underfundig snert kan han gjere veldige sprang mellom det abstrakte og det konkrete.

Erling Indreeide er fødd 20. april 1945 i Eidsdal på Sunnmøre, voks opp på ein liten fjellgard og er busett på Skedsmokorset i Akershus. Han tok embetseksamen i psykologi ved Universitetet i Oslo, men valde snart å arbeide med diktinga, der han utfordrar både intellektet og dei store spørsmåla. Indreeide er ein filosofisk poet.

Indreeide debuterte i 1972 med diktsamlinga Trakter. Frå og med boka Vegar, vatn og fjell (1983) markerte han seg som ein lyrikar som er noko for seg sjølv blant norske poetar. Han sprengjer sjangergrensene.

Indreeide har skrive mest dikt, men også essay, eller funderingar, som han seier, og poesi for barn – rim og leik med ord og faste vendingar. Han undersøkjer tid og natur, språket, kjærleiken og verdiane våre. Indreeide sitt litterære univers er i stor grad knytt til ein subtil sivilisasjonskritikk. Kvar går grensene for vitskapen, der kunsten må ta over? Han gjer seg òg sine lyriske refleksjonar over bibelske emne, som i diktsamlinga Gud til nytte. Gåter og dikt (1994). Ein finn overraskande innfall og koplingar i tanke og setningar hos Indreeide, der språklege grenser og faste uttrykk blir vende om med overraskande resultat: «Alle ord er med andre ord/ alltid andre ting enn dei var».

I boka Infinitivsmerke. Hjelpebok for fysikkundervisning (2014) undersøkjer Indreeide mellom anna tid og ting, natur og teknologi som filosofiske kategoriar. Det er til no blitt nærmare tjue utgivingar på denne originale forfattaren.

Erling Indreeide har fått Melsomprisen for essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader (2004).

Kjelder

Erling Indreeide: Dikt i utval, ved Lars Amund Vaage. Oslo 1995

Kjell Madsen: «Tribunaliseringen og det post-sekulære i litteraturen», Kirke & Kultur nr. 1/2009

Erling Indreeide: Vi er presens. Oslo 2012

Erling Indreeide: Infinitivsmerke. Oslo 2014

Øystein Rottem: «Sentrum og periferi. Erling Indreeide: 'Alt som er, er arr av det som har vore'», Norges litteraturhistorie. Vår egen tid, bd. 3. Oslo 1998


Erling Indreeide, forfattarprofil, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Indreeide-Erling [lesedato 28.2.2018]


Peikarar

Digitaliserte bøker av Erling Indreeide, nb.no

Først publisert: 27.08.2019
Sist oppdatert: 27.08.2019