Hopp til innhold
X
Innhald

Giordano Bruno

Giordano Bruno, 1548–1600, var italiensk filosof. Frå 1563 var han medlem av Dominikanarordenen, som han seinare måtte forlate. Bruno påstod at verdsrommet måtte vere uendeleg og at jorda ikkje kunne vere sentrum. Røtene hans i stoisk og nyplatonsk filosofi førte han til eit ikkje-kriste syn på Gud. Bruno vart fengsla av Inkvisisjonen. Etter sju år i fengsel var han brend for kjetteri på Campo dei Fiori i Roma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012