Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich Nietzsche

Friedrich Nietzsche, tysk filolog og filosof, ein radikal kritikar av moderniteten. Han kunngjorde at Gud er død, og kravde kompromisslaus omvurdering av alle verdiar.

Friedrich Wilhelm Nietzsche var fødd i Röcken nær Leipzig 15. oktober 1844 og døydde i Weimar 25. august 1900. Etter gymnaset studerte han teologi i Bonn og frå 1865 filologi i Leipzig. Han vart professor i filologi ved Universitetet i Basel i 1869, men på grunn av skrantande helse måtte han gi opp stillinga i 1879. Han flytta til Italia, men etter eit psykisk samanbrot i 1889 kom han tilbake til Tyskland. Resten av livet levde han som pleiepasient.

 

Nietzsche såg at moderniteten fekk tradisjonelle verdiar til å forvitre. Rasjonell tenking trengde religiøse sanningar til sides, og menneska stod tilbake utan noko etisk kompass. Dei måtte orientere seg på nytt, og han meinte at det første steget var å frigjere seg frå den underkuande kristne moralen, som delte menneskenaturen inn i det som er akseptabelt, og det som er uakseptabelt. Fridom var å få leve ut alle sine eigenskapar og sjølv bestemme kva som er rett og rangt. Å ta ansvar for eige liv legg eit stort ansvar på den enkelte, som mange vegrar seg mot. Det trengst sterk vilje for å hevde seg i kamp med andre viljar. Overmenneska har denne viljen til makt, og difor retten til makt.

 

Nietzsche oppfatta seg som eit tidsvitne som varsla at sekulariseringa var i siget, og at ho ikkje kunne stansast. Andre oppfatta han som ein provokatør. Dei mest kjende verka hans er Tragediens fødsel (1872), Slik talte Zarathustra (1883–85) og Hinsides godt og ondt (1886).

 

Moral held menneska nede

Etter Nietzsche sitt syn er moral oppfunnen av dei sterke for å halde dei svake i taumane. Ingen er naturleg god eller vond frå fødselen av, men dei sterke har mot til å utfalde alle sine eigenskapar. Dei ærgjerrige og energiske sin vilje til ta seg til rette gav grunnlag for herremoralen, som gir rett til å herske over andre. I kontrast til herremoralen står slavemoralen, som lærer resten av folket å temje all motstandstrong og tilpasse seg herrefolket. For å fleirtalet til å bøye seg for herskarane vart det skapt religionar som sa at slik måtte det vere, for det hadde Gud bestemt.

 

Prestesonen Nietzsche var særleg kritisk til dei kristne moralnormene, som han hevda dyrka dei svake. I den gamle greske gudelæra var det dei fryktlause som var heltane, Med kristendomen var det dei svake, slavane, sine verdiar som vart gjorde til ideal. Ein god kristen skulle undertrykkje raseri og hemnlyst og vere audmjuk, tolmodig og tilgivande. Nietzsche kalla det eit slaveopprør, der dei veike greidde å gjere seg moralsk overlegne dei sterke. Andre filosofar hadde teke avstand frå kristendomen som trussystem utan å forkaste dei etiske normene. Nietzsche gjekk til åtak på sjølve fundamentet, slavemoralen, som gav dei svake ein helgenglorie og låste dei fast i lydnad og stagnasjon. Dei var som dyr i bur.

 

Han nekta ikkje for at dei svake har ein rettmessig plass i samfunnet, men det er ikkje dei som endrar verda. Slavemoralen fekk dei til å undertrykkje naturleg livsglede og sjølvhevding, han var ikkje pågåande og nyskapande, slik herremoralen var. Kristne verdiar stengde for både individuell og kollektiv vekst, og for Nietzsche var det eit mål å avsløre dei kristne normene som livsfornektande illusjonar.

 

Moderniteten undergrev alle verdiar

Til slutt erklærte han at Gud er død. Det er opplysning som har teke livet av han, ved å gjere han overflødig. Trua på rasjonell tenking fortrengjer trua på ein irrasjonell gud. Dermed raknar grunnmuren i det vestlege verdisystemet. Utan Gud som moralsk lovgivar og øvste dommar må menneska finne mål og meining på andre måtar. Nietzsche såg sekulariseringa kome, og ho kunne ikkje stansast, men han gledde seg ikkje over det gudlause samfunnet. Når menneska skal vere sine eigne gudar, står mange rådville tilbake. Til systera si sa han at vil du vere lukkeleg, så tru, vil du finne sanning, så søk.

