Hopp til innhold
X
Innhald

Denis Diderot

Denis Diderot, 1713–84, var fransk filosof og forfattar. Han var ein av redaktørane for Encyklopedien (1751–80) som samla vitskap i samtida og presenterte ideane til opplysningsfilosofane. Diderot var materialist og ateist, og han skreiv om estetikk. Som skodespelforfattar innførte han det borgarlege dramaet i Frankrike. I dei beste romanane eksperimenterte han med form og innhald. Dei fleste romanane vart gitt ut først etter at han var død: La religieuse, Jacques le fataliste, Le neveu de Rameau.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012