Hopp til innhold
X
Innhald

Axel Hägerström

Axel Hägerström, 1868–1939, var svensk filosof og professor i praktisk filosofi i Uppsala 1911–33. Han hadde stor påverknad i Norden med ein filosofi som forkasta all metafysikk, og som bygde på at det einaste som eksisterer, er den verda som kan sansast. Han tok sanningsgehalten frå moralske verdiar ("verdinihilisme"). Hägerström gav mellom anna ut Om moraliska föreställningars sanning (1911) og Till frågan om den objektiva rättens begrepp (1917).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012