Hopp til innhold
X
Innhald

Blaise Pascal

Blaise Pascal, 1623–62, var fransk vitskapsmann, filosof og forfattar. Han gav viktige bidrag til matematikken, mellom anna sannsynsrekning, og laga ei av dei første reknemaskinene.
 
Pascal utvikla eksperiment som påviste at det finst eit lufttomt rom. Vitskapssynet hans var mellom dei mest radikale på den tida. Pascal skreiv i 1656–57 ei rekkje anonyme brev, Les lettres provinciales, der han gjekk til åtak på synet jesuittane hadde på Guds nåde og den kristne moralen. Breva høyrer til meisterverka i fransk litteratur. I Les pensées ("Tanker om kristendommens sannhet") understrekar han kor mykje menneskeleg engasjement i trusspørsmål har å seie, og påstår at vitskapen verken kan bevise eller motbevise at Gud eksisterer. Pascals trekant er eit trekantskjema over binomialkoeffisientane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012