Hopp til innhold
Erna Solberg. Foto: Kjell Ruben, Høgre på Flickr.com.
Erna Solberg. Foto: Kjell Ruben, Høgre på Flickr.com.
X
Innhald

Erna Solberg

Erna Solberg er frå 16. oktober 2013 statsminister i Noreg. Ho er den andre kvinna i norsk historie som har dette vervet.

Erna Solberg er fødd 24. februar 1961 i Bergen. Foreldra er konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Solberg blei i 1996 gift med siviløkonom og fagsjef i Norsk Industri, Sindre Finnes frå Ålesund, og dei har to barn.
Utdanning
Solberg engasjerte seg tidleg i politisk arbeid. Alt som gymnasiast hadde ho verv i Unge Høgre, og i 1979 var ho leiar for Operasjon Dagsverk og medlem i sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband. I perioden 1979–80 var ho òg elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring. I studietida ved Universitetet i Bergen var ho mellom anna formann i Bergen Konservative Studenterforening i åra 1985–86. Det var også her ho møtte mannen sin, Sindre Finnes. På universitetet blei ho cand.mag. i 1986, med faga sosiologi, samanliknande politikk, statistikk og sosialøkonomi.
Stortingsrepresentant
Solberg var aktiv i Høgre i Bergen. Ho sat i arbeidsutvalet i Bergen Høyre frå 1986 til 1988 og var valkampleiar ved bystyrevalet i 1987. Då blei ho òg vald inn i bystyret. Året etter blei ho nominert som tredjekandidat for Hordaland til stortingsvalet, og i 1989 blei ho vald inn som stortingsrepresentant. Først var ho medlem av Finanskomiteen og så Forbrukar og administrasjonskomiteen. Frå 1993 til 1997 sat ho i Finanskomiteen, deretter i Kommunalkomiteen og Utanrikskomiteen. I den siste valperioden har ho vore medlem av Helse- og omsorgskomiteen.
Frå 1993 og fram til organisasjonen blei lagd ned i 1994 var ho leiar for Høyrekvinnenes Landsforbund. Då gjekk ho over til å vere kvinnepolitisk leiar for Høgre, fram til 1998. I kraft av dette vervet sat ho òg som medlem av sentralstyret i partiet og i arbeidsutvalet. På landsmøtet i 2002 blei Solberg vald til 1. nestleiar i Høgre etter Inge Lønning. På landsmøtet i 2004 blei ho vald som leiar i partiet, etter at Jan Petersen hadde sagt frå seg attval.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
NRK: «Statsminister Erna Solberg møtte folket»
Brei politisk røynsle
Med 24 år bak seg som stortingsrepresentant og ni år som partileiar er det ein særs røynd politikar som no har teke over som statsminister. Solberg har brei politisk røynsle frå ulike verv i Stortinget og i lokalpolitikken, og som kommunalpolitisk talskvinne for Høgre i 2001 var det naturleg at ho blei Høgre sin kandidat til posten som kommunal- og regionalminister då Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre skipa ei koalisjonsregjering under leiing av Kjell Magne Bondevik etter valet i 2001. Då hadde Arbeidarpartiet gjort det dårlegaste stortingsvalet nokon gong, og regjeringa Stoltenberg gjekk av. Regjeringsposisjonen var ledig, og utan motstand frå Framstegspartiet kunne samarbeidsregjeringa Bondevik ta over.
Solberg utmerkte seg nokså raskt som kommunal- og regionalminister. Ho ønskte seg færre og meir robuste kommunar, som kunne ta større ansvar i velferdspolitikken, og ho etablerte ein praksis for rask behandling av opplagt grunnlause asylsøknader, ei ordning som framleis gjeld. Ho gjorde òg iherdige forsøk på å få mulla Krekar utvist frå landet, men greidde det ikkje. Den faste linja hennar gjorde at ho fekk tilnamnet «Jern-Erna». Det likte ho dårleg, for ho kjende seg ikkje slik, og nettopp dette kallenamnet var nok noko av bakgrunnen for at ho etter eit elendig valresultat for Høgre i 2005 sterkt gjekk inn for å gi partiet ein mjukare og meir sosial profil. I landsmøtetalen sin i 2006 streka Solberg under at Høgre skulle snakke mindre om milliardar og meir om menneske, mindre om pengar og meir om personar, mindre om formue og meir om folk, fordi det er menneske som er den viktigaste formuen her i landet, som ho sa. I 2011 gav ho òg ut boka Mennesker, ikke milliarder, som ho skreiv i samarbeid med journalisten Odd Isungset.
Partileiar
Det dårlege valresultatet for Høgre i 2005, på 14,1 prosent, gjorde at det blei ein viss debatt etterpå om Solberg var den rette til å leie Høgre, men den korte tida hennar som leiar gjorde at debatten stilna fort. Presset kom att framfor kommune- og fylkestingsvalet i 2007, og det førte til at Solberg gjorde det kjent at dersom Høgre gjorde eit dårlegare kommuneval enn dei 18,1 prosent av stemmene som partiet fekk i 2003, ville ho trekkje seg. Ho dreiv ein hard og personleg valkamp, der ho i løpet av eit halvår hadde over hundre reisedøgn. Resultatet var at Høgre blei omtalt som valvinnaren i 2007, med 20,6 prosent av stemmene. Også framfor stortingsvalet i 2009 blei det debatt om Solberg sin posisjon som partileiar, trass i at leiarval ikkje stod på dagsordenen på det landsmøtet. Fylkespartia slo ring om Erna, og debatten stilna. Framstegspartiet hadde sidan 2005 vore det største partiet på ikkje-sosialistisk side, og det gjorde det vanskelegare for Høgre og Solberg å kunne framstå som leiaren for alternativet til ein ny periode med ei raudgrøn regjering.
Framgang for Høgre
Det er liten tvil om at mangelen på eit synleg og styringsdyktig regjeringsalternativ til trepartisamarbeidet mellom Ap, SV og Sp framfor valet i 2005 var ein viktig grunn til det elendige valresultatet for både Høgre og KrF, og at dei raudgrøne fekk fleirtal. Den manglande semja mellom dei ikkje-sosialistiske partia var tydeleg også i valkampen framfor stortingsvalet i 2009, og det kulminerte vel med Venstre-leiaren Lars Sponheim sitt slagord «heller Jens enn Jensen». Resultatet var at både Sponheim og Venstre ramla ut av Stortinget, med unntak av to direktemandat frå Oslo og Akershus. Høgre fekk ein framgang og enda på 17,2 prosent av stemmene. Det viste seg at dei raudgrøne vann valet med knapp margin, men det skulle ikkje gå mange meiningsmålingane før dei ikkje-sosialistiske partia gjekk fram, og oppslutninga både om Høgre og Solberg som statsministerkandidat tok til å vekse.
Kommune- og fylkestingsvalet i 2011 blei det beste for Høgre sidan 1979, med 28 prosent oppslutning ved kommunevalet, og meiningsmålingane viste at Høgre var blitt det største partiet i landet. Det gjorde det naturleg for opposisjonspartia – Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Framstegspartiet – å samle seg om Solberg som den naturlege statsministerkandidaten dersom det skulle bli borgarleg fleirtal ved stortingsvalet i 2013. Det blei det til gangs. Dei fire partia fekk 96 mandat til saman og ei samla oppslutning på 53,9 prosent, den høgaste oppslutninga om borgarlege parti etter krigen. Høgre fekk 26,8 prosent av stemmene og 48 mandat, det beste valet sidan 1985.
Sakleg og ryddig
Solberg blir rekna som ein sakleg og ryddig politikar. I valkampen har ho først og fremst snakka om Høgre sin politikk og Høgre sine løysingar, framfor å kritisere dei andre partia sin politikk. Det har ho vunne respekt for. Lang røynsle frå politisk arbeid og eit godt minne har gjort at ho sit inne med stor detaljkunnskap om norsk politikk. Ho er eit arbeidsjern og er grundig i det ho gjer. Ho er oppteken av målretta arbeid og krev resultat. Solberg er blitt ein politikar som nyt stor respekt både blant politikarkollegaer og blant folk flest. Ho verkar som ein stabil og raus politikar som signaliserer tillit. Nokon karismatisk politikar er ho ikkje, og heller ingen stor folketalar, men ho vinn fram gjennom å framstå som traust og truverdig. Dette blir ikkje minst viktig når ho skal samarbeide med fire svært ulike parti og byggje bru over ulike syn på mange viktige saker.
Regjeringa Solberg fotografert 16.10.13. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor, flickr.com CC BY 20
Regjeringa Solberg fotografert 16.10.13. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor, flickr.com CC BY 20
I regjering