 

Sanning er likevel ikkje eit eintydig gode. Ønskjetenking kan tene menneska betre enn fakta. Dessutan veit vi ikkje alltid om sanninga er sann. I Hinsides godt og ondt (1886) skriv Nietzsche at erkjenning byggjer på logisk analyse, men sidan logikken er skapt av språket og den enkelte sin ståstad, er han subjektiv og upåliteleg. Kvifor skal vi då ønskje oss sanning og ikkje like gjerne usanning? spør han. Vitskapen var eit anna tviegga sverd. Han hadde gitt menneska eit betre liv, men samtidig gjort det fattigare, fordi han ikkje tek høgde for menneska sine behov for mytar og fantasiar.

 

Politisk massemobilisering avskreiv han som den farlegaste av alle moderne idear. Massemobilisering bygde på kollektivistisk tenking, som innebar at ingen tenkte. Revolusjon og demokratisering var like skremmande som krig, kapitalisme og kommunisme. Han spådde at massekultur kom til å utkonkurrere høgverdig kultur, og at utdanning for alle ville undergrave det tyske danningsidealet. Han frykta ikkje massane sitt inntog i samfunnslivet fordi dei kunne fortrengje eliten, men fordi dei representerte det middelmåtige, som han forakta.

 

Overmenneske

For Nietzsche var ikkje menneska likeverdige, slik kristendomen påstod. Han meinte at det var klart at somme har betre føresetnader for å utforske livet og forme framtida enn andre, og at samfunnet treng genia og dei uredde. I Slik talte Zarathustra (1883–85) lèt han Zarathustra mane fram biletet av hemningslause og handlekraftige krigarar og hylle livsnytinga og bragdene deira. Dei er sterke individ og naturlege herskarar, dei er overmenneske.

 

I ei tid då Gud er død, treng verda overmenneske som har styrke til å klare seg utan nedarva moral, og til å tole eit liv utan livsløgn. Herremoralen oppmuntrar dei til å tenkje stort og nytt og til å setje seg sjølve i førarsetet. Dei som har vilje til makt, har rett til makt, og rett til å gjere dei andre, undermennska, til tenarar. Undermenneska har ikkje to i seg til å sprengje grenser. Dei er konfliktskye og opptekne av å leve lenge og risikofritt.

 

Biletet av overmennesket er likevel samansett. Vilje til makt inneber vilje til å overvinne sine eigne svake sider og strekkje seg etter å verte den beste utgåva av seg sjølv. Idealet er det frie mennesket, som meistrar livet og tilværet som det er, på godt og vondt, utan draghjelp frå Gud eller andre autoritetar. Vilje til makt er vilje til å forstå seg sjølv og vere aktivt til stades i verda. For Zarathustra er ikkje lukke det viktigaste, men det å handle.

 

I tillegg har Nietzsche eit overordna syn på saka. Dersom det enkelte mennesket kan foredlast, kan også rasen foredlast. Nietzsche var påverka av Darwin, som forstod at alt levande liv har oppstått av enklare former. Slik Darwin viste at mennesket har utvikla seg frå ape til menneske, meinte Nietzsche at mennesket kan utvikle seg vidare til overmenneske.

 

Nietzsche meinte noko om alt, men skifta ofte standpunkt

Den som trur han veit noko om meg, må slutte seg til det motsette, sa Nietzsche. Meiningane hans var vanskelege å fange, for han skifta ofte standpunkt. Han kritiserte alle vedtekne sanningar, også sine eigne. Tenking var ikkje å kome fram til konklusjonar, men å tenkje vidare. Darwin og utviklingslæra var lenge ein berande referanse for han, seinare kritiserte han Darwin for å moralisere, fordi han la for stor vekt på reproduksjon og tilpassing. For Nietzsche var det vekst, ikkje overleving, som galdt. Menneska må ha høgare ambisjonar enn å halde seg i live.

