Hopp til innhold
X
Innhald

Fanny Holmin

Fanny Holmin er redaktør, lyrikar og utøvar i eigne sceneproduksjonar. Tekstane og kunsten hennar har eit vidt spenn, med nyskapande og kreative uttrykk.

Fanny Lill Holmin er fødd 22. september 1969 i Volda. Ho har studert nordisk språk og litteratur (1991–94), drama (1994–95) og har ein mastergrad i helse- og sosialfag (2012–16), alle ved Høgskulen i Volda. Sidan 1997 har ho vore poet og scenekunstnar og har mellom anna turnert for Den kulturelle skulesekken. Ho arbeider òg for Bergen kommune som redaktør for det skjønnlitterære tidsskriftet Kraftverk.

Det kunstnarlege arbeidet hennar er mangfaldig og kreativt. Ho kryssar sjangrar, arbeider intuitivt og lèt impulsar styre val av verkemiddel. Gjennom tekst, teikning, dans og musikk miksar ho fram tverrkunstnariske uttrykk. Det er ein grunntanke i arbeida hennar at samarbeid med andre kunstnarar utvidar perspektiv og form.

Holmin har hatt sentrale roller under festivalen BergArt i Bergen, med performance- og stuntframsyningar. Ho har vore produsent, manusforfattar og skodespelar i teaterframsyninga Håp og har teke del i fleire dansekunstprosjekt og lyrikk–musikk-samarbeid, mellom anna i gruppa Grenselaust.

Litterært dyrkar Holmin det uperfekte eller uryddige, og tekstane hennar flyt mellom sjangrane. I 1997 debuterte ho som forfattar med diktsamlinga Song for to stemmer og ein lukka munn. Forma ligg nærmast prosalyrikk, og samlinga freistar å nærme seg det usynlege og utilgjengelege i ein sjølv og andre. Dikta er personlege og strekkjer seg mot å forsone motsetnader i sjølvet.

Holmin har fått ei rekkje stipend, mellom anna kulturstipend for Bergen kommune i 2007, Statens kunstnarstipend i 2005–06 for tverrkunstnarleg arbeid og Norsk kulturråds etableringsstipend i 1998.

 

Kjelder

Fanny Holmin, bibliografi, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/fanny-holmin/ [lesedato 18.11.2019]

Nettstaden til Fanny Holmin, fannyholmin.no: http://www.fannyholmin.no/ [lesedato 18.11.2019]

 

Peikarar

Fanny Holmin: Song for to stemmer og ein lukka munn. Oslo 1997. Tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket, nb.no

Gro Jørstad Nilsen: «Hvor skal vi gjøre av Fanny Holmin?», localmotives.com

Cecilie N. Seiness: «Einsam debutbok», dagogtid.no, publisert 10.10.1997

Først publisert: 23.06.2020
Sist oppdatert: 23.06.2020