Solberg sin draum om å vere statsminister i ei firepartiregjering lukkast ikkje i første omgang. KrF og Venstre kjende på at den politiske avstanden til Framstegspartiet blei for stor, og at balansen mellom dei to små på den eine sida og dei to blå partia på den andre blei for dårleg. Difor blei det ei mindretalsregjering av Høgre og Frp, men med ein omfattande samarbeidsavtale med KrF og Venstre som ein parlamentarisk basis for regjeringa. I avtalen var det òg ein klausul om at KrF og Venstre kunne kome inn i regjeringa i denne stortingsperioden når dei måtte ønskje det. Det ønska dei ikkje, men etter at dei borgarlege partia igjen fekk fleirtal i 2017, gjekk Venstre inn i regjeringa frå 2018. Det kan reknast som ein stor siger for Solberg.

Etter ein politisk turbulent haust 2018 heldt KrF eit landsmøte der hovudsaka var partiets overordna retningsval vidare i politikken. Landsmøtet gjekk, med 98 mot 90 delegatar (og 2 blanke stemmer), mot partileiar Knut Arild Hareide sitt framlegg om å ta partiet i retning av samarbeid med Arbeidarpartiet. Dermed låg vegen open for nye forhandlingar med regjeringa Solberg.

Etter regjeringsforhandlingar i 2019 mellom Høgre, FrP, Venstre og KrF på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland blei dei fire partia samde om ei felles regjeringsplattform. 22. januar 2019 kunne dermed statsminister Erna Solberg presentere den nye statsrådkabalen i den første borgarlege fleirtalsregjeringa i Noreg på 34 år.

Kjelder
Erna Solberg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ES [lesedato 7.10.2013]
Norsk biografisk leksikon: http://nbl.snl.no/Erna_Solberg/utdypning [lesedato 7.10.2013]
Peikarar

Først publisert: 16.10.2013
Sist oppdatert: 23.01.2019