Hopp til innhold
X
Innhald

David Hume

David Hume, 1711–76, skotsk filosof og historikar. Hovudverket hans var A Treatise of Human Nature (1739–40).
 
Hume påstod at all kunnskap kjem frå erfaring. Ideen vår om tilhøvet mellom årsak og verknad byggjer på erfaring, ikkje på logikk. Ein kan nemleg ikkje slutte frå korleis eit menneske er, til kva det burde vere. Verken tru eller moral kan grunngivast med fornuft.
 
Av andre verk han gav ut, er Natural History of Religion (1753) og History of England (1754–62).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012