Hopp til innhold
X
Innhald

Emmanuel Levinas

Emmanuel Levinas, (1906–95), var jødisk filosof, fødd i Litauen, men utvandra til Frankrike. Han var påverka av fenomenologi (Heidegger, Husserl). Hovudtesen til Levinas er at menneskeverda grunnleggjande sett er etisk, og at etikken er før ontologien. Han legg vekt på korleis mennesket blir det det er, i møtet med andletet til den andre. Levinas har mellom anna gitt ut Den annens humanisme (Oslo 1993).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012