Hopp til innhold
X
Innhald

George Berkeley

George Berkeley, 1685–1753, var irsk filosof og biskop av Cloyne, Irland, frå 1734. Han meinte at materialismen som filosofiske teori, måtte forkastast: Tilværet er heilt gjennom åndeleg. Verda er førestellingane eg har om verda. Kvar kjem så det regelbundne i sanseerfaringane våre frå? Frå Gud. Berkeley formulerte tesen esse est percipi (å vere er å bli sansa/oppfatta). Hovudverket hans har tittelen A Treatise concerning the Principles of Human Knowledge.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012