Hopp til innhold
Oljemåleri av Hegel, måla av kunstnaren Jakob Schlesinger (1792–1855) i 1831. Måleriet er stilt ut på Alte Nationalgalerie i Berlin. Måleriet har falle i det fri. Kredit foto av måleri (utsnitt): Marcel Molina Jr., Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Oljemåleri av Hegel, måla av kunstnaren Jakob Schlesinger (1792–1855) i 1831. Måleriet er stilt ut på Alte Nationalgalerie i Berlin. Måleriet har falle i det fri. Kredit foto av måleri (utsnitt): Marcel Molina Jr., Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Georg Wilhelm Friedrich Hegel

Georg Wilhelm Friedrich Hegel, tysk filosof, oppteken av rett, moral og modernitet, søkte allmenne utviklingslover for menneske og samfunn og ville samle all kunnskap i ein heilskapleg teori.

Georg Wilhelm Friedrich Hegel var fødd i Stuttgart 27. august 1770 og døydde i Berlin 14. november 1831. Han studerte teologi i Tübingen og vart magister i filosofi i 1790. Frå 1793 tente han som huslærar, til han i 1801 tok doktorgraden ved universitetet i Jena med ei avhandling om naturfilosofi. Etter nokre år som avisredaktør og rektor vart han professor i filosofi, først ved universitetet i Heidelberg i 1816, deretter ved universitetet i Berlin, frå 1818 til 1831.

Hegel står med éin fot i opplysningstida sitt syn på rasjonalisme og idear som drivkraft i historia. Samtidig er han påverka av romantikken sitt historiesyn, som legg vekt på tradisjonar og kultur.

Det sentrale spørsmålet for Hegel er å forstå kva som skaper historisk utvikling. Utgangspunktet hans er at åndeleg og materiell utvikling går hand i hand. I Åndenes fenomenologi (1807) drøftar han korleis tankane våre vert til gjennom praktiske erfaringar. Det handlande mennesket oppnår innsikt, men innsikta er mellombels, akkurat som den bestemte samfunnsforma ho inngår i. Den dialektiske metoden han utarbeidde, seier at ein tanke eller tilstand alltid møter motstand, og at brytninga mellom det gamle og nye endar i ein syntese. Så startar syklusen på ny, på veg mot eit høgare utviklingsnivå.

I Rettsfilosofien (1821) er temaet fridom og fornuft som vilkår for ein moderne rettsorden. Moralsk fridom er ifølgje Hegel å ha kontroll med eigne impulsar, sosial fridom er å finne seg til rette i verda saman med andre. Fri vilje kan berre utfalde seg innanfor eit fellesskap, for utan sosialt ansvar er den individuelle viljen egoistisk. Det isolerte individet er ufritt, den integrerte borgaren er fri. Ein føresetnad for ein moderne stat er å sørgje for institusjonar som fremjar fridom gjennom fellesskap. Det er dette som gir staten legitimitet. Borgarane veit at det er i deira eiga interesse å følgje samfunnsnormene.

Hegel sin filosofi har vore gjenstand for motstridande tolkingar. Somme ser Hegel som talsmann for individuell fridom, andre meiner at samfunnssynet hans gir argument for totalitære ideologiar.

Filosofi er si tids tankar

Hegel delte Kant si oppfatning av mennesket som fornuftsvesen, med fri vilje og moralsk dømmekraft, men tok avstand frå kunnskapssynet hans. Kant meinte at det var to kjelder til kunnskap. Den eine byggjer på erfaringane vi gjer, og som kan vere grunnlag for tanken. Den andre ligg utanfor det vi kan erfare eller grunngi, og som vi berre må ta for gitt, til dømes førestillingar om tid, rom og gudsomgrep.

Dette todelte kunnskapsgrunnlaget var eit altfor skarpt skilje, meinte Hegel, som oppfatta samfunns- og fornuftsutvikling som eit integrert heile. Ånd og materie inngår i det same krinsløpet, men han gir forrang til ånd som påverkande kraft i historia.

Hegel trur på filosofi som den høgste forma for erkjenning. Kunst og religion er kjelder til refleksjon, og naturvitskapen omformar samfunnet, men filosofien gir den mest foredla forma for innsikt. På den andre sida kan ikkje filosofien skape ny sanning, for filosofen er tilskodar, han analyserer det som er. Filosofen kan heller ikkje gi råd om korleis samfunnet bør vere, for filosofi er tenking, medan politikk er handling.

Filosofien kan derimot seie noko om vilkåra for å leve saman som frie menneske. Moderniteten voks fram i kjølvatnet av vitskap og kapitalisme, protestantisme og revolusjon, som Hegel tolka som frigjerande samfunnsendringar. Menneskeleg fornuft og fridomstrong hadde sprengt religiøse og politiske tvangstrøyer og skapt rom for kreativitet, rikdom og fridom. Difor ønskte Hegel moderniteten hjarteleg velkomen. Samtidig såg han òg at dei individuelle fridomane kunne få dei sosiale banda mellom individa til å rakne.

