Hopp til innhold
X
Innhald

Edmund Husserl

Edmund Husserl, 1859–1938, var tysk filosof, opphavleg matematikar og naturvitskapsmann. Han grunnla den moderne fenomenologien. Til skilnad frå "faktavitskapar" søkjer fenomenologien å skildre hendingar og handlingar slik dei ter seg, det vil seie særleg å skildre fenomena i den samanhengen dei blir brukte, og vidare avklare strukturane i livsverda. Hovudverket til Husserl er Logische Untersuchungen (1900–01).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012