 

Tidleg i studiane var han oppglødd av filosofen Arthur Schopenhauer og hans forståing av tilværet som ein vedvarande kamp mellom viljar. Han delte Schopenhauer sin pessimisme, som sa at det beste er ikkje å vere fødd, for alt er berre gjentaking, og lidinga kan ikkje utryddast. Etter kvart tok han skarp avstand frå Schopenhauer, som han meinte såg altfor negativt på livsviljen. Schopenhauer ville unngå liding, Nietzsche ville seie ja til liding ved å seie ja til livet.

 

Ikkje medynk med menneska, slik Schopenhauer framheva, men kunsten kunne lyfte folk ved å omforme liding til livsvilje. Mest eigna var musikken, og aller mest opera, som spela på sterke kjensler. Han var sjølv musikkunnig og var i mange år nær omgangsven med komponisten Richard Wagner, som han roste for å ha gjenskapt dei greske tragediane. Venskapen tok brått slutt då Wagner hadde premiere på eit av dei store musikkspela sine. Nietzsche klaga over at det mangla kampvilje som kunne oppelde publikum, og skulda Wagner for å redusere operaen til ein utstillingsplass for borgarskapet.

 

Ein tenkjar som inspirerte breitt

Nietzsche ville omvurdere verdiar, ikkje skape nye. Han stiller radikale spørsmål, men gir få svar, og opnar dermed for mange tolkingar. I samtida var han dels upåakta, dels ringeakta for den provoserande stilen sin, men dei sentrale ideane hans vart førte vidare i vitskap og filosofi.

 

Den danske litteraturkritikaren Georg Brandes gjorde Nietzsche kjend i Skandinavia. Forfattarar som Karen Blixen, August Strindberg og Arne Garborg lét seg inspirere av dei uredde tankane hans, og Edvard Munch, som oppfatta seg som åndsfrende av Nietzsche, måla portrett av han.

 

Nietzsche sin påstand om den underkuande slavemoralen var utgangspunkt for Sigmund Freud si nye vitskapsgrein, psykoanalysen. Freud såg at det moderne mennesket er i skvis mellom natur og kultur, og han avdekte korleis menneske kan verte forkrøpla når dei undertrykkjer upassande impulsar som seksualitet og aggresjon.

 

Ideane om det grensesprengjande, amoralske herremennesket sin rett til å råde vart plukka opp av nazistane på 1900-talet. Særleg Viljen til makt (1901), som kom ut etter at Nietzsche var død, gav nazismen eit ideologisk fundament. Dei abstrakte førestillingane om overmenneske og maktvilje vart forenkla og tilpassa nazismen sitt ærend. Ideen om overmennesket vart germanisert, og vilje til makt vart eit argument for vald. Etter verdskrigen har Nietzsche hatt liten politisk innverknad i Europa. Han var ingen demokrat.

 

Moral- og meiningstapet som byrja med opplysningstida, vart endå tydelegare med dei to verdskrigane. Franske eksistensialistar som Jean-Paul Sartre og Albert Camus kjende seg att i Nietzsche sine diagnosar. Det var ingenting å tru på lenger, alle verdiar var trampa i hel. Lingvistar supplerte med å slå fast at også språket er upåliteleg og utan absolutt sanning. Menneska måtte i endå større grad enn før skape si eiga meining i livet.

 

Den resignerte reaksjonen blant eksistensialistane midt på 1900-talet har bleikna, men forvitringa av fellesverdiar og det individualistiske kravet om å vere sjef i eige liv er tydeleg til stades i vestlege samfunn også på 2000-talet.

 

Kjelder

Trond Berg Eriksen: Nietzsche og det moderne. Oslo 1989

Erik Lund, Mogens Pihl og Johannes Sløk: De europeiske ideers historie. Norsk utgåve ved Reidar Marmøy. Oslo 1965

Friedrich Nietzsche: Die Geburt der Tragödie aus dem Geiste der Musik. Omsett til norsk og med innleiing av Arild Haaland: Tragediens fødsel. Oslo 1993

Friedrich Nietzsche: Ecce Homo. Wie man wird, was man ist (1888). Omsett til norsk av Trond Berg Eriksen: Ecce homo. Hvordan man blir det man er. Oslo 1970

 

BBC Radio: Nietzsches Geneology of Morality: http://www.bbc.co.uk/programmes/b087rt4z [lesedato 15.7.2017]

 

Peikarar

NRK TV: Geni i ei moderne tid. Nietzsche 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 22.12.2017