Fridom er å vere seg sjølv i andre

Hegel skil mellom ulike typar fridom. Den politiske fridomen er fridom frå inngrep og overgrep som krenkjer individet sine naturlege rettar. Dette var mandatet for den passive nattvektarstaten. Den personlege fridomen er individet si evne til å kontrollere eigne impulsar, ei slags sjølvrealisering gjennom sjølvregulering. Den høgaste forma for fridom er den sosiale fridomen. Den kan vi berre oppnå i fellesskap med andre, og denne fridomen må sikrast gjennom samfunnet sine institusjonar, som alle borgarar er underordna.

Fridom er dessutan å meistre dei materielle krava som livet stiller. Frå menneska vart til, har vi overlevd ved å prøve og feile på stadig meir oppfinnsame måtar. Gjennom arbeid utviklar vi våre intellektuelle evner, og di meir vi får til, di større fridom gir det oss.

Samarbeid er ein nødvendig del av det å arbeide, og gjennom samværet med andre utviklar vi moral. Hegel er ueinig med Kant sin påstand om at mennesket i kraft av fornuft kan vere sin eigen moralske lovgivar. Ifølgje Hegel kan ikkje fornufta åleine rettleie oss i moralske spørsmål, for det er berre saman med andre at det er mogleg å skape felles oppfatningar om rett og gale.

Fridom og moral heng saman, for menneska er alltid ein del av eit fellesskap, og det er berre som sosiale vesen at det gir meining å snakke moralske handlingar og reell fridom. Gjennom kollektiv lærdom over tusenvis av år har menneska utvikla moralreglar som gjer det mogleg å leve saman på ein sivilisert måte. Fordi erfaring har vist at nokre normer er gode og formålstenlege, bør dei gjerast universelle, hevdar Hegel. Dermed snur han tvert om på Kant sin tese, som slår fast at fordi nokre normer er universelle, er dei gode.

Verdsånda

Hegel meiner at det er ideane som byggjer verda, som er verda, slik vi kjenner henne. Ideane kallar han ånd og verdsånd, medvit og verdsfornuft, Det absolutte og Gud. Fellesnemnaren er at det er tenkinga som er motor i utviklinga. Tenkinga går frå prøving og feiling til forstand, som er innsikt i empiriske samanhengar, til fornuft, som er uttrykk for refleksjon og er den høgaste forma for medvit. I Åndenes fenomenologi set han seg føre å forklare opphavet til den vestlege moderniteten og ser etter universelle og logiske lover som styrer utviklinga. Dei finn han i dialektikken.

Dialektikken er både ein metode og eit prinsipp. Det er ein måte å tenkje på som seier at utvikling vert til gjennom motsetnader. Ein tese avlar før eller seinare ein antitese, og i konfrontasjonen vert det skapt noko nytt, ein syntese. I naturvitskapen er teoriar sanne til dei vert motsagde av nyare teoriar. Moralreglar er gyldige til dei vert modifiserte av tvil og motførestillingar. Éin religion vert utkonkurrert av ein annan. Evna vår til innsikt er avgrensa, og vurderingane feilbarlege. Difor finst det ingen absolutt kunnskap, alt vert korrigert av nye erfaringar.

Ifølgje Hegel kan det dialektiske prinsippet også forklare historiske hendingar. Eineveldet i Frankrike vart avskaffa gjennom revolusjon, som førte til terrorvelde og nye revolusjonar. Napoleon sitt hærtog i Tyskland fekk både radikale og konservative etterdønningar. Historia går i sirklar, men sirklane går oppover, som ein spiral. Hegel var påverka av opplysningstida sin optimisme og såg verdsånda som forløysar av fridom og fornuft.

Rettsfilosofien

I Rettsfilosofien (1821) drøftar Hegel forholdet mellom fridom og fellesskap, rett og moral, institusjonsbygging og legitimitet. Boka er bygd opp rundt 360 paragrafar og delt inn i livssfærene familie, samfunn og stat. Dette er dei tre hovudformene for menneskelege relasjonar, kvar med sine spenningar, og med den eine som føresetnad for den neste.

Den minste byggjesteinen er familien. Hegel er inspirert av romantikken, som krev kjærleik som motivasjon for ekteskap. Arrangerte ekteskap er han imot, sidan dei er ufrie. Ekteskapet er ikkje primært ein kontrakt, men eit kjenslefellesskap der partane realiserer seg sjølve gjennom den andre. Mannen er like fullt familien sitt overhovud. Om borna seier han at dei må innprentast lydnad, men dei vaksne må vere vare for borna sin vilje. For borna er frie individ, dei høyrer verken til foreldra eller andre.

I førmoderne samfunn var folk bundne av fattigdom og formelle stengsel, i moderne samfunn er dei frie til å følgje eigne ønskje og innfall. Kapitalismen sitt insentiv er å produsere for sal og vinning, og alle kan prøve seg. Behovet for lover veks fram, for om fridomen skal verte reell, trengst det felles spelereglar. I spenningsfeltet mellom eigeninteresse og allmenninteresse veks rettsstaten fram, som eit definerande kjenneteikn ved det moderne samfunnet.

Medan samfunnet er måten vi lever saman på, er staten institusjonane som sørgjer for at det sosiale samlivet er stabilt organisert. Staten er det ypparste vernet av personleg fridom og tryggleik. Det er det som gir statsmakta legitimitet. I førmoderne samfunn var politisk makt rettferdiggjord ved tradisjon og religiøse postulat, den moderne staten har folket som maktprinsipp. Også den moderne staten krev lydnad, men lydnaden er sikra berre så lenge staten forvaltar innbyggjarane sin fridom på ein slik måte at dei ønskjer å lyde.

Hegel gjekk inn for konstitusjonelt monarki, der kongen symboliserer folket, men er bunden av lover. I tillegg skisserer han ei utøvande makt og kimen til representative, lovgivande forsamlingar. Sentralt mellom folk og konge står allmennstanden, det opplyste og upartiske embetsverket.

Tesar og antitesar

Ifølgje Hegels dialektikk rommar alle innsikter si eiga innebygde spenning, som skaper motsetnader og ny innsikt. Slik kan også Hegel sin filosofi sjåast.

Sjølv var han inspirert av Kant, som sette teologien til sides og argumenterte for ein filosofisk basert moral. Samtidig syntest Hegel at Kant si morallære var for abstrakt og universell og la sjølv hovudvekt på kultur og historie som grunnlag for moral.

I samtida opponerte filosofen Schopenhauer mot Hegels fornuftstru og utviklingsoptimisme. For Schopenhauer var utviklinga tilfeldig og meiningslaus, utan samanheng og overordna mål. Den same tvilen og fortvilinga prega eksistensialistiske filosofar etter Hegel.

Den historiske dialektikken hos Hegel vart fanga opp av den revolusjonære Karl Marx, som snudde det heile på hovudet. Hos han var det ikkje verdsånda, men dei materielle produksjonsforholda som dreiv historia framover i ein dialektisk motsetnad mellom samfunnsklasser, med det klasselause samfunnet som endestasjon.

Delar av Hegels rettsfilosofi, som synet på kvinner og forståinga av demokratiet, er farga av Preussen på 1800-talet. Tesane om verdsånda i stadig utvikling hadde ein klar optimisme i seg, men analysen av den moderne staten, som borgarane har eigeninteresse av å vise lydnad, vart fanga opp vrangsnudd av naziregimet på 1900-talet.

I tråd med ein lang filosofisk tradisjon prøvde Hegel å samle all kunnskap i eitt filosofisk byggverk, men etter hans tid delte filosofien seg i nye vitskapar, til dømes sosiologi og statsvitskap, der empiri var viktigare enn erkjenning. Filosofien sjølv vart splitta i særemne som moral, logikk og språk.

Hegel sjølv innsåg det mellombelse ved alt. Han slo fast at kvar tid er ei overgangstid, der ein ny periode vert skapt.

Kjelder

Jonas Jakobsen og Jørgen Pedersen: «Hegel – betingelser for frihet i moderne samfunn», i Jørgen Pedersen (red.): Politisk filosofi. Fra Platon til Hannah Arendt. Oslo 2014

G.W.F. Hegel: Rettsfilosofien, omsett og med kommentarar av Dag Johnsen. Oslo 2006

G.W.F. Hegel: Åndenes fenomenologi, omsett av Jon Elster, Fredrik Engelstad, Thomas Krogh, Thor Inge Rørvik og Dag Østerberg. Innleiing ved Dag Østerberg. Oslo 2009

Gunnar Skirbekk og Nils Gilje: «Hegel – historie og dialektikk», Filosofihistorie. Innføring i europeisk filosofihistorie med særlig vekt på vitenskapshistorie og politisk filosofi. Oslo 2007

Fredrik Arnesen: Frihet og fornuft i Hegels rettsfilosofi, masteroppgåve, NTNU 2009, bibsys.no: https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/242809 [lesedato 25.3.217]

Peikarar

Foredrag ved Dag Johnsen: «Hegels rettsfilosofi har noe å fortelle deg og ungene dine». NRK P2-Akademiet 18.1.2007

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 28.07.2017