Hopp til innhold
X
Innhald

Gottlob Frege

Gottlob Frege, 1848–1925, var tysk filosof og matematikar, og ein av grunnleggjarane av moderne symbolsk logikk. Frege underviste i Jena, og han skreiv om logikkens, matematikkens og språkets filosofi. Han gav mellom anna ut verka Aritmetikkens grunnlag (1884) og Aritmetikkens grunnleggende lover (1893). Frege hadde stor påverknad på Bertrand Russell.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012