Hopp til innhold
X
Innhald

Giovanni Battista Vico

Giovanni Battista Vico, 1668–1744, var italiensk filosof. Ut frå det synet at det menneska sjølv har skapt og utvikla er best tilgjengeleg for den menneskelege erkjenninga, drog han eit skarpt skilje mellom historie og samfunnsvitskap på den eine sida og naturvitskap på den andre. Hovudverket hans er Principii di una scienza nuova (1725).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012