Hopp til innhold
X
Innhald

Baruch de Spinoza

Baruch de Spinoza, 1632–77, var jødisk-nederlandsk filosof. Han vart utstøytt av synagoga på grunn av at han var fritenkjar.

Spinoza er ein av dei europeiske tenkjarane i nyare tid som har hatt mest å seie. 

Hovudverket hans er Ethica, ordine geometrico demonstrata, som framstiller etikken på geometrisk vis, med aksiom, definisjonar og logiske slutningar. Læra hans er ei form for monisme: Det finst berre éi røynd, som Spinoza kalla Gud, Substansen eller Naturen, som likevel har mange sider eller attributtar, der menneska berre kan oppfatte to: utstrekking og tenking, lekam og sjel. Alt har rett nok ei årsak, men det eksisterer ikkje noko årsak/verknad-tilhøve mellom de to attributtane, og heller ingen eigentleg fri vilje. Menneskesituasjonen er vilkårsbunden av negative kjensler, pasjonar, men mennesket kan fri seg frå dei gjennom ei klar erkjenning av dei. Ei total erkjenning av heile røynda vil tilsvarande føre til endelege fridom og lukke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 10.10.2017