Hopp til innhold
 Grindkval. Foto: Redningsselskapet, flickr.com
Grindkval. Foto: Redningsselskapet, flickr.com
X
Innhald

Færøysk

Ordet grindkval har vi lånt frå færøysk.

Ordhistorie
Grindkval (tannkval av delfinfamilien, Globicephala melaena) er mellom dei få lånorda som norsk har fått frå færøysk, der det heiter grindahvalur [ɡɹɪndakvɛaːlʊɹ]. Grindadráp [ɡɹɪndadɹɔaːp] ‘grindedrap’ er store folkelege hendingar på Færøyane, og ein viktig del av historia og kulturen. Flokkar med grindkval blir omringa og drepne, og kjøtet blir fordelt likt mellom alle som bur i området.
Språkfamilie
Færøysk tilhøyrer dei vestnordiske språka, og dei nordiske språka er ei undergruppe av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
I tida etter år 825 busette folk frå Vest-Noreg seg på Færøyane, der det tidlegare – sidan år 625 – berre hadde budd irske munkar. Færøyane blei underlagde Noreg frå 1035, og norsk lov galdt der til 1816. Dei fyrste hundreåra etter landnåmet var språket på øyane norrønt, og fram til 1400-talet likna færøysk skriftspråk islandsk og norsk. I 1380 blei Færøyene innlema i Danmark-Noreg, og dansk blei ganske snart administrasjonsspråket. Etter reformasjonen i 1538 forbaud danskane bruken av færøysk og norsk i skular, kyrkjer og offisielle dokument, men færøysk levde vidare som talespråk, med ein rik munnleg litteratur. Eit nytt færøysk skriftspråk såg dagen lys då Venceslaus Ulricus Hammershaimb i 1854 la fram ein ny ortografi for færøysk. Denne ortografien byggjer vidare på den norrøne skrifttradisjonen, og det er store skilnader mellom skrift og uttale. Færøysk blei skulespråket på Færøyane i 1938, kyrkjespråk i 1939 og jamstelt rettsspråk i 1944.
Språksystem
Færøysk har halde ved lag mykje av det norrøne grammatiske systemet. Norrønt – og framleis islandsk – har fire kasus, nominativ, akkusativ, dativ og genitiv, medan færøysk jamt over har mist genitiven, og nyttar som norsk ulike uttrykk med preposisjon. Til islandsk Hér eru ríks manns hús ‘Her er rik manns hus’ svarar færøysk Her eru húsini hjá einum ríkum manni ‘Her er husa hjå ein rik mann’ og norsk Her er husa til ein rik mann.
Uttale
Det færøyske vokalsystemet, som er relativt komplisert, kan framstellast slik:
ɪ
ʏ
ʊ
 
 
ʊi
 
ʊiː
ʉuː
 
 
 
øː
 
 
 
 
 
 
ɛ
œ
ɔ
ɛaː
 
ɔaː
ɛi
 
ɔi
 
ɔiː
ɔuː
 
a
 
 
 
 
ai
 
aiː
 
 
Tilhøvet mellom uttale og rettskriving er for komplisert til at det kan drøftast her. Eit typisk drag ved færøysk uttale er alle dei nye diftongane, som i hvítur [kvʊiːtʊɹ] ‘kvit’, hvalur [kvɛaːlʊɹ] ‘kval’, bátur [bɔaːtʊɹ] ‘båt’, býta [bʊiːta] ‘byte’ og tómur [tɔuːmʊɹ] ‘tom’ – jamfør norrønt hvítr [hwiːtr] ‘kvit’, hvalr [hwalr] ‘kval’, bátr [bɔːtr] ‘båt’, býta [byːta] ‘byte’ og tómr [toːmr] ‘tom’. Diftongane [ɛaː] og [ɔa:] blir uttala som monoftongane [ɛː] og [ɔː] føre vokal, som i hagar ‘hit’ [hɛːaɹ] og fáa ‘få’ [fɔːa]. Her er eit oversyn over dei færøyske konsonantane:
 
 
p
t
k
 
 
 
 
 
b
d
g
 
 
 
 
 
f
s
ʃ
 
h
 
 
 
 
m
n
 
 
 
 
 
 
 
ʋ
l
ɹ
j
 
 
 
Dei fire konsonantane [b d dʒ ɡ] er ustemde, og må skrivast [b̥ d̥ d̥ʒ̊ ɡ̊] om vi skal vere heilt nøyaktige, som i byggja ‘byggje’ [bɪd̥d̥ʒ̊a] og gandur ‘gand, trolldom’ [g̊and̥ʊɹ]. [p t tʃ k] er alltid aspirerte – dei har eit lite pust etter seg når dei står fremst i eit ord og føre seg i dei fleste andre samanhengar. Taka ‘ta’ må skrivast [tʰɛaːʰka] i ein meir nøyaktig transkripsjon.
Det færøyske skriftbiletet ligg nær norrønt og islandsk, men uttalen har endra seg mykje. Færøysk har ikkje lenger lydane þ [θ] og ð [ð]. Norrøn þ [θ] har blitt til t [t] – norrøn þú [θuː] ‘du’ har blitt til [tʉuː]. Norrøn ð [ð] har blitt borte i uttalen, så norrønt tíð [tiːð] ‘tid’ har blitt til tíð [tʊiː]. Akkurat som mange norske målføre har færøysk fått [ʃ] der norrønt hadde sj eller skj, som i sjúkur ‘sjuk’ [ʃʉuːkʊɹ] og skjóta ‘skyte’ [ʃɔuːta], av norrønt sjúkr [sjuːkr] og skjóta [skjoːta].
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 05.01.2012
Sist oppdatert: 03.01.2018