Hopp til innhold
X
Innhald

Gottfried Wilhelm von Leibniz

Gottfried Wilhelm von Leibniz, 1646–1716, var tysk filosof. Han vart lagd merke til som historikar, teolog, diplomat og jurist, og ikkje minst som matematikar. Uavhengig av Newton fann han til dømes opp infinitesimalrekninga, og saman med Newton var han grunnleggjaren av differensialrekninga. Leibniz var ein av banebrytarane i logikkens historie og grunnleggjar av den matematiske logikken. Mest kjend er han for monadeteorien. Denne teorien seier at verda er bygd opp av eit uendeleg tal sjølvstendige monadar, med Gud som den høgaste monaden og menneskesjela som sentralmonaden i kroppens kompleks av monadar.
 
Leibniz gav ut ei rekkje store filosofiske verk, mellom anna De arte combinatoria (1666), som òg var banebrytande på logikkområdet, Système nouveau de la nature (1695) og Essais de Théodicée (1710), La Monadologie (1714). Leibniz' formel er ein formel i differensialrekninga for å rekne ut den n'te deriverte til eit produkt av to funksjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012