Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich Wilhelm von Schelling

Friedrich Wilhelm von Schelling, 1775–1854, var tysk filosof, men opphavleg teolog. Han såg på tilværet som eit uttrykk for åndeleg verksemd. I verka Ideen zu einer Philosophie der Natur (1797), Von der Weltseele (1798) og Erster Entwurf eines Systems der Naturphilosophie (1799) utvikla han synet sitt på ånda som den usynlege naturen og naturen som den synlege ånda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012