Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich Engels

Friedrich Engels, 1820–95, var tysk politisk teoretikar og revolusjonær. Han budde i England frå1870.
 
Saman med Karl Marx, som han hadde eit livslangt samarbeid med, gav han ut mellom anna Det kommunistiske manifest (1848). Etter at Marx var død, heldt Engels fram med å gi ut Das Kapital. Andre verk som han gav ut, var mellom Anti-Dühring (1878), Der Ursprung der Familie, des Privateigentums und des Staates (1884) og Dialektik der Natur (1920, posthumt).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012