Hopp til innhold
X
Innhald

Bertrand Arthur William Russell

Bertrand Arthur William Russell, 3. jarl av Russell, 1872–1970, var britisk matematikar og kulturfilosof. Han var sterkt oppteken av sosiale, politiske og etiske spørsmål og vart kjend for kampen mot atomvåpen.
 
Russell var filosofisk realist, påverka av naturvitskap, og ein framståande logikar. Principia Mathematica (1910), som han skreiv saman med A.N. Whitehead, er eitt av hovudverka hans. Andre verk er mellom anna: The Problems of Philosophy (1912, Filosofiens problemer, 1964), An Inquiry into Meaning and Truth (1940), Human Knowledge, Its Scope and Limits (1948), The Impact of Science on Society (1952, Vitenskapen og samfunnet, 1952).
 
Russel fekk nobelprisen i litteratur i 1950 og Sonningprisen i 1960. Russells paradoks er nemninga på eit paradoks frå logikk og mengdelære